Levande poesi

Dei beste dikta skapar spenning på mange plan.

BOK: Denne diktsamlinga vert løfta estetisk av vakre små insektvibrerande teikningar av Jan Groth. Dikta har sterke innslag av surrealisme, og her er referansar til kulturhistoriske personar som Gertrude Stein, Ezra Pound, Giacometti og Cocteau. Det går an å trekkja ein tråd frå Ekeløf også inn i denne boka.

Klare bilete

I «Historien om fotografiet» og «Avbildning» er Moe-Repstad på sitt beste. Dei klare bileta, viljen til refleksjon og den inderlege tonen er styrken, medan veikskapen elles i boka kan vera generelle utsegner og det at limen mellom elementa i dikta kan vera i svakaste laget.

At sanninga er ein konstruksjon, er opplagt, men andre stadar kan innhaldet tendera mot det private.

«Det er bare restene av østlig sang, / og en formel for død som har forandra det ubevisste.» Dette er dikting som prøver ut kor mykje samansetningane av uventa og uvanlege ord kan bera med seg av assosiasjonar og innhald. Av og til er det meir enn nok, og av og til er det for lite.

«April har et hardt forhold til språket, / og du kan hevde at denne hardheten / er en politisering av skriften...».

Psykisk spenning

Når det logiske vert pressa ut over grensene for kva det kan bera, koplar ein inn andre delar av medvitet, assosiasjonar, formmessige sider ved språket. Og best blir det vel når teksten oppstår ut frå eigne lovar, og ved at sterkt formidla, sansa bilete blandar seg med umedvitne impulsar som får teksten til å gjera sprang frå eit område til eit anna, og ladar teksten med psykisk spenning. Då vert det overført noko meir og anna enn konstruerte linjer og rare, uvante bilete. Eg «forstår» ikkje desse dikta, men eg opplever eit merkeleg poetisk grep om tinga som til tider er både forførande og vakkert.