Lyrikk i fleire rom

Ei ujamn, men lovande debut.

BOK: Alt i opningsdiktet til Ellen Grimsmo Foros skjer det ei klar utviding og vending utover mot verda i diktet. Det startar med ein kjole, og ei rørsle ut til folk og musikk, ho skriv vakkert at dans er musikk «som kropper seg», og utvidinga skjer: det første rommet litedet andre stortdet tredje en hagesom vider seg ut Og snart er me inne i eit anna rom igjen, i erotikkens rom «Der ble vi salige med hverandre».

Presist

Debutanten Grimsmo Foros viser gong på gong at ho kan skape fine og presise bilete av situasjonar som er gjenkjennelege, men som vert underleggjorte og nye gjennom hennar språkmedvitne handsaming. Og ho kan fange opp og formidla kjensler som er erfarte, men òg skapa ting som er heilt nye og merkelege. Dei kontrastane me oppdagar mellom dei ulike og ikkje alltid like samanhengjande tinga ho skriv, ser ut til å kunna stilla spørsmål ved årsakssamanhengen; «Blir jeg trist hvis jeg gråter» og kva kommunikasjon kan vera; «Er hvitveisens sjette kronblad en kritikk». Men nokre av dei linjene som kjem, misser kraft av di dei er så sære at dei ikkje gjev tillit hjå denne lesaren. Som om nokon står med eit forsøk i hendene og spør, «går det an» og eg svarar «nei.».Desse svevar då som rare språkballongar mellom sender og mottakar, og er meir i vegen enn kommuniserande.

Talent

Her dukkar opp originale typar som ein «hattemann» og eit «du» som «skjuler merket under skjorta». Me møter ein sommar «som ikke vises eller blir hørt» og vert stilt spørsmål som straks vert kommentert; «Men hvorfor kommer det ingen gutter Jeg har sydd meg kjole, er det noe galt med fargen/ Ånei, så pinlig den er ikke med i skalaen»Det er noko både frapperande vakkert og til dels så langt ut i det meiningsisolerte over nokre av desse linjene, så ein vert samstundes overtydd om det språklege talentet og i tvil om intensjonane. Setningar som «Blått istedenfor spørsmål» og «Året mister sin sirkelform» er vakkert og umiddelbart gripbart på eit poetisk plan. Andre stader vert det rare og surrealistiske ståande utan å tilføra så mykje meir enn nett å vera rart? Men av og til kan det oppstå spenning og kontrast av dette, som om poeten tek ladegrep ved å knekke geværet. Men alt i alt er ikkje denne boka så vanleg som ho kan verka når ein byrjar å lesa. Grimsmo Foros fører oss ut i ting me vanskeleg kan vita korleis me kan forstå, og slår ut vakre bilete der. Det er ein vilje til å våga her, og undervegs mot det vanskelege, gir ho sansane «blomster de har plukka på et assosiasjonsrikt sted». Då kan ho gjere boksida til ein underleg stad å vera.