Må vi ta livet av Maradona?

FOTBALLEN,

også kalla den einaste rasjonelle religionen i vår tid, tar livet av sine gudar både gjennom den ekstreme tilbedinga av mammon, økonomien, og ved eit fysisk hardkjør som ikkje ein gong dei best utrusta kan klara i lengda. Ingen har spelt fotball som Diego Maradona. Ingen har praktisk talt aleine klart å setta sør på fotballkartet i Italia og vunne to ligameisterkap, slik Maradona klarte med det middelmådige laget til Napoli på 1980-talet. Ingen har praktisk talt aleine klart å vinna eit fotball-VM, slik den argentinske nr. 10 gjorde det i Mexico i 1986. I 1990 var han nær ved å klara det att, men då var det argentinske landslaget så dårleg at det berre kom til finalen. Men prisen er blitt høg, det ser ein i dag.

I heimlandet Argentina er Maradona blitt eit ikon, og dét av eit format som tilmed overgår Evita. Utstyrte med brev, teikningar, fotografi, religiøse figurar, kors og rosenkransar ber argentinarar til Gud om at han må gi Maradona ei hjelpande hand - og då tenkjer dei ikkje på det første målet i VM-kampen mot England i 1986. Det er tilmed danna ei Maradona-sekt med tusenvis av aktive medlemmer i mange land, eit fenomen som berre kan forståast og forklarast innanfor ein argentinsk kontekst, der folket gjerne har sine eigne helgenar som dei tilber og byggjer gudshus til.

DEI NASJONALE IDOLA

i Argentina har hatt det sams at dei har dødd relativt tidleg: Evita, tangosongaren Carlos Gardel, boksaren Carlos Monzón eller for den saks skuld smørsongaren Rodrigo, som laga song om «Guds hand» til Maradona. På bakgrunn av dette har sosialantropologen Eduardo Archetti sagt at viss Maradona ikkje snart døyr, kjem det argentinske folket til å bli skuffa.

Psykoanalytikaren Roberto Harari tar derimot til orde for at fellesskapet bør unngå å gjera Maradona til eit nytt eksemplar av den tragiske helten i Argentina. For «det eksisterer ein type suicidale med ei åtferd som grenser til det euforiske, det hyperaktive, på frenetisk og ustoppeleg jakt som dei er etter nye triumfar, nye stimuli og konsum av ulik type og ulik kaliber.»

Som frosken bles dei seg større fordi dei vil gjera seg om til okse. Den tjukke, kokainavhengige og fysisk oppblåste Maradona er i dag eit slåande døme på nettopp dette.

Eitt av liberalismens credo er at mennesket er fritt til å tenka og til å ta avgjerder på eigne vegner. Men psykoanalytikaren Jacques Lacan har sagt at trua på fridomen er det normale menneskets delirium, og han hevdar vidare at helten i tragedia alltid er einsam, grenseoverskridande, avantgardistisk og reve laus frå stukturane på eitt eller anna punkt.

OM GUDEN MARADONA

kan ein hevda at lengten etter fridom er blitt ei lenke og eit delirium. «Somme kritiserer meg fordi eg seier ein ting i dag og ein annan ting i morgon. Eg er ikkje bunden til noko. Eg gjer det kroppen min ber om. Eg lèt sjela mi få vera fri.» Det skal ikkje vera tvil om at det ligg ei mystisk, guddommeleg inspirasjonskjelde til grunn for det Maradona seier og foretar seg.

Det grenseoverskridande ved Maradona, hans fotballmessige virtuositet, trekte til seg ikkje berre oss som elskar det tekniske og det estetiske ved fotballspelet, men også økonomiske gribbar som såg det lukrative i venstrefoten hans. Kokainmisbruket tok ikkje til i Napoli, som mange tykkjest tru i dag, det tok til alt i Barcelona etter at han kom dit i 1982. Han kom til eit Spania der ein den gongen meinte at kokain ikkje var så farleg og der det blei nytta i høgare sosiale lag av folket, som såg det som ein måte å «sprengja grenser» på.

Samstundes kravde profflivet i Europa meir enn det Maradona var van med frå Argentina. I den pengegaloppen som fotballen etter kvart utvikla seg til på 1980-talet, blei mannen for viktig økonomisk til at han kunne kvila seg i form etter harde kampar eller når han var skada. Kommersielle krav tvinga Maradona ut på bana utan at han var i form, han spelte med sterke smertestillande, og presset gjorde han fysisk, sidan òg psykisk, utmatta. Spelestilen hans gjorde at han stadig oftare blei skadd, og så førte ei blanding av utmatting og dårlege sosiale kontaktar han ut på skråplanet.

KLANEN RUNDT

fekk ein særs negativ effekt på mannen, heilt sidan den tok form på slutten av 1970-talet. Det som interesserte klanmedlemmene, var glansen frå stjerna, lettente pengar og jetsetlivet dei fekk tilgang til gjennom han. Overflatiske og falske som dei var, gjekk dei ikkje av vegen for å svika idolet - når det kunne tena deira eigne interesser.

Det er blitt sagt om Maradona at han «løfter vekk tak», han får - eller fekk, hans fotballkarriere er i alla fall over - vekk det som tyngjer folk og held dei nede. No ser det ut til at han sjølv er utsett for eit veritabelt takras, men noko av det grensesprengjande ved nr. 10 var at han triumferte og blei unik i ei sportsgrein som krev det kollektive, at laget fungerer.

FILOSOFEN

Immanuel Kant delte kunsten inn i den mekaniske og den estetiske. Denne sistnemnde søker det vakre, det ein kan nyta. I dag er det ein tendens til at kunstane blir mekaniske, og at reglement og press av ulik type held det nyskapande i age. Pragmatismen, effektiviteten og resultatet er sett i høgsetet i ein ultraliberalistisk tidsalder.

Når Maradona spelte på sitt beste, eksisterte ikkje laget, han skreid over tronge identitetar. Det var ikkje lenger spørsmål om kva lag du høyrte til - Boca Juniors eller River Plate, Barcelona eller Real Madrid - då var det ikkje lenger måla, konkurransen, det pragmatiske som talde. Maradona som fotballartist fekk oss til å gløyma at vi høyrde til nokon annan stad enn på ein fotballbane, og han gav oss provet på at det estetiske kan vinna over vår kjenslemessige idententitet i fotball.

Det var ikkje lenger «oss» mot «dei andre», det var Diego Armando Maradona med ein fotball klistra til foten, som då han i fattige Villa Fiorito i Buenos Aires-provinsen hinka av garde på høgrefoten for å kjøpa brød - alt medan han triksa seg fram med ein ball leikande på venstrefoten.

JORGE VALDANO,

også han verdsmeister frå 1986, har sagt at «Maradona er vårt alles ansvar», frå dei som ikkje såg anna enn økonomisk profitt og pengeplasseringar i han og til oss som verdset at det også kan produserast kunst når ein sveittar i ei fotballtrøye. Maradona blir ofte jamført med Mozart, i det at dei begge er briljante, spontane, inspirerte, kreative. Mozart blei som liten vist fram for store mennekemengder for at folk skulle få oppleva kva han kunne prestera som utøvande musikar og skapande komponist. Sameleis blei Diego alt frå han var 10 år gammal synt fram i pausane på eliteseriekampar i Argentina for at folk skulle få sjå kva kunster han kunne gjera med ein fotball.

Så spørst det om det kollektivistiske Cuba i dag kan redda den snart 44 år gamle Maradona ut or det marerittet som eit samfunn med rå individualisme har ført han inn i.