Liberalaren Sponheim

MED UNNTAK

av mindretalsgrupperingar i Frp, KrF og SV baserer alle seriøse norske parti seg på eit sosialliberalt tankegods. Om ein lurer på kva for parti som faktisk fører ein meir eller mindre liberal politikk i Noreg, vert det meir presist å studere politikken til partia på konkrete og avgrensa saksfelt innanfor den generelle sosialliberale konsensusen.

Eit vesentleg og brennaktuelt saksfelt om ein liberal kjerneverdi gjeld korleis dei ulike partia stiller seg til vernet av ytringsfridomen. Debatten om nytt grunnlovsvern av ytringsfridom gjev ein peikepinn på kva for parti som fører ein liberal politikk og kva for parti som ikkje gjer det, relativt sett.

VENSTRELEIAR

Lars Sponheim påstår i Dagbladet 9. august at Venstre generelt er sosialliberalt medan til dømes Arbeidarpartiet ikkje er det, slik han ser det. Dette meiner eg er å misbruke liberalismeomgrepet. Når det gjeld saka om ytringsfridom er jo realiteten at Venstre er mellom partia som støttar det mest restriktive grunnlovsforslaget medan det forslaget som er mest prega av tillit til den offentlege samtalen og til det sivile samfunnet, vert støtta av Ap og Frp. I denne svært viktige saka er Ap uomtvisteleg meir liberalt enn Venstre. Såleis meiner eg at før Lars Sponheim slår seg på brystet som god liberalar neste gong, bør han ha endra partiets innstilling frå det eine til det andre forslaget om ytringsfridom. Elles får han jekke seg ned som liberalar. Å seie ein ting og gjere ein annan øydelegg for den politiske debatten.