ETTER SOLFORMØRKELSEN: Trygve Slagsvold Vedum smiler og skin så sterkt at ikkje eingong Ola Borten Moe klarer å kasta skugge. Foto: Jan Kåre Ness / NTB Scanpix
ETTER SOLFORMØRKELSEN: Trygve Slagsvold Vedum smiler og skin så sterkt at ikkje eingong Ola Borten Moe klarer å kasta skugge. Foto: Jan Kåre Ness / NTB ScanpixVis mer

Listige krigarar

Solformørkelsen er over i Senterpartiet.

Kommentar

DENNE VEKA ga den katolske kyrkja i Norge seg sjøl absolusjon. Med fleire advokatar og spin-doktor Hans Geelmuyden som korgutar. Nå må norske statsbyråkratar, heidningar og skattebetalarar stålsetta seg og begripa at Romas rett og Pavens menn står over Statens sendebod i Oslo og Akershus, fylkesmann Valgerd Svarstad Haugland.

FREDSNASJONEN skal snart ha soldatar på plass i Irak, slik at dei kan læra opp regjeringsstyrkane og sjia-militsen til å hemna seg betre på sunniane i den islamske staten i Saddam Hussains heimby. På heimlig grunn er det barfrost og oppvarma krig. I Finnmark slår vikingane seg saman, og krigsropet gjallar over sidene i Aftenposten og sendeflatene i NRK. Det militær-industrielle komplekset skjerpar seg. Kong Harald har vore i Australia for å selja dødelige norske våpen som bevarer arbeidsplassane på Kongsberg. Kronprinsen vil ikkje fornærma piskarane i Saudi-Arabia, som kjøper stadig meir våpen frå Norge. Det er slikt vi har monarkiet til i ein fredsnasjon.

NORGE BOMBA mest og best då vi dreiv valkampanje for Jens Stoltenberg i Libya. Vår mann i NATO og OTANs mann i Norge held fram med sitt oppdrag som omreisande tiggar for å få fattige land i Europa til å bruka meir pengar på opprusting. Det er jo jobbinstruksen frå Pentagon. Og så må det bli slutt på det anti-amerikanske og NATO-fiendtlige moldvarparbeidet  for å forby atomvåpen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

RETTELSE: Sist lørdag kom denne spalta i skade for å bruka namnet Strangelove på NATOs militære øvstkommanderande. Beklagar. Han heiter Philip Breedlove.  Men tilfeldig? Neppe.

KLASSEKAMPEN har ei fortid som talerør for væpna revolusjon mot borgarskapet og folkekrig mot USA og Sovjet-imperialismen. Nå er redaktør Bjørgulv Braanen, i si tid kåra til landets sjuande fremste intellektuelle, like forsvarsvennlig som hans allierte i Bondepartiet var i forsvarsminister Vidkun Quislings dagar på Menstad.

DET ER NÆRFORSVARET av nasjonalt territorium Senterpartiet kjærar mest for. Særlig dersom det kan samordnast med landbrukspolitikken. Der lanserte stortingsmann Erlend Asdahl i si tid eit Columbi egg: Å gjera trepunkten bak på traktorane til utskytingsramper for kortdistanserakettar. Mot kompensasjon over jordbruksavtalen, rimeligvis.

EG VEIT IKKJE kva eg snakkar om, men det verkar som om solformørkelsen er i ferd med å gå over i Senterpartiet. Trygve Slagsvold Vedum smiler og skin så sterkt at ikkje eingong Ola Borten Moe klarer å kasta skugge. Mens Liv Signe Navarsete er sett til å arbeida natt og dag for å hindra kollaps i forsvaret.

LANDBRUKSOPPGJERET står for døra. Kommunikasjonsrådgjevar og matminister Sylvi Listhaug har rusta seg med å ta jegerprøven. Ho kjempar ein trefrontskrig, så den listige øver seg med hagle mot bøndene, rifle mot kjedebaronane og sprettert mot Steinrik Hagen og matvareindustrien. Der møter ho for øvrig Guri Størvold og fleire andre av Navarsetes tidligare bondevenner, som nå har bytta beite.