Les utdrag fra Kjartan Fløgstads nye roman

«Mot nord»

LANG TIDSLINJE: Kjartan Fløgstads nye roman strekker seg fra den spanske borgerkrigen og forbi vår tid. I dette utdraget følger vi en av hovedpersonene på veien fra Spania til gruvebyen Norilsk ved Nordishavet. Foto: THOMAS HAUGERSVEEN
LANG TIDSLINJE: Kjartan Fløgstads nye roman strekker seg fra den spanske borgerkrigen og forbi vår tid. I dette utdraget følger vi en av hovedpersonene på veien fra Spania til gruvebyen Norilsk ved Nordishavet. Foto: THOMAS HAUGERSVEEN Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

• Les intervju med Kjartan Fløgstad her.

Elvehamna Krasnojarsk er strategisk plassert ved breidda av Jenisej, mellom Novosibirsk og Irkutsk langs den transsibiriske jernbanen. Gjennom heile den lange vinteren ligg elveflåten innefrosen i vinterhamna. Berre nokre korte sommarmånader er elva farbar to og eit halvt tusen kilometer ned til Dikson ved Karahavet, og til Dudinka, som er djupvasshamna til gruvebyen Norilsk og industrikombinatet Norlag, ti mil unna. Isbrotet går vanlegvis i slutten av mai. Då fløymer elva over sine breidder, feiar ferskvassisen med seg til havs, før den fell tilbake i sitt normale leie, og opnar vassvegen heilt ut til Dikson og vidare mot den store verda. Ute i Karahavet smeltar ferskvassisen, blandar seg med sjøvatnet og blir borte, havet ligg grønt av plankton.

Med hovudet på skakke og kinnet på rekka sto Epifanio Neander på øverste dekk og gløtta vekselvis ned i kjølvatnet og opp på styrmannen, som fortalde og forklarte, på russisk, men med ein merkeleg aksent. Denne andrestyrmannen var ei vennleg kjempe av ein mann, som la handa på skuldra til Epi og peika ut leia nedover elva. Han hadde stilig uniform med raud stjerne i lua og bedyra at nei, nei, nei, han var ikkje russar. Slett ikkje. Tvert om var han tsjetsjenar, og dersom Epi syntest han snakka rart, var det dét som var grunnen. Sjølv hadde han aldri navigert lenger opp enn til Krasnojarsk, men han hadde høyrt at oppe i det øvre løpet, langt inne i Sentral-Asia, smalnar Jenisej slik at den går i foss og i stryk. Om det stemmer, er ikkje godt å seia, men alt på høgd med Krasnojarsk har elva vida seg ut slik at det er eit par kilometer frå den eine breidda til den andre. Jenisej er det femte største vassdraget i verda, og blir meir og meir majestetisk etter som den skrid vidare mot havet, utan fossestryk og kvitt vatn. Ved Dudinka ser du så vidt land på den andre sida. Det kan eg lova deg. Og då er det framleis langt igjen til ope hav. Medstraums gjer ein reisa Krasnojarsk—Dudinka på ein fire—fem døgn, medan ein må rekna to eller tre døgn til på turen oppover mot straumen. Bortsett frå nokre smale stigar og primitive vegar på vestsida finst det verken bilveg eller jernbane som knyter Norilsk til resten av fastlandet. Bortsett frå flyet var båttrafikk einaste kontakten med omverda.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer