Liker ikke Leo i 3D

- Film blir ikkje nødvendigvis betre dess meir sensasjonelt verkeleg den verker, mener Synnøve Macody Lund.

SPALTIST: Synnøve Macody Lund skriver i Dagbladet Premiere hver fjerde uke. Foto: Øistein Norum Monsen / DAGBLADET
SPALTIST: Synnøve Macody Lund skriver i Dagbladet Premiere hver fjerde uke. Foto: Øistein Norum Monsen / DAGBLADETVis mer

Eg hadde gleda meg vilt til The Great Gatsby heilt sidan traileren lova gigantisk storytelling akkompagnert av Jack White. Ikkje ein gong opplysninga om at filmen var i 3D svekka håpet. Kanskje det funker denne gongen, tenkte eg.

Kanskje er det denne filmen som skal fri meg frå kjensla av at 3D-effekten ikkje tilfører filmopplevinga anna enn spektakulære avsporingar frå det som eigentleg skal forteljast.

To og ein halv time seinare, i det Gatsby tek eit skot i brystet og kastast bakover mot marmorbassenget på Matrix-vis, har han eit blikk som tilseier at han ikkje forstår heilt kva som beit han.

Og det samme kjenner eg. Ups. No er den «store» historia om Gatsby ferdig. Og eg kunne ikkje brydd meg mindre.

3D-effekten funker heilt greit i actionfilmar som Iron Man eller en barnefilm der plotet er lett fordøyeleg. Men i adapsjonen av ein romanklassikar vert effekten ein digital tryllekunstnar som på død og liv skal trikse til kvar scene. Tryllingen er diverre så spektakulær at vi ikkje trur heilt på det vi ser.

Alle veit at film er etterlikning, framstilling. Noko vi skal leve oss inn i. Ikkje i. Film blir ikkje nødvendigvis betre dess meir sensasjonelt verkeleg den verker. Eg treng ikkje føle at eg befinn meg i same rom som Leonardo Di Caprio for å gripast av The Great Gatsbys historie.

Nettopp difor forstår eg ikkje poenget. 3D-effektens insisterande oppvisning i virkelighet gjer meg berre meir merksam på filmens kunstighet. Og kanskje er det nettopp i dette, at vi med 3D tvingest for langt inn, ikkje i filmforteljinga, men i det sceniske rommet. At dess likare det filmatiske rommet vert vårt fysiske, dess mindre treng vi som publikum å investere av oss sjølv? Dess meir i filmen vi er, dess mindre treng vi leve oss inn? 3D-filmen formeleg strekk seg mot meg, inviterer meg, vil og gir for mykje. Mens eg gir mindre.

Det første glimtet ein får sjå av Leonardo Di Caprio som The Great Gatsby er filma bakfrå, der han med skjelvande hand freister gripe det flimrande lyset frå ei grøn fyrlykt på den andre sida av bukta - ved huset der kvinna han elsker bur.

Han vert skildra som eit menneske med oppsiktsvekkande evne for håp, innlevelse og tru på at ein kan forme si eiga historie. Kanskje ikkje så ulikt oss publikumarar i kinosalen...

Dagbladets nye spaltist Synnøve Macody Lund er filmkritiker og skuespiller. Hun skriver i Dagbladet Premiere hver fjerde uke.
Les Ulrik Imtiaz Rolfsens spalte fra forrige uke her.

DEN STORE GATSBY: Baz Luhrmanns film, med Leonardo DiCaprio som Gatsby og Carey Mulligan som Daisy, er i 3D - til artikkelforfatterens fortvilelse. Foto: SF Norge/Filmweb
DEN STORE GATSBY: Baz Luhrmanns film, med Leonardo DiCaprio som Gatsby og Carey Mulligan som Daisy, er i 3D - til artikkelforfatterens fortvilelse. Foto: SF Norge/Filmweb Vis mer