LIKELØNN: Likelønnskampen kjempast for begge kjønn – alle dei med høgare utdanning tilsett i dei kvinnedominerte yrka i offentleg sektor, skriver Unio-sjef Ragnhild Lied.  Foto: Øistein Norum Monsen / Dagbladet
LIKELØNN: Likelønnskampen kjempast for begge kjønn – alle dei med høgare utdanning tilsett i dei kvinnedominerte yrka i offentleg sektor, skriver Unio-sjef Ragnhild Lied.  Foto: Øistein Norum Monsen / DagbladetVis mer

Debatt: Likelønn og likestilling

Likelønnskampen kjempast for begge kjønn

Når eg snakkar om likelønn, gjer eg det sjølvsagt for både kvinner og menn i dei kvinnedominerte yrka i offentleg sektor.

Meninger

Sveinung Vikne Knutsen, leiar for Debattkomiteen ved Studentersamfunnet i Bergen, kjem i eit innlegg i Dagbladet 21. oktober med kritikk av ein kronikk eg hadde i Dagbladet på likelønnsdagen som Unio markerte rundt om i landet 17. oktober. Eg er glad for at menn hiv seg inn i likelønnsdebatten, men i denne saka er det behov for nokre oppklaringar.

Knutsen meiner det er retorisk uærleg av meg, og hovudorganisasjonen Unio, å ta utgangspunkt i at dei med inntil fire års høgare utdanning og tilsett i kvinnedominert yrke i offentleg sektor, tener 79,4 prosent av det dei med tilsvarande utdanning som jobbar i privat sektor gjer.

Dette er litt underleg med tanke på at Knutsen sjølv skriv i sitt innlegg: «Det er nemlig ikke et spørsmål om kjønn. Det er et spørsmål om rettferdig verdsetting av utdanning og samfunnsnyttig arbeid.»

Det er nettopp det som er eit sentralt poeng. I min kronikk peiker eg på den verdsettingsdiskrimineringa som alle dei tilsette i kvinnedominerte yrker i offentleg sektor er utsett for. Uansett om dei er kvinner eller menn. Jobbar du som lærar, sjukepleiar, barnehagehagelærar, så vil du oppleve at utdanninga di er mindre verd enn om du hadde vald deg ei utdanning for dei tradisjonelle mannsyrka.

Knutsen skriv vidare: «Problemet med måten Lied snakker om likelønn på, er at de framstiller det som om kvinner får dårligere lønn enn menn fordi de er kvinner. Det er simpelten feil.» Det er nok ikkje heilt feil.

Om vi til dømes ser på BIs årlege arbeidsmarknadsundersøking kjem det fram at menn tener 10,4 prosent meir enn kvinner etter avslutta bachelorutdanning. Men Knutsen har rett i at i Noreg tener kvinner og menn i offentleg sektor det same. Dersom dei har same stilling og gjer same jobb med same ansvar.

Eg blir også skulda for å opptre «lite inkluderende ovenfor de mennene som tross alt jobber i omsorgsyrker, og som sliter med de samme dårlige rammevilkårene som sine kvinnelige kollegaer.»

Dette er ei merkeleg anklage. Når eg snakkar om likelønn, gjer eg det sjølvsagt for både kvinner og menn i dei kvinnedominerte yrka i offentleg sektor.

Og eg skriv jo nettopp i min kronikk følgjande: «Noreg står framfor store utfordringar når det gjeld framtidig yrkesdeltaking, og utfordringane med rekruttering til helse- og omsorgssektoren og utdanningssektoren er store. Lønn er det viktigaste verkemiddelet for å lokke dei unge til å utdanne seg til desse yrka. Og aller helst skulle vi ha sett fleire menn i barnehagane, på skulane og i helseinstitusjonane. Likelønn er velferdsstatens redningsplanke i ei tid der rekrutteringsproblem i mange yrke kan føre til nedbygging av sentrale velferdsgode.»

Likelønnskampen kjempast for begge kjønn – alle dei med høgare utdanning tilsett i dei kvinnedominerte yrka i offentleg sektor.