Lysande Brage-vinnar

Samling med mange suverent gjennomførte parti.

BOK: Ho løftar temaet inn i eit vibrerande poetisk univers, der vandringa gjennom tid og rom får gyldige og levande uttrykk.

I mine auge er likevel det viktigaste bidraget hennar ei framvising av korleis språket vert tilskitna på si ferd gjennom historia og geografien.

Stigfinnar

Opningspartiet der Hansen, som ein stigfinnar, vender blikket mot jorda, mot avtrykka etter menneskestøvlar, er drivande godt og skapar ei forventning og ei løfta innstilling til verket som heilskap. Denne forventninga blir nok ikkje alltid innfridd, då nokre sider er for svake til å stå som sjølvstendige tekstsider. Den språkflinke forfattaren dansar fram nokre litt for ordrike parti, men desse låner kraft av dei sterkare partia og fører oss vidare.

Grotesk

I dei sterke avdelingane 7, 8 og 9 møter me først ein marknadsplass like etter ei bombe har falle. Poeten klarer med sin innlevde distanse å skildre dette på ein måte som legg vekt på det irreparable, ikkje eingong asiatiske barnearbeidarar, «ikkje engang de minste fingre» kan sy dette saman, skriv Hansen, og spelar like etter på eventyret om «Dokka i graset». Ein tenkjar på ein marknad i Bagdad, på ein marknad i den serbiske byen Nis i 1999. Samstundes som det groteske i dette biletet vert tydeleg, kjem eit anna aspekt ved boka fram; det menneska har på seg, dei lokale kleda som vert destruert. Med andre ord ei utsletting av liv, og av identitet til det gjenlevande. Myter og aktuelle politiske hendingar vert vovne saman. Og dette vert utbrodert i andre dikt om klede, framsyning, propagandafilmar, «det kommer an på trådene som spinnes», og flammar som fortærer «herfra skal ikke ett plagg gå i arv».

Og dette diktet endar med eit bilete som kan minna ein om korsfestinga, og om utryddinga av jødane: «torsoen med armene over hodet, han skal få rene bukser, - han skal få navnet for slike som ham skrevet på brystet med tusj».

Høgt og lågt

Dei neste dikta handlar om sjela til Johannes av korset, og er eit lysande døme på korleis Hansen blander språk frå høgt og lågt, frå det heilage og det intime, der gudar kjem mot oss i ein «pissegul flom» og sjela brått kan få ord som passar like godt på ei hore. Noko av det store med denne boka er korleis det språket forfattaren er kritisk til, snik seg inn og skitnar til dikta.

Umerkeleg tek ei røyst over som kan vera full av menneskeforakt, ja sexistisk og rasistisk. Og eit anna spennande aspekt, er korleis dei verdslege og religiøse imperia skapar språk, skapar verda i sitt bilete. Og brått peikar poeten i retning av den namnlause erfaringa: «denne bleke overgivelsen til det uklare».

Tynn hinne

Det å vera på isen, på ei flytebrygge eller i dei flytande hagar i Mexico, alt vert eit bilete på å røre seg på ei tynn hinne av tilsynelatande fast grunn over noko flytande og farleg kaotisk. Samtidig maktar ho å få fram dette drivet som er felles for poetar og oppdagarar, for erobrarar og maktsjuke imperia, nemleg dette «suget etter sikkelet i sårkanten».

Inger Elisabeth Hansen har skapt eit verk som i sine glimrande sterke parti gjev glød nok til heile boka. Her har vald og fornedring sin gripande plass, men også sjeler flammande av lykke. Heldigvis.