Litterære påfunn

Mange stader vert diktinga meir søkt enn utsøkt, meir fragmentarisk enn samanhengjande, trass det tydelege språklege talentet.

Torunn Borge har gjort og skrive gode og sympatiske ting, og den som les og leitar i dikta i «Moraler» som ho gav ut i haust, vil finna mange fine, uventa uttrykk og koplingar. Torunn Borge veit korleis ho skal skapa påfallande kontrastar mellom upretensiøs leikande 60-talsliknande diktlinjer - «Se om ikke Buddha runder / hjørnet med et grin / piller nese», der Buddha i overgangen mellom første og andre linje gjør verda mindre firkanta - og rammande skildringar, til dømes av evna til medkjensle: «Flere Guernica senere: bedøvelse.» Openberr samfunnskritikk i leikande forlenging av Paal Brekke skriv ho rg: «En oljet and / som i røkkeland og på lykkestand.»

Denne tredje diktsamlinga er prega av ein forfattar på leit, og mange av dikta har ikkje landa i eit uttrykk som fester seg.

Dei sprikjer i fleire retningar, og vert for ofte prega av liten samanheng mellom dei ulike bileta og observasjonane. Desse viser kvar for seg likevel eit tydeleg talent, med mot til å vera upopulær og mangetydig moralsk, med peikefingeren forma som eit spørsmålsteikn: «Hvordan gjennomskue / en løgn ingen har løyet?»

Men det at ho tydeleg prøver å oppnå noko, fører med seg ein del abstrakte, litterære påfunn, som eg ikkje har betre ord på enn nettopp slik ho sjølv formulerer det, ein «storslagen likegyldighet».

Boka inneheld eit knippe gjennomførte, gode dikt, som «Oppoverskrekk», «En tidlig morgen» med sine intense kontrastar og som opningsdiktet «Av og til», om det å brått vera gledeleg til stades: «Noen kaller det nåde. // Vi tar ørsmå salsatrinn og skotter flørtende rundt oss mot ingen.»