Livet og biografien

DET ER NOKON ÅR

sidan Francis Bull hevda at «Brand» vart eit tungsindig verk på grunn av det tunge, tyske brennevinet forfattaren tylla i seg under skrivinga, medan Ibsens inntak av lette, italienske vinar førte til at «Peer Gynt» vart eit meir sprudlande drama. Dei seinare åra har spørsmålet om korleis ein biograf skal tolke forholdet mellom dikt og liv blitt vesentleg meir komplisert, noko vi skal vere glade for, sjøl om underhaldningsverdien av Bulls friske teser er stor.

Tre hovudspørsmål har vore sentrale i den aktuelle biografidebatten. Dei tre kan samlast under ei overskrift, nemleg «kor langt kan ein gå?». Mitt spørsmål blir: går det an å finne ein annan akse å diskutere biografien langs?

Dei tre spørsmåla er først det allereie nemnte: kor langt kan ein gå i å tolke eit kunstverk i lys av livet til kunstnaren? Hauge-biograf Åmås vil nok her plassere seg på motsett side enn Bull på skalaen.

Så har vi spørsmålet om kor langt ein kan gå i å avsløre det mest private og intime i eit kunstnarliv, eit spørsmål som vart heftig diskutert i samband med Hamsun-biograf Kolloens bruk av utskrifter frå Hamsuns samtalar med psykiater Langfeldt.

Det tredje og siste spørsmålet er kor langt kan biografen gå i bruken av skjønnlitterære grep, som til dømes å lage indre monologar og dermed «dikte» tankar som den biograferte kan ha gjort seg.

Dette er vel og bra og viktige spørsmål. Viktige er også spørsmåla om kjeldekritikk og problema som dukkar opp når biografen sjøl er kjelde, som i den aktuelle biografien til Jørgen Sandemose. Men det som har vore påfallande lite nemnt i diskusjonen, sjølve problematiseringa av det å gjere liv til skrift.

Biografien liknar mest av alt på gode, gammaldagse danningsromanar frå 1800-talet. Vi får følgje eit menneske frå vogge til grav, og vi får vite kvifor akkurat dette mennesket vart som det vart, kva det var som skapte dette livsløpet. Vi får heilstøypte statuar lik dei som står utanfor Nationaltheatret i bronse. Livet går opp, dei biograferte fyller seg sjøl ut i alle krikar og krokar. Det er lett å forstå at biografen gjerne vil gje svar på alt, likevel er det påfallande kor lite biografar bruker av moderne innsikter om det uavklarte og det mangetydige i eit livsløp. Kva med å lage eit portrett som liknar meir på dei Picasso laga, med same mennesket sett frå mange vinklar samstundes, eller kva med å lære noko av den nyare litteraturen som byggjer opp og bryt ned utan å skape monumentale, eintydige portrett?

JAN KJÆRSTAD HAR

med sin Jonas Wergeland-trilogi laga ein fiktiv trippelbiografi, der personen JW ikkje berre blir sett frå tre ulike vinklar, men der det også innan kvar enkelt bok er altfor mange forklaringar på det Wergeland gjer til at det går i hop på nokon måte.

Mange biografar har eit forord der dei nettopp er inne på dette: At det er prinspielt uråd å fange eit menneskeliv i skrift og at det er mange gåter og at dette er deira versjon. Men etter denne pliktøvinga dukkar den allvitande forfattaren fram og forklarer det heile. Kva med om tvilen hadde kome inn i sjølve biografien? Kva med å skildre same livsfase både to og tre gonger frå ulike innfallsvinklar?

Eg snakka for nokon år sidan med ein eldre kulturperson som akkurat var blitt spurt av eit forlag om han ville skrive sjølbiografien sin. Han sa nei, fordi han rett og slett ikkje kunne forklare kvifor han hadde gjort det han hadde gjort, eller meir presis: han hadde mange forklaringar: Ei for dystre dagar, ei anna kjendest riktig dei dagane han såg meir lyst på seg sjøl og på livet, det var ein versjon for gutta og gamle mor fekk ein versjon ho kunne leve med. Dette vil eg tru dei fleste kjenner seg att i, Undsetbiograf Slapgard er inne på det same i Dagbladet 25. august då ho seier «Jeg opplever selv noen av mine valg som ganske mystiske når det er gått en viss tid».

Eg oppfordra denne kulturpersonen til å lage ein slik sjølbiografi, der han nettopp oppgav alle dei ulike grunnane for det eine og det andre valet i livet, grunnar som til dels stod i motstrid til kvarandre. Han såg bestyrta på meg og sa: «Da ville jo folk tro jeg var gal». Mon det.

NO ER DET

store forskjellar på å skrive biografi og sjølbiografi, men sjøl om problemet med å forstå drivkreftene i eit liv er ulikt for desse to, så finst det der for begge kategoriar. Ein biografi som ikkje har ambisjon om å gje det ultimate svaret treng ikkje å bli tafatt og uinteressant. Åmås, som den siste tida har kome med interessante tankar om moglege fornyingar av biografien, har valt å gje seg sjøl ei svak forteljarstemme i Hauge-biografien. Men det må gå an å bryte med dette motsetningsparet svak forteljar (Åmås)- allvitande forteljar (Bull m.fl), ved rett og slett å tale med styrke utan å hevde at ein sit inne med sjølve fasiten, verken når det gjeld forholdet mellom dikt og liv eller andre gåter. Eg vil tru at det å fjerne seg frå danningsromanen og ta steget ut i det mangefassetterte kunne gje sjangeren ny aktualitet.