SKAL VIDARE: Norske klimagassutslepp har gått ned dei siste åra, og er no på sitt lågaste nivå sidan 1995. Vi skal vidare, skriv Sveinung Rotevatn. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
SKAL VIDARE: Norske klimagassutslepp har gått ned dei siste åra, og er no på sitt lågaste nivå sidan 1995. Vi skal vidare, skriv Sveinung Rotevatn. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpixVis mer

Debatt: Klima

Lite nytt frå raudfronten

Ap sitt «klimabudsjett» er ikkje spesielt nyskapande, all den tid det er klipp og lim frå ein rapport frå Miljødirektoratet, som hovudsakleg synleggjer klimakutta Noreg vil oppnå med dei tiltaka regjeringa allereie gjennomfører.

Meninger

I ein kommentar i Dagbladet 20. november skriv politisk redaktør Geir Ramnefjell at klimapolitikken i Aps alternative statsbudsjett representerer «et taktskifte i norsk politikk», og at KrF difor burde samarbeidd til venstre. Dette er i liten grad tufta på realitetar.

Ja, Ap aukar opp støtta til enkelte miljørelaterte budsjettpostar. Det skulle berre mangle når dei aukar skattetrykket på norske skattebetalarar og bedrifter med fleire milliardar kroner.

Men det einaste nye, som Ramnefjell også framhever, er at Ap har lansert eit eige «klimabudsjett». Dette er likevel ikkje spesielt nyskapande, all den tid Aps klimabudsjett er klipp og lim frå ein rapport frå Miljødirektoratet, som hovudsakleg synleggjer klimakutta Noreg vil oppnå med dei tiltaka regjeringa allereie gjennomfører.

Samla er det vanskeleg å sjå at KrF skulle fått noko meir klimapolitikk i samarbeid med Ap. Om ein tar med det andre opposisjonspartiet Knut Arild Hareide helst ville regjere med, Sp, blir summen snarare negativ. Sp har nemleg lagt inn ein saftig lette i bensin- og dieselavgiftene på 1 milliard kroner i sitt budsjettalternativ for neste år. For å bruke Senterungdommen sine eigne ord om moderpartiet sitt klimabudsjett: «Senterpartiet sover i timen.»

Når ein søv hender det fort at ein startar å drøyme. Men som Knut Arild Hareide sjølv sa då KrF skulle ta sitt retningsvalg: «Vi må ha større drømmer enn billigere bensin.»

Regjeringa sin draum er å kutte norske klimagassutslepp, og vi leverer på oppdraget. Norske klimagassutslepp har gått ned dei siste åra, og er no på sitt lågaste nivå sidan 1995. Vi skal vidare. Og KrF er velkomne med på laget.