Magre kår for demokratiet

Noreg har gjort ein heiderleg innsats gjennom å yte støtte til fredsprosessar i mange land. Eit av desse er Guatemala. Men freden representerer berre startstreken. Livsvilkåra for demokratiet i land med djupe sosiale og økonomiske kløfter er magre. Ulik og manglande tilgang til informasjon og ressursar gir utslag.

Den 16. mai i år gjekk fleirtalet imot viktige grunnlovsendringar i Guatemala. Oppslutninga om folkerøystinga, som skulle vidareføre sentrale delar av freds-avtala frå 1996, var rekordlåg. Resultatet gir grunn til ettertanke. Den 29. desember 1996 vart det sett punktum for ein 36 år lang borgarkrig i Guatemala. Bak fredsavtala mellom geriljaen, URNG, og regjeringas fredskommisjon, COPAZ, låg ein forhandlingsprosess som hadde vart i seks år. På bordet låg ein svært omfattande fredsavtale, som m.a. omfatta menneskerettar, hærens rolle i eit demokratisk samfunn, indianarfolket sine rettar og sosioøkonomiske forhold. Dei første store prøvesteinane etter demobiliseringa av geriljaen og delar av hæren kom med Sanningskommisjonens rapport 25. februar i år, og med folkerøystinga om grunnlovsendringar 16. mai. Den neste utfordringa kjem med valet i oktober.

Konklusjonen frå Sanningskommisjonen var hard kost for militæret i Guatemala. Ifølgje rapporten var staten ansvarleg for 93% av dei registrerte brota på menneskerettane under krigen, og av desse stod hæren for 85%. Geriljaen vart gjort ansvarleg for 3%. Mandatet til Sanningskommisjonen var avgrensa. Rapporten kunne ikkje navngje individ som var ansvarlege for brot på menneskerettane, og funna kunne heller ikkje brukast i eit eventuelt rettsoppgjer. Dette førte til at mange såg framover, og håpte på at ein del av tilrådingane i rapporten skulle bli realiserte gjennom reformer i grunnlova. Den 16. mai i år representerte imidlertid eit tilbakeslag for fredsprosessen, så vel som for demokratiet. Fleirtalet gjekk imot reformene, og oppslutninga om avrøystinga var svært låg. Berre i underkant av 19% av dei registrerte nytta røysteretten.

Kvifor denne låge oppslutninga om ei folkerøysting som rører ved så sentrale spørsmål for framtida til eit demokratisk Guatemala? Grunnlovsreformene innebar ei generell anerkjenning av dei indianske folka og deira rettar, samt ei styrking av demokratiet og rettsstaten. Ein særleg viktig del av reformene galdt hæren si rolle i eit demokratisk samfunn. Med reformene ville hæren si oppgåve for ettertida vere å forsvare suvereniteten og dei nasjonale grensene, og ikkje som tidlegare, vere retta mot den interne tryggleiken. Etter reformforslaget ville medlemmer av hæren ikkje lenger kunne ha offentlege verv og heller ikkje kunne stille til val. Etterretningstenesta til presidenten, det frykta Estado Mayor Presidencial, skulle oppløysast.

Sentrale politikarar, journalistar og analytikarar i Guatemala peikar ut mangelen på informasjon som den viktigaste årsaka til den låge oppslutninga om folkerøystinga.

Regjeringa gjorde eit dårleg informasjonsarbeid, men resultatet av folkerøystinga reiser i første rekkje spørsmål om livsvilkåra til demokratiet i eit land som er så sterkt delt langs sosioøkonomiske skiljelinjer som Guatemala. Framleis er halvparten av folket generelt analfabetar, medan tilsvarande tal er på heile 75- 80% for mayaindianarane. Mindre enn 3% av folket eig 70% av den dyrkbare jorda og heile 75% lever i fattigdom, 58% i absolutt fattigdom. Eit så konkret problem som mangel på transport og pengar til transport spelte ein rolle under avrøystinga. I eit slikt terreng er det lett å drive manipulasjon, og i Guatemala manglar det ikkje på grupperingar som både har økonomiske ressursar til, og interesse av, dette.

Direktøren for det latinamerikanske forskingsinstituttet FLACSO i Guatemala, René Poitevin, viser også til rasistiske tendensar i det guatemalske samfunnet som ei av årsakene til at nei-kreftene mobiliserte. Redsla for større politisk deltaking frå mayaindianarane er sterk i enkelte sektorar. Frykta for det som er ann-leis, ikkje minst for dei religiøse og kulturelle tradisjonane til mayaindianarane, er nærliggjande. Dei fundamentalistiske evangeliske kyrkjene, som gjekk imot reformene under trusselen om at «djevelen vinn dersom de røyster ja», hadde stor påverknadskraft.

Sjølv om folkelege organisasjonar som var positive til grunnlovsendringane også hadde sine informasjonskampanjar, var dette ikkje nok. Sterke krefter, med tilgang på atskilleg meir økonomiske ressursar, kjempa imot. Ligaen for fedrelandet (Liga Pro-patria), Senteret for forsvar av grunnlova (CEDECON), og ARDE, eit høgreekstremt politisk parti med evangelisten Francisco Bianchi som presidentkandidat, var aktive i seks månader før folkerøystinga. Denne gruppa disponerte fem million quetzal (i overkant av fem millionar norske kroner), som skal ha kome frå jordbrukseksportsektoren i næringslivs-organisasjonen CACIF.

Den tidlegare geriljakommandanten Rodrigo Asturias, no medlem av URNG som politisk parti, gav i eit intervju eg hadde med han i april, uttrykk for pessimisme, ettersom kreftene som ivra for grunnlovsreformene, inkludert URNG, hadde svært avgrensa midlar til å drive informasjon. Paradoksalt nok har URNG vanskelegare for å få økonomisk støtte etter at geriljasamanslutninga vart etablert som politisk parti, enn dei hadde under krigen og fredsforhandlingane.

CEDECON starta tidleg arbeidet med å motarbeide grunnlovsreformene. Etter at dei 50 reformene var godkjende av den guatemalanske kongressen 16. oktober 1998, var planen at dei skulle leggjast ut til folkerøysting som eit samla forslag. CEDECON gjekk imot dette og fekk medhald av grunnlovsdomstolen. Dette forsinka prosessen og gjorde det i tillegg svært vanskeleg for det øvste valrådet å nå ut til folk med klar informasjon om kva røystinga galdt. Dei 50 reformene vart fordelte under fire hovudtema, og stemmesetlane atskilt med ulike fargar, for å gjere det enklare for analfabetar. Likevel kjende mange seg usikre og let heller vere å røyste.

Analfabetisme, manglande informasjon, manipulasjon og store sosiale og økonomiske forskjellar har slått tilbake på demokratiet i Guatemala som ein bumerang. Dei same årsakane som skapte krigen held fram med å vere ein barriere for demokratiet i ettertid.

Det neste viktige vegskiljet for Guatemala er det foreståande president-, kongress- og lokalvalet i oktober 1999. Dette blir eit særleg viktig val. Utan grunnlovsreformene har ikkje fredsprosessen resultert i viktige institusjonelle endringar. Innsatsviljen til det komande regjeringspartiet når det gjeld gjennomføringa av fredsavtalene, blir difor viktig. Valkampen i Guatemala blir gjennomført i den same sosioøkonomiske konteksten som folkerøystinga om grunnlovsreformene vart, med svært ulik tilgang til økonomiske ressursar for dei politiske partia. Dette er ei utfordring også for bistandsgjevarane.

Norske aktørar spelte ei konstruktiv rolle som tilretteleggjarar i den guatemalske fredsprosessen. Generelt har også norsk bistand hatt som mål å kjempe mot fattigdom og for velferd i Guatemala. Utviklinga etter freden utgjer imidlertid ei stor utfordring til nytenkjing kring bistand som går inn i ein demokratiseringskontekst. Korleis skal ein sikre politiske parti eit minstemål av like vilkår når det gjeld å drive valkamp og politisk arbeid? Det har til no ikkje vore legitimt å støtte politiske parti over bistandsbudsjettet. Og korleis skal ein, på den andre sida, sikre analfabetar og fattige eit minimum av ressursar og informasjon til å kunne delta i det politiske liv? I debatten kring demokratiseringsprosessar i utviklingsland har fokus i den vestlege verda ofte vore på formelle aspekt ved demokratiet. Dersom dei nye demokratia i den tredje verda ikkje berre skal vere demokrati i formell forstand, er tida inne for å fokusere sterkare på underliggjande økonomiske forskjellar, som ein del av vilkåra for deltaking. Dette er grunnleggjande for at freden skal vare.