Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Liberalismen er radikal

I Noreg blir ideologiske omgrep oftast nytta som skjellsord.

I NOREG BLIR ideologiske omgrep oftare nytta som skjellsord retta mot motstandarar, enn som ei skildring av eige idégrunnlag. Høgresida kallar venstresida sosialistar oftare enn sosialistane nyttar ordet om seg sjølve, og venstresida nyttar ordet liberalisme meir eller mindre som ei generell skildring av alt dei er i mot. Denne praksisen inviterer ikkje akkurat til dei gode debattane om dei idemessige nyansane i norsk politikk. Det er kanskje mangelen på slike debattar som er grunnen til at ideologiane har mista mykje av si meining i Noreg. Det er kanskje også derfor at Truls Frogner i Dagbladet 3. januar etterlyser radikalismen i norsk politikk, og samstundes konkluderer med at «å erklære seg som sosialist, konservativ eller liberal i dag er en intellektuell måte å vise sin dumhet på.» Når Svein Tuastad og Bård Vegar Solhjell frå SV utvekslar polemiske sverdslag med Unge Høgre om eigarskapen til liberalismen, så må vi også vedgå at Frogner har eit poeng. Men å erklære ideologiane sin død er forhasta.

ØNSKET OM Å lausrive seg frå eksisterande institusjonar og utopiske visjonar har eit ideologisk namn, og det namnet er liberalisme. Liberalisme er ikkje eit vagt honnørord som står fritt til disposisjon for marknadskåte ungkonservative og opprørske pop-sosialistar. Liberalismen er eit sjølvstendig politisk alternativ som må definerast uavhengig av andre ideologiar. Den sosialistiske venstresida har klart å knyte ordet liberalisme til det Kåre Willoch treffande kallar for «rovdyrkapitalisme.» Men ingen stad høyrer dei som går over lik for eigen profitt dårlegare heime enn blant dei liberale. Liberalismen starta riktig nok ein gong med overdriven tru på marknaden, i eit tid då fåmannsveldet sine sjølvhevdande og klønete marknadsreguleringar haldt ei klam hand over samfunnsutviklinga. Men sjølv om liberalistane sigra over konge, aristokrati og embetsmenn, så stoppa dei ikkje der. Liberalismen evnar å utvikle seg med samfunnet.

Liberalismen sitt mål er å tøyle makta elitane har over enkeltmenneska, anten det er ein embetselite, ein kapitalelite eller ein politisk elite. Elitane i samfunnet er i stadig forandring, og difor er liberalismen også det. Når dei som har mykje ressursar uhindra kan nytte desse til å undertrykkje dei som har lite eller ingenting, så er ikkje dette eit mindre overgrep mot individet sin fridom enn om ein allmektig stat gjer det same. Det var dei liberale som først kjempa for arbeidarrettane, for gratis utdanning for alle, og for å gje alle borgarar dei same politiske rettane. Fridom er meir enn fridom frå skattar, avgifter og offentlege inngrep.

FRIDOM ER EIT ord som gjer seg så godt i politiske festtaler, at det knapt er noko ideretning som ikkje har knytt det til seg på ein eller annan måte. Spørsmålet er kva ein skal vere fri frå, og kva ein skal vere fri til. Medan rovdyrkapitalismen legg vekt på fridom frå skattar og offentlege inngrep, fokuserer sosialistane på fridom frå økonomiske ulikskapar. For liberalismen er målet fridomen til å skape sitt eige liv. Offentlege inngrep og økonomiske ulikskapar er først eit problem når det hindrar menneske i å leve det livet som gjev dei meining.

Når ord som fridom og likskap blir tekne i bruk i ideologiske debattar kan det virke svevande og verkelegheitsfjernt. Men når politikarar sluttar å ha eit medvite forhold til slike grunnleggande verdiar, så kjem den kvelande verdipragmatismen, som til dømes gjer det mogleg for framståande intellektuelle i USA å argumentere for bruk av tortur i «krigen mot terror.»

LIBERALISMEN TILBYR ikkje noko flatpakka IKEA-samfunn. Liberalismen er ein modig og nyskapande ideologi som heile tida ser med opne og kritiske auge på verda rundt seg. Derfor er liberalismen radikal. Venstre er det radikale alternativet Truls Frogner etterlyser. Venstre er partiet som tør å sette radikale velferdsreformer som borgarløn på dagsordenen. Det er partiet som vil opne grensene for arbeidarar frå den fattige delen av verda og gje dei tilgang til vår arbeidsmarknad. Det er partiet som ser framtida sine arbeidsplassar i bedrifter som ikkje er starta enda, heller enn å tvihalde på gamle næringsstrukturar som tida har flydd forbi. Og Venstre har aldri vore knytt til verken nærings- eller fagorganisasjonar. Kanskje har Frogner rett i at radikalismen står svakt i det norske folk - at rikdomen har gjort oss for bortskjemde og late til å opne auga våre for dei samfunnsomveltande løysingane. Då har han også rett i at nokon må gå føre i ukjent terreng. Då treng vi ei rørsle som ikkje byggjer på eit fleirtal, men som får fleire til å følgje seg. Vi ønskjer han lukke til med å finne desse radikalarane i Noreg. Vi foreslår at han byrjar med å leite i Venstre.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media