Litt preventiv solidaritet?

LEDERBONUSER: Finanskrisa fyller media og daglegsnakket. Bankar vaklar både her og der. Rundt i regjeringskontor og sentralbankar sit folk og snekrar krisepakkar av ulikt slag. Dei folkevalde nasjonalforsamlingane murrar og strør sand på. Hos oss pakka regjeringa saman ein pakke av sine finaste verdipapir som bankane fekk i bytte for dei verdipapira bankane hadde, av meir tvilsam substans. Storsamfunnet viste solidaritet med eit finanssystem i krise. Storsamfunnet hadde ikkje noko val. Ingen, fattig eller rik, ville vere tent med ein kollaps i finanssystemet. Få, om nokon, har fantasi til å tenkje seg kva det ville føre til. Ingen veit i dag kva som blir utgangen på dagens krise. Børsane har feber og realøkonomien hutrar. Bustadmarknaden har lagt seg nedpå og bedrifter seier opp folk.

Svaret sist, i trettiåra, i ein situasjon som kan likne vår, var statleg intervensjon og proteksjonisme. Det siste må vi be Gud spare oss for, men vi kan ikkje stole på at han gjer det. I slike saker er han ofte svært passiv. Om situasjonen skulle forverre seg, kan det bli bruk for samfunnssolidariteten, for å dele den varmen som er når kulda kjem. Og det kan bli kaldt på dei høge toppane også, som det kan bli det i hytter og hus. Siste tiåra har toppane i våre store selskap, delvis statlege, forsynt seg godt av godsakene, med lønn, pensjonar og bonusar. Lønna skal vere resultatorientert og blir fastsett av styret i selskapet. Pensjonen kjem sidan og bonusane blir stort sett utløyste av stigande oljepris og stigande børskursar, som korkje bedriftsleiar eller styre kan gjere stort med.

Artikkelen fortsetter under annonsen

No buttar det. Vår største bank, DNB-Nor, har vore i regjeringskontora og henta hjelp. Statoil strevar med Melkøya og fallande oljepris. Aluminiumsselskapet Hydro leverer til ein kriseramma bilindustri, og ser motbakken reise seg. Ville det vere ein klok tanke, for styre og direktørar, som ei symbolhandling, å melde frå til storsamfunnet at også dei reknar seg som tilhøyrande dette samfunnet, og at dei reknar med ei hjelpande hand om det skulle bli nødvendig, slik bankane har fått det? Og at dei, for å vise og understreke dette, avstår frå den feitaste pynten på den kakebiten dei har fått?

Om folk i storsamfunnet skal slite med arbeidsløyse, dyre huslån og skrantande privatøkonomi, kan det bli tungt å bere fram den hjelpa som måtte trengjast for at gutane på toppane skal halde varmen når kulden bit. Alle som har fare i fjellet, veit at det er klokt å ta seg nedover når nordavinden set inn. Om det bryggjer opp til uvér, som det ser ut til, er det klokt å sjekke soliditet, balanse, lønsemd og likviditet. Men det kan også vere klokt å sjå seg rundt kvar det kan vere hjelp å hente om det skulle trengjast. Solidaritet må byggjast før det er bruk for han. Og slik solidaritetsbygging kunne også vere ein måte å bere ansvar på, slik styre og leiing skal. Splendid isolation og høg sigarføring duger ikkje når det blæs opp. Den som et åleine, døyr åleine, seier dei i Afrika.