MINISTER: Sylvi Listhaug på en gresk-norsk konferanse om flyktningkrisa i Aten denne uka. Foto: Øistein Norum Monsen / Dagbladet
MINISTER: Sylvi Listhaug på en gresk-norsk konferanse om flyktningkrisa i Aten denne uka. Foto: Øistein Norum Monsen / DagbladetVis mer

Listhaug kjem til sine eigne

Sylvi Listhaug skal på turné til karismatiske og fundamentalistiske organisasjonar og sekter kring om i landet. Eller på stemmefiske i vassdraga der partiet «De kristne» vakar, som det òg heiter.

Meninger

Dette er i det segmentet som hevdar at KrF er altfor radikale.

Ikkje rart at Listhaug tar friminutt i kyrkjelydar som opnar famnen for henne og trykkjer henne til sitt bryst. Ministeren kjenner seg ikkje lenger heime i Den Norske Kyrkja. «Reine sosialistreiret,» i fylgje henne.

For så vidt ikkje overraskande at Listhaug hevdar det. Allereie i 2009 åtvara ho mot at venstresida var i ferd med å rasere kyrkja. I hennar hovud er omtrent alle til venstre for Erna Solberg, sosialistar. Hadde Jesus delteke i dagens samfunnsdebatt, hadde ho heilt sikkert kalla han òg sosialist.

Sylvi Listhaug har sterk appell blant gamaltestamentlege. Mange av dei føler at dei vandrar i dødsskuggens dal. Forsvarslause og fullstendig overkøyrde av sosialistar og andre liberale som er freidige nok til å kalle seg kristne. «Kyrkja er på kollisjonskurs med Bibelen,» blei det nettopp hevda i ein kommentar til at homofile skal få lov å gifte seg der.

Det ultimate provet på total moralsk kollaps og eit bakhaldsåtak på det heilage ekteskapet og kjernefamilien.

No har riktignok Frp òg sagt ja til likekjønna ekteskap, så sosialistgifta spreier seg overalt. Det vanskelegaste for desse bibeltru er å måtte ha Jesus på laget. Irriterande fyr, han der, med alt dette snakket sitt om solidaritet. «Alt det du har gjort mot ein av desse mine minste små, det har du og gjort imot meg,» sa han. «Elsk din neste som deg sjølv,» sa han. «For den som bankar på, skal det lukkast opp,» sa han. Det er så ein stakkars fundamentalist kan få lyst å ekskludere heile Jesusen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Då dukkar ho plutseleg opp i himmelsjå. Frelsarinna. Sjølvaste Sylvi. Rett kvinne til rett tid. Det at ho er kvinne er for så vidt ikkje heilt rett. Litt kollisjonskurs med Bibelen dette òg. Det står skrive at kvinner skal teie i forsamlingar. Men pyttsann. Berre å feie det under teppet. Som irriterande støv.

For ho er ljoset dei treng i håpløysa og myrkret. Ho er den som i klartekst seier det alle desse siste heilage tenkjer: «Nestekjærleik er godheitstyranni!» Og ho nøler ikkje med å slengje døra i fjeset på dei minste små som bankar på. Dermed tek ho på seg skulda for å avskilte det Jesus stod for.

Då Listhaug proklamerte at ho skal turnere i karismatiske sekter, blei det hallelujakorstemning i kommentarfeltet til den offisielle fjesbok-sida hennar. «Berre du kan få oss bort frå kanten av stupet,» skriv dei. «Berre du kan hindre at nordmenn blir i mindretal i Noreg.»  «Berre du kan berge korset i det norske flagget». «Takk for at du står opp mot dei andre partia. Dei som vil åpne grensene for alle som vil inn her.» «Du skal bli vår neste partileiar og statsminister.» «Vi ber for deg,» seier dei.

«Sylvi Jesusine Listhaug,» seier eg. Ei frelsarinna er oss fødd. Turnèen til Listhaug blir reine signingsferda. Ho har flugepapireffekt på det ytterste høgre. Både det politiske og det religiøse. Det såg vi då det var støttedemonstrasjon for henne utanfor Stortinget i vår. Heile det høgreekstreme miljøet var representert. Ei støtte ho ser ut til å vere ytterst komfortabel med. Og vi ser det tydeleg no.

Dei som er imot kvinnelege prestar, dei som meiner at kvinna sin plass er i heimen, dei som alltid har meint at kvinner ikkje har noko i politikken å gjere, kastar alle prinsipp over bord og strør palemblad framfor føtene hennar. Samtidig som Listhaug har ein samlande effekt på ytterste høgre fløy, er det ikkje ein einaste norsk politikar som er så splittande. Sånn sett er det noko donaldtrumpsk over henne. Bodskapen og politikken hennar blir oppfatta som så provoserande, kald, kynisk, inhuman og ekstrem at store delar av det norske folk legg henne for hat.

Ho er ein politikar det er umuleg å vere likegyldig til. Ho er òg i ferd med heilt å ta luven frå dei andre markante politikarane i Frp. Siv Jensen har murt seg inne med debit og kredit. Når ho ein sjeldan gong stikk hovudet fram og snakkar med innestemme om økonomi, er det knapt nokon som legg merke til det.

Per Sandberg prøver, det skal han ha, men som fiskeriminister kan han ikkje lenger opptre i fri dressur. Og ein neddempa Sandberg blir ein bleik og blaut versjon av han sjølv. Tybring-Gjedde har innteke ei meir tilbaketrekt rolle, så han får ikkje lenger dei feite overskriftene. Og Carl I Hagen er for lengst plassert i eit horn på veggen.

Ikkje slik med Listhaug. Alt ho seier, blir applaudert av dei frelste. Kritikk av henne er ikkje kritikk, men rein mobbing. Når nokon påpeikar at Listhaug ikkje har tru på unge asylsøkjarar, at ho hevdar at mange av dei som drøymer om utdanning og karriere ikkje vil klare det, at dei lett kan bli kriminelle i staden, ja, då er det ikkje Listhaug det er noko i vegen med. «For det har ho ikkje sagt! Nemleg.» Det er berre sosialistar som prøver å sverte henne.  

Det er underleg å vere vitne til korleis inekskluderingsministeren nesten blir heilagforklara av dei rettruande; dei som har sett ljoset. Då Jesus kom til sine eigne, tok dei ikkje imot han. Når Listhaug legg ut på turnè til sine eigne, tek dei heilt sikkert imot henne. Same kor mykje kvinne ho er.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook