TRADISJON: Eg har sjølv vore aktiv pelsdyroppdrettar i 28 år, men det har vore pelsdyrdrift i familien i meir enn 80 år, skriv Sigbjørn Kirkebøen. Biletet visar eit kull med revekvelpar. Foto: S. Kirkebøen
TRADISJON: Eg har sjølv vore aktiv pelsdyroppdrettar i 28 år, men det har vore pelsdyrdrift i familien i meir enn 80 år, skriv Sigbjørn Kirkebøen. Biletet visar eit kull med revekvelpar. Foto: S. KirkebøenVis mer

Lynsjestemning

Det er frustrerande å oppleva korleis alle vi pelsdyrbønder vert mistenkeleggjort og stempla som dyremishandlarar.

Pelsdyrnæringa har igjen vore i søkjelys i media, med enkelttilfelle av dårleg og uakseptabel dyrehald, men også veldig skeiv framstilling av heile næringa, samt utspel frå enkelte politikarar om kollektiv avstraffelse.

Eg driv i dag ein middels stor pelsdyrgard med Sylvrev. Eg har sjølv vore aktiv pelsdyroppdrettar i 28 år, men det har vore pelsdyrdrift i familien i meir enn 80 år. Domestiseringen av pelsdyra utviklar seg gjennom alle generasjonar, men dei siste 20 åra har lynne på dyra vorte meir vektlagt i avl, og har gjort til at pelsdyra i dag framstår rolige og harmoniske, og godt tilpassa dei oppstallingsforholda dei har krav på, som produksjons- og husdyr. Svært få enkelttilfelle av dårleg dyrehald, fører til nærast lynsjestemning mot heile næringa. Det er frustrerande å oppleva den måten pelsdyrnæringa vert framstilt på i delar av media, og av nokre politikarar, og korleis alle vi pelsdyrbønder vert mistenkeleggjort, og får eit stempel som dyremishandlarar. Skal verkeleg dette vera ein del av det gode norske samfunnet?

Antipelsaktivistar, som generelt er imot alt dyrehald, får veldig lett oppslag i media, med sine få eksempel på skadde pelsdyr. Det verkar jo som at desse ytterlegåande aktivistane for visse delar av media og politiske miljø nærast fungerar som tilsynsmyndigheit. Og samtidig er formidlar av såkalte «fakta» ved hjelp av NRK. Dette fylgjer same mønster som tidlegare år, som ein kampanje mot og heksejakt på heile pelsdyrnæringa. Nokre politikarar hengjer seg på bølgjen og krev avvikling av heile pelsdyrnæringa.

Det er Mattilsynet som er tilsynsmyndigheit, på oppdrag frå myndigheitene. Tilsyn på pelsdyr er betydeleg skjerpa inn dei siste to åra, men på tross av det, er avvik på pelsdyr, på eit lågt nivå, og på same nivå som anna dyrehald. På kjæledyr er det faktisk betydeleg høgare andel med avvik!

Eit døme på realitetane: I Sunnfjord/Nordfjord vart fleire pelsdyrgardar uthengd som dyremishandlarar, av aksjonistar og NRK, no sist i Oktober. Seniorinspektør og veterinær Terje Ramstad i Mattilsynet for Sunnfjord, uttalte i etterkant: «Oppdrettarane er svært oppegåande og flinke, og vi har generelt godt inntrykk av pelsdyrgardane.» Kollegaen Anders Hilde i Nordfjord uttalar: «Vi finn avvik i pelsdyrgardar, som i anna dyrehald. Det underlege er at denne næringa tydelegvis skal straffast kollektivt.»

Obligatorisk sertifisering, og minst 3 obligatoriske veterinærtilsyn er innført frå 2011. Dei aller fleste av veterinærane som har tilsyn med pelsdyr, er godt nøgde med dyrevelferden for pelsdyr. Alle dyr som er sjuke, eller får skade, skal takast hånd om, og behandlast, men det er umogleg å ha nulltoleranse overfor det faktum at dyr kan bli sjuke eller skadd.

Etikk vert også brukt som argument mot pelsdyr. Særleg av dei som ser at det ikkje er faglege argument for å avvikle pelsdyroppdrett. Frå tidenes morgon har menneske hausta frå naturen, og med det, mat og klede frå dyr. Men dyrevelferd og etikk må alltid koma i fyrste rekkje.

Sjølv aktivistar hevdar at dyrevelferden kan vera dårlegare i andre husdyrproduksjonar. Dei som likevel meiner at pelsdyroppdrett bør avviklast, ut i frå at produksjon går til klede, og ikkje mat, meiner dermed at kva ein nyttar av dyret, er viktigare enn dyrevelferden. Det er vel dårleg etikk! God dyrevelferd må vel vera det viktigaste, i riktig etisk husdyrhald, ikkje kva som vert produsert.

Følg oss på Twitter

Hvis dyra i ein pelsdyrgard hadde vore ville rovdyr, ville pelsdyroppdrett vore uetisk. Men å halde ville dyr i pelsdyroppdrett er faktisk ulovleg. Pelsdyr i pelsdyrgardar i dag er domestiserte og oppavla gjennom snart 100 år. Pelsdyra framstår i dag som rolege og tillitsfulle. Alle som besøkjer ein pelsdyrgård med åpent sinn, og ikkje har særlege vrangforestillingar innprenta på førehand, ser det, og kan ikkje seie noko anna, hvis dei er ærlege. Pelsdyrhald i dag, har god etisk standard.

Det er skremmande at politikarar med makt, i dagens moderne samfunn, i det heile tatt kan koma med uttalelsar og forslag som dreiar seg om kollektiv avstraffelse. Hvis dette skulle fylgjast opp ville det bli mykje forbod, her i landet. Det får ein til å tenkja på styresystem, frå land som me ikkje likar å samanlikna oss oss med. Politiske beslutningar om kollektiv straff vil føre demokratiet vårt mange tiår tilbake i tid!

Rettssikkerheit må vera ei sjølvfylgje for alle i landet vårt. Leiande politikarar har eit særleg ansvar i å visa veg, ta beslutningar og gjera vedtak ut frå kunnskap, fakta og korrekt informasjon.

Sigbjørn Kirkebøen. pelsdyroppdrettar
Sigbjørn Kirkebøen. pelsdyroppdrettar Vis mer