Mail i kileskrift

Eit viltert språklandskap der ein både kan finna gull og kråkesølv, og gå seg vill.

BOK: I denne diktsamlinga har Triztan Vindtorn plassert eit langt dikt først og eit tilsvarande sist i boka. Titlane på desse, nemleg «Det er virkelige omgivelser nå», som er eit dikt som krinsar kring biletkunstnaren Asger Jorn, og det noko svakare kjærleiksdiktet «Når kjærligheten er ny», kan gje oss eit glimt av noko som held på å skje med denne poeten.

Vindtorn trer meir og meir inn i ein gjenkjenneleg og personleg prega røyndom, der «samleiet er surrealisme i praksis», og der han likevel med fortetta grep kan samla veldige historiske spenn i originale uttrykk som «mail i kileskrift» og «runetegn fra den levende ferdskriveren». Det fanst dikt alt i Kina-suiten hans (1991/1992) som peika i denne retninga, men nå er det personlege tydelegare enn nokon gong.

Sjølvsagt er det slik at Vindtorn i si kvilelaust oppjaga biletformulering, der han må prøve å få til ei original formulering kvar gong han bruker linjeskift, ikkje alltid kan lykkast. Når både «måke kondor og kolibri må kle seg i galla» som det står, kan det av og til verta noko tilfeldig over gevantane. Han kan trøytta lesaren ut, men nett det er eg ikkje så sikker på om er Vindtorn sitt problem.

Ein får lesa litt om gongen, og då er her mykje å finna i desse dikta. Asger Jorn-teikningar i slapp reproduksjon og eit uinteressant foto Vindtorn sjølv har teke, står langt tilbake for dei bileta poeten skapar i språket:

dersom månen er en gul

motorsykkel

er jorden den blå passasjeren

i sidevognen