Likestilt til å delta

kvinnelig verneplikt: I Dagbladet 8. august kritiserar Birgit Brock-Utne og Gunnar Garbo regjeringa sine planar om å utgreie spørsmålet om verneplikt også for kvinner. Dei stiller seg svært kritiske til forsvarsministeren sine likestillingspolitiske argument for auka kvinneandel, og er særleg kritiske til argumentet om internasjonale forpliktingar gjennom FN.

Brock-Utne og Garbo hevdar at forsvarsministeren misbrukar FNs Sikkerheitsrådresolusjon 1325 om kvinner, fred og sikkerheit når ho påstår at Norge gjennom denne resolusjonen har forplikta seg til å auke talet på kvinner i forsvaret. For resolusjonen «sier ikke et kvekk om at kvinner bør bli pålagt verneplikt eller bedt om å delta i militære kamper sammen med menn».

Eg vil påstå at forsvarsministeren er på trygg grunn når ho nyttar argumentet om internasjonale forpliktingar, og eg skal kort skissere kvifor.

Hovudføremålet med resolusjonen er å få medlemsstatane i FN til å ta opp i seg at krigar og konfliktar berører kvinner og menn ulikt. Dette må få konsekvensar for korleis vi analyserar, planlegg og set i verk tiltak. Resolusjonen peikar på behovet for kvinner si likestilte deltaking i heile spekteret av tiltak for fred og sikkerheit. I FN-samanheng omfattar dette også fredsoperasjonar – og i ytterste konsekvens invasjonsstyrkar.

FN-dokument som Resolusjon 1325 kan lesast og tolkast på mange ulike måtar – også direkte feil. Brock-Utne og Garbo viser til at «Den (resolusjonen) krever også at kvinner skal få større innflytelse på FNs feltarbeid, særlig som observatører, politifolk og i arbeid med humanitære og menneskerettslige saker». Forfattarane overser at det i resolusjonsteksten ikkje står «FNs feltarbeid» men «FNs feltbaserte operasjoner» og at det ikkje står« særlig som obervatører ...» men «særlig som militarobservatører …» (mi utheving).

Det er altså ikkje tvil om at Resolusjon 1325 dekker den type tiltak for fred og sikkerheit som også inkluderar militære komponentar.

Resolusjon 1325 bygger på tidlegare FN-dokument som Windhoek-deklarasjonen og Namibia-handlingsplanen (begge frå 2000). I sistnemnde dokument står det at medlemsstatane bør oppmodast til å auke talet på kvinner i sine militære og politistyrkar, slik at meir kvinneleg personell kan bli sendt ut i fredsoperasjonar. For å nå dette målet må det utviklast langtidsplanar/-strategiar. Det er likevel opp til den enkelte medlemsstat å velje verkemiddel. For Norge sin del kan innføring av kjønnsnøytral verneplikt vere eit av fleire aktuelle verkemiddel.

Brock-Utne og Garbo si avvisning av at det umogleg kan vere i kvinnene si interesse å bli likestilt til å føre krig er ei grovt, generaliserande antaking om norske kvinners ønskjer og interesser. I dag ser mange kvinner på forsvaret som ein interessant arbeidsplass med spennande karrieremoglegheiter. Korleis skal ein elles tolke at 7000 unge kvinner i år takka ja til å stille på sesjon – frivillig?