Liv og daude i Lærdalselva

Det er no vel eit år sidan Lærdalelva _ dronninga blant norske lakseelvar _ vart behandla med rotenon for å fjerne den laksedrepande parasitten Gyrodactylu Salaris.

I disse dagar startar og det «nye livet i Lærdalselva» _ rogn lagt under gytinga førre haust blir til yngel som kjem opp av elvegrusen. Etter debatten kring behandlinga er dette eit tidspunkt som høver godt for ettertanke _ kva var det som skjedde, kva var verknadene og korleis kan ein vurdere verknadene av eit slikt tiltak opp mot andre inngrep gjort av menneske?

Gyrodactylus Salaris tek livet av lakseyngelen og spreier seg med utvandrande lakseungar gjennom brakkvasslag i fjordsystema _ det var slik smitten kom til Rauma. Ut frå omsynet til dei norske laksestammene og smittefaren til andre vassdrag langs Sognefjorden, valde difor styresmaktene å behandle Lærdalselva med plantegifta rotenon. Rotenon drep liv som pustar med gjeller, men vert nedbroten og forsvinn frå vassdraget etter nokre dagar _ avhengig av temperatur og lysforhold. Verknaden er umiddelbar og manifesterer seg i form av daud fiske og daude botndyr.

Livssyklusen til laksen er slik at han er tre-fire år i elva før han vandrar ut i havet og kjem attende til fødeelva i løpet av eitt, tro eller tre år. Dette tyder at det til ei kvar tid er fleire generasjonar med laks ute i havet. Gyrodactylus Salaris toler ikkje saltvatn, og innvandrande laks er difor smittefri. Ei snøgg rotenonbehandling etter at parasitten er funne, gjer at det framleis er årgangar av laks og sjøaure i sjøen som kan gå opp i elva for å gyte. Elva er og eit dynamisk system der liv føl vatnet frå område høgt til fjells til elva renn ut i sjøen.

Reetablering kan såleis skje snøgt utan tap av organismar, men med mellombelse endringar i mengdeforholdet mellom organismane.

Aksjonen i Lærdal kan delast i to _ på den eine sida bruken av rotenon for å fjerne parasitten _ på den andre sida ein storstila aksjon for å halde mest muleg av laks- og sjøaurestamma i elva vekke frå behandlinga. Den delen som vart rotenonbehandla utgjorde om lag 4% av nedslagsfeltet i Lærdalselva.

Målet med vårbehandlinga var å hindre smitte med utvandrande yngel til andre vassdrag, medan haustgbehandlinga skulle fjerne parasitten frå elva. Dette førte til at tre generasjonar med yngel vart drepne, i tillegg til andre organismer som pustar med gjeller.

Den andre delen av aksjonen skulle legge eit best muleg grunnlag for ei snøgg oppbygging av fiskestammene. Gjennom fiske i sjø og elv klarte ein å ta vare på kring 400 laksar og 1100 sjøaurar. Desse vart sette i merd i saltvatn for å fjerne parasitten. Tal laks sleppte attende etter behandlinge utgjorde 112% av laksefangsten i 1996 (eit dårleg år) _ tal sjøaure sleppte attende var 130% av fangsten i 1996.

For å sjå korleis fiskane oppførde seg etter frisleppet, radiomerka ein 30 laksar og 28 sjøaurar. Alle dei 30 laksane og 27 aurar vandra opp elva og overlevde fram til gytinga. Dette tyder at fangst, transport og oppbevaringi merd etterpå ikkje påverka fiskane si evne eller motivasjon for å vandre opp i elva.

I eit normalår er det 400_700 gytelaksar og eit mykje høgre tal sjøaure i Lærdalselva. Om erfaringane frå radopmerkeforsøka er gyldige for all laks og sjøaure som vart sleppte fri, var gytebestanden i 1997 noko dårlegare enn eit normalår. Forsking viser at botndyrfaunaen er på plass att, og fossekallen er på ny å finne i dei ulike delene av elva. Sognefjorden er freda for laksefiske i 1998. På grunn av «sjø-resereven» forventar ein at kring 1000 laksar og minst like mange sjøaurar vil vandre opp Lærdalselva for å gyte. Det er ikkje lov å fiske i elva, men det kan bli opna for sjøaurefiske i 1999 om stamma toler det.

Oppsummert kan ein seie at behandlinga hadde ein brå synleg effekt på dei organismane som var i vassdraget på dei to behandlingstidspunkta, og at ho fører til eit mellombels hol i reproduksjonskjeda. Botndyrfaunaen er på plass att, men det vert ein liten lakse- og sjøaurebestand dei åra der generasjonane som vart fjerna under behandlinga skulle våre tilbake frå opphaldet i sjøen. Laksen som kjem i denne perioden vil i stor mon vere rømt oppdrettsfisk eller feilvandrar, noko som vil ha ein negativ innverknad på laksestamma sitt genetiske grunnlag. Behandlinga har likevel avgrensa verknader for vassdraget som samla økosystem.

Eit vasdrag er utsett for ei rekke inngrep frå mennesket si side t.d. i form av kraftutbygging, bakkeplanering, vegbygging og fjerning av vegetasjon kring vasstrengen, fysiske inngrep i vasstrengen i form av tersklar og straumbrytarr for berre å nemne noko.

Ei kraftutbygging fører til varige endringar i vassføring- og temperatur både sommar og vinter. I sin tur har dette djuptgripande konsekvensar for gyte- og oppvekstområde, klekketidspunkt for yngel og næringsdyr, utvandringstidspunkt til fjord og hav m.m. Slike endringar er langsiktige og sakteverkande i den forstand at dei over tid endrar økosystemet på ein slik måte at det knapt er synleg. Synleggjering av slike samanhengar vert samstundes vanskeleggjort av di det er så mange andre påverknadsfaktorar som spelar inn på dei samme artane samstundes. Særleg komplisert vert dette når ein veit at laks og sjøaure vandrar mellom fersk- og saltvatn i løpet av livssyklusen. Det tyder på at han vert påverka både av det som skjer på beideområda i sjø og hav, og kva som skjer på veg til og frå beiteområda. At prosessane er saktegåande og påverka av mange ytre faktorar gjer at det ikkje er mulig å påvise verknader som er så klare at t.d. ein regulant er viljug til å ta ansvaret verken

økonomisk eller økologisk for det som skjer.

Vatnet og utnytting av det har vore og er avgjerande for utviklinga av landbruket i Lærdal. Frå gammalt av er det bygd opp nettverk av vatningsveiter, noko som gav svært gode oppvekstvilkår for yngel. Vatning er i dag basert på bruk av spredarar, og vatningsveitene er vekke. Kring 65% av føda til yngelen kjem som nedfall frå overhengande vegetasjon. Auka press på lønnsemda i jordbruket har auka trongen for lettdrivne areal og ei rekke gardbrukarar har planert ut dei gamle bekkane kring elvestrengen og reduseert dei potensielle oppvekstområda til yngelen. For den einskilde gardbrukaren kan dette vere eit lite marginalt areal, men summen av inngrep kan vere store.

Ei elv er ikkje berre ei elv _ho består av område som er godt egna for fiske, område som er godt egna til gyting og område som er gode for oppvekst. Samstundes er det slik at lakseyngel trivst best i litt hardt strøymande vatn, medan sjøauren trivst i rolegare parti av elva. I Lærdalselva har ein hatt ei omfattande bygging av tersklar. Tersklane skapar rolegare straumtilhøve og ein har sett ein markant forskyving i forholdet mellom lakse- og aureyngel i disfavør av laksen særleg i dei nedre delane av vassdraget.

Nokre av inngrepa _ som t.d. tersklane _ kan ein gjere noko med, andre er av varig karakter. Kvar for seg verkar dei minimale, men samla har dei ein gjennomgripande verknad for elva og organismane som lever i ho. Noko av problemet er at denne utviklinga ikkje er manifest i form av brå synleg død, noko som gjer at merksemda kring slike inngrep ikkje er så stor verken blant fiskarar, utbyggarar, elveeigarer eller storsamfunnet generelt. På den andre sida kan ein ikkje unngå å bli gjort merksam på verknadene av ei rotenonbehandling _ den bråe synlege dauden sel godt i mediene.

Det er og viktig å sjå på kva som hadde skjedd ved ikkje å iverksetje eit tiltak. Ikkje utbygging fører til at økosystemet kan fungere på samme måte som før, men under påverknad av faktorar som ligg utanfor nedslagsfeltet til vassdraget. Ved ikkje å behandle ei gyrosmitta elv held ein liv i ei potensiell smittekjelde med dei konsekvensar det har både for det smitta vassdraget og andre nærliggjande vassdrag. Det kan vere grunn til å hevde _ om ein legg ein eit hundreårsperspektiv til grunn _ at andre inngrep større konsekvensar enn ei rotenon-behandla for vassdraget som økosystem.