Forfattaren: Eit romanutdrag av Erlend O. Nødtvedt har blitt til tekst på Spellemann-nominerte «Åra». Foto: Kyrre Lien / NTB scanpix
Forfattaren: Eit romanutdrag av Erlend O. Nødtvedt har blitt til tekst på Spellemann-nominerte «Åra». Foto: Kyrre Lien / NTB scanpixVis mer

Vekas Vers:

«Må kjøre sleggen i hestens hode»: romanutdrag på Spellemann-nominert plate

Rytmane fjellimellom. Opp bue klank!

Vestlandet er i vinden. Vestlandet er vanskeleg å riste av seg.

Ei av fjorårets beste bøker heiter enkelt og greitt «Vestlandet», og er romandebuten til diktaren Erlend O. Nødtvedt frå Fyllingsdalen. Som ein både rølpete og høgkulturell Hunter S. Hovland fyk Nødtvedt rundt på Vestlandet med kamerat og kunstmålar Yngve. Saman skal dei kartlegge landsdelen, og er mest interesserte i geologi, klima (regn), kunst og rabiate separatistar. At dei ikkje klarer å kome seg ut av dei to fylka som i desse dagar prøver å kuppe namnet Vestlandet, vel eg å sjå som ei tilfeldigheit. I bagasjerommet har dei hovudskallen til Anders Lysne, lærdølen som vart halshogd i Bergen i 1803, etter å ha vore obsternasig og trassa sentralmakta på Austlandet og i Danmark. Kort fortalt. Erlend og Yngve har knabba skallen i Bergen, og han skal heim til Lærdal.

Romanen er vittig og full av action, godt fortalt med mykje dialog og lite utanomsnakk. Men med ujamne mellomrom vert den enkle prosaen avløyst av lange lyriske passasjar, utan punktum og med få komma. I desse delane får me oppleve Nødtvedt i kjend stil, og han bruker dei gjerne til å skildre sine sterkt alkoholpåverka syn og openberringar. Som når han god og dritings på årsmøtet for Vestlandske frigjeringsfront i Jølster får høyre Nils Økland spele Ljøsnohallingen, og Erlend ser for seg Anders Lysne arbeide på vegen over Filefjell. Bogen til felespelar Økland vert til bogen slegga gjer over hovudet til Lysne for å knuse stein. Alt vert rytmar av heller, steinstøv, klank! og hest. Heilt til ei laus marmorblokk kjem seglande og skadar hesten, så Lysne må bruke slegga til å avlive dyret på staden.

Diktaren Nødtvedt har gitt ut tre bøker før romandebuten, og han er òg ein framifrå og musikalsk lesar av eigne dikt. Han har utvikla sin eigen lydlege og rytmiske signatur, og når du har høyrt han lese, vert di eiga lesing av tekstane hans annleis. Ei opplagd, men god samanlikning, er Jan Erik Vold. Det er ein fryd å lese Vold. Så ser og høyrer du han lese sine eigne tekstar, og dét er ein anna og minst like stor fryd. Så les du han igjen, og ein tredje – og kanskje den største – fryd oppstår når Vold les inne i hovudet ditt. Såleis er det òg med Nødtvedt. Han har òg lese akkompagnert av ymse musikarar, men han har aldri vore med på ei plate. Ikkje før no.

Albumet «Åra» av Erlend Apneseth trio kom i fjor haust, og er nominert til Spellemann i open klasse. Plata består av intstrumentalmusikk med tydelege røter i norsk tradisjonsmusikk, men på nummeret «Lysne» er Nødtvedt med som vokalist. Her les han eit utdrag frå den omtalte hendinga med Lysne og hesten.

Plata kom på om lag same tid som boka, og om diktet «Lysne» fanst fyrst og vart ein del av boka, eller omvendt, veit eg ikkje. Men teksten fungerer glitrande som låttekst, både i sin eigen estetiske rett, og som eit kondensat av romanen.

På éin måte er det tradisjonell modernistisk knekkprosa-resitering Nødtvedt driv med; hyppige trykk på fyrstestavingane, hektiske små pust og usannsynlege svingar. Men den monotone og ekspressive intonasjonen og den intuitive rytmekjensla er hans eigen. Når han les over kompet, er det som om han latar som han har ein plan, og veit kvar einarane i rytmen er, som om dei finst.

I kompet til «Lysne» flaksar strengeinstrumenta rundt og leikar seg med taktartane, mens stortromma berre får gå og gå, som ein puls. Eit lurt val av musikarane, for denne på same tid opne og insisterande rytmen gjer det greitt for Nødtvedt å finne desse nye (imaginære) fyrsteslaga heile tida; han berre strør dei utover.

Metrikken i teksten er laus, og Nødtvedt er tight. Slik spenner han bogen.

Om me leitar opp på side 106 i «Vestlandet», ser me at «Lysne» opnar midt i ei setning, litt etter at deliriumet i Erlend har starta, slik: «som en slegge, som en slegge slår den mot stein». Så om boka ikkje fanst, ville me ikkje vite at det som går som ei slegge, er Ljøsnohallingen, spela av Nils Økland på Eikaasgalleriet i Jølster. Eller at felebogen og slegga er i slekt. Eller at hestehåra òg viser til Økland sin boge.

Nødvedt har òg fjerna nokre setningar frå utdraget. Vekk med alle stadnamn og andre namn. Igjen står berre Lysne, hesten og eitt einaste «jeg» – som held seg for øyrene. Karakterane er fanga i eit mikrounivers som er denne bratte, farlege fjellsida på Vestlandet. Rytmen, klank!, kjem frå slegga mot fjellet, og det er rytmen, klank!, som får heller til å losne og verte til røys, og det er kanskje også klank! som gjer at marmorblokka i ei vogn losnar og kjem seglande og skadar hesten? Så sjølv helten og martyren Anders Lysne endar som bøddel – med eit dumpfr!

Det er nifst og nådelaust korleis omgivnadane formar liva våre på Vestlandet. Fjella styrer skjebnar, klima lagar lynne. Det som er ute, vil inn – som er eit mantra i Nødtvedt sin roman.

Vestlandet er vanskeleg å riste av seg. Vestlandet er i vinden, og i dei våte og knuste hellene i røysa.