Løftebrotet

KLIMA: Under klimakonferansen på Bali var eg vitne til at den norske regjeringa fekk mange nye vener og lovord ved å bidra med tre milliardar oppretinga av eit skogfond. Det å no komma heim til nyheita om at ein likevel ikkje vil deponera CO{-2} som vert fanga ved testanlegget på Mongstad, blei eit absurd antiklimaks. Dette vitnar tydeleg om den reelle mangelen på framsyn og mot i den norske klimapolitikken.

Saka rundt CO{-2}-rensing ved gasskraftverket på Mongstad har vært prega av løftebrot frå første dag, og ein kan spørja seg om kva det eigentleg er den norske regjeringa driv med. Ein skal liksom væra så flink og framsynt når ein har heile verdas merksemd retta mot seg… Men så var kanskje desse tre milliardane heile potten som var sett av til å væra miljøvenleg dette året? Det er kanskje ikkje lønsamt nok å investera i miljøet? Me får jo tross alt ikkje nokon kontante godar tilbake, på same måten som med olje og gass.

Sett i lys av dette nye løftebrotet er ein ting klinkande klart; kan me ikkje reinsa, så må me venta. Det er ikkje haldbart å starta opp gasskraftverket på Mongstad før eit solid reinseanlegg er på plass. Signaleffekten av oppstart utan reinsing vil væra eksepsjonelt dårleg, og er det siste me treng i ei verd med ein så sårbar klimapolitikk. Bodskapen frå Bali var tydeleg; utviklingslanda er ikkje villege til å ta på seg eventuelle kutt i sine utslepp av klimagassar før dei industrialiserte landa forplikta seg, samt følgde opp dei løfta ein alt har gitt. Og det heile er jo også ganske logisk; kvifor skal ein stola på nokon som ikkje klarar å holda det dei lovar! Så då nyttar det ikkje å kjøpa seg fri, mellom anna gjennom kvotehandel, slik som regjeringa argumenterar for i denne saka.

Me må visa at me er villege til å ta kutt på heimebane, vist ikkje får me inga truverd i internasjonal klimapolitikk. Spire tar difor til orde for at oppstart av gasskraftverket på Mongstad blir utsett til eit reinseanlegg er på plass.