KOMMENTARER

Lidende ledere

Forsvarsministeren ville protestera mot framande ubåtar med flaskepost.

SV-SYKIST: Korfor ikkje ta den heilt ut og lova medvind på alle sykkelstiar, Heikki Holmås? Foto: Heiko Junge / NTB Scanpix
SV-SYKIST: Korfor ikkje ta den heilt ut og lova medvind på alle sykkelstiar, Heikki Holmås? Foto: Heiko Junge / NTB Scanpix Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Interne kommentarer: Dette er en kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribentens holdning.
Publisert
Sist oppdatert

DENNE VEKA har svenskane leita etter ein framand ubåt i Stockholms skärgård. Utan hell eller whisky on the rocks. Det er för jäkligt. Russarane er sjølsagt under mistanke, men det er farlig å selja skinnet før bjørnen er skoten. Den udødelige replikken om denslags er av veterinær Johan Kleppe (V) frå Bjørnskinn, som var forsvarsminister i Lars Korvalds post-nei-til-EF-regjering (1972-73). Då blei det jakta med skarpt på ein ubåt ved slagstaden Fimreite i Sognefjorden. Ingenting blei funne - verken ubåtar, kvalar eller makrellstimar. På pågåande spørsmål om korfor han ikkje hadde sendt ei skarp protestnote mot denne grove krenkinga av norsk territorialfarvatn, svarte statsråd Kleppe: «Kor skull' vi send den? Skull' vi bruk flaskpost?»

DEN BLÅ-BLÅ regjeringas sjølerklærte førstelskar, den grøne Trine Skei Grande, er i eit politisk arrangert fornuftsekteskap, men har late som om det var basert på tillit og kjærleik. Nå tvilar ho på truskapen i samlivet, for klimaet er dårlig. Avtalen og hopehavet frå Nydalen er blitt meir av ei ramme om kjøp og sal av saker, budsjettpostar og tenester. Slikt plar elles heita prostitusjon. Men så har då også Venstre stått saman med regjeringa for å oppheva sexkjøp-lova.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer