Lønningsrap vs. Bling bling

LEDERLØNNINGSRAP er Cand.Philol Tommy Halvorsens utopi for norsk hiphop; samfunnskritiske røyster som reiser seg mot overklassen. Bling bling er eit uttrykk som vart funne opp av den amerikanske rapgruppa Cash Money Millionaires, og er eit omgrep for ein livsstil med feite bilar, gullkjeder og seksuelt tilgjengelege og attraktive jenter. Eg er ikkje fan av nokre av desse retningane. Halvorsen seier i Dagbladet den 13. juni at norske rapgrupper bør «skjønne at de mister all troverdighet når de prøver å kopiere pornofisert amerikansk mainstream-rap». Videre foreslår han at «Norsk rap bør i stedet finne sin egen identitet, og gjøre slik som gutta i Gatas Parlament. [...] Jeg har en drøm om at normen i norsk rap skal hige etter et budskap eller et politisk standpunkt.» Han konkluderer med at «Norske rap-artister bør skrive tekster som gjenspeiler det norske samfunnet, og ikkje forsøke å kopiere dagens kommersielle amerikanske rap-variant som elsker biler, dop, fester og babes.»

MANGE AV desse påstandane fell på sin eigen urimelegheit. Det er tydeleg at Halvorsen meiner det godt, men det gjorde kyrkja med heksebrenninga òg. Det er lurt å setje seg litt inn i eit emne før ein går laus på det med nebb og klør. Det er få norske grupper som prøver å kopiere «pornofisert amerikansk mainstream-rap», og dei få som faktisk gjer det, gjer det på grunn av den reint musikalske forskjellen. Det at norsk hiphop bør finne sin eigen identitet ved å gjera som Gatas Parlament, fell på sin eigen urimelegheit. Dei fleste norske rapparar er ikkje venstreradikalarar, så det å gjera som Gatas ligg langt unna identiteten deira. Når Halvorsen seier at «Opprøret må ha en retning. Pornorappens kunstneriske og «politiske» opprør mangler en slik vilje og tro. I stedet elsker man den verden man vil forandre» set han det som premiss at alle raparar har som mål å forandre verda. Det er nok diverre ikkje slik. Gatas Parlament knyt neven mot den vestlege verda, men dei strever samstundes etter å laga så bra musikk som mogleg. Det er på grunn av dette siste at dei er vellykka som rapgruppe.