Makt og ytringsfridom

Ytringsfrihetskommisjonen har levert si innstilling. Det har utløyst ein uvanleg unison lovsong til formann og medlemer, blomebukettane har vore mange. Nokre små kritiske grynt har vore å høyra, m.a. frå Cathrine Sandnes og Roald Helgheim i Dagsavisen. Det var noko dei sakna.

Siste gratulant ut er Arve Solstad i Dagbladet 3.10. Han dynger kommisjonen, innstillinga og formannen ned i roser, det er nesten ikkje råd å sitere. Innstillinga er ei lærebok som ikkje minst juristar bør pugge. Petimeterjus og juridisk illusjonsmakeri er fråverande her. Her handlar det ikkje berre om ein snever strid om ære og verdighet, noko som berre fører oss inn i eit juridisk morass. Jubelen kunne knapt vore større om Moses hadde kome ned frå Sinai og sagt at dei ti bodorda var ei mistyding. Dei galdt ikkje lenger. No dagast det brør. Det lysnar i aust og vest.

Når så rosene er leverte, kjem stokken fram. Og han dansar over uverdige ryggar, som i tillegg til hogg og slag får strødd over seg ein neve med ukvemsord. Her får dei sitt, dei som kan mistenkjast for ikkje å syngje i jubelkoret: einøygde prokuratorar som har levd av den gamle injurielova, populistiske politikarar som aldri har forstått kva ytringsfridom handlar om, og som til og med er gemene nok til å spele på det dårlege omdømmet media har blant folk flest, politikarar med bakgrunn i grunnleggjande uforstand og kortsiktig politisk gevinst, pragmatiske moralistar og prinsipplause prinsippryttarar.

Kven er no denne mannen, Arve Solstad, som har fullmakt til å dømme til himmel og helvete på denne måten, å skilje sauer og geiter, til høgre og til venstre, med ein uvanleg språkbruk, som ein skikkeleg vestlandsk svovelpredikant?

Han er truleg den norsk mediefiguren, saman med avisa si, Dagbladet, som har stått for flest overgrep mot skuldlause og forsvarslause menneske i vårt land.

Å få ros frå Arve Solstad for denne innstillinga, må for kommisjonen kjennast som det Sigurd Hoel kalla å bli omfamna av lommetjuvar.

Det er for seint å åtvare kommisjonen. Dei har armane til lommetjuven rundt seg.

Men vi andre må spørje. Kvifor gjekk det slik? Kvifor vart kommisjonen ståande med Arve Solstads armar rundt seg? Kva har gått gale?

Eg trur svaret er at dei har gått i ei sosial felle, dei er offer for ein sosial illusjon, ein illusjon all jubelen har bygt opp under.

I den franske revolusjonen vart folket delt i tre. Det var førstestanden, konge og adel, som hadde makta. Så var det andrestanden, kyrkje og prestar og prelatar, som rådde med symbol og tankar. Så var det tredjestanden, som rådde med ingen ting.

Eg trur modellen kan brukast om vi vil forstå vårt eige samfunn, ikkje minst mediesamfunnet. Øvst har vi makta, den økonomiske og politiske. Dei er førstestanden. Andrestanden er forståings- og språkmakta, symbolmakta. Det er akademika, media og kunsten. Tredjestanden er resten, dei makt- og språkfattige. Dei er flest.

Om eg ville sjå på det sivilisatoriske nivå i eit samfunn, ville eg velje ut tre saker. Først ville eg sjå på korleis rettssamfunnet fungerte, også bruken av varetekt. Var det likskap for lova? Så ville eg sjå på korleis levereglane var mellom førstestanden og andrestanden. Var samfunnet slik at akademici, media og andre kunne granske, plage og jage makta, halde henne i øyro på smertefullt vis? Eller var lover og reglar, haldningar og mot slik at makta i fred kunne stelle med sitt, og i viktige saker for makta kunne stole på å ha media på si side?

Så ville eg sjå på korleis levereglane var mellom førstestanden og andrestanden på den eine sida, og tredjestanden på den andre. Her ville eg sjå på kva rettar og vern tredjestanden hadde mot overgrep frå dei to andre. Var det slik at hjelpelause og forsvarslause menneske i medias hender var utan rett og vern? Var det makta som rådde her, i ein blodtåkejungel, eit barbari?

Eg ville stogge mi gransking av det sivilisatoriske nivå her, ei avgrensing må granskinga ha.

Ved mi første gransking ville eg krevje å finne ein fungerande rettsstat.

Ved mi andre gransking ville eg krevje å finne fridom, maksimal fridom for gransking og kritikk, og eg ville krevje å finne folk som nytta fridomen.

Ved mi tredje gransking ville eg krevje å finne reglar, grenser og vern, slik at sakeslause og forsvarslause menneske ikkje kan kastast til kva gribbar som helst, når det måtte lyste nokon.

Om eg fann det eg såg etter i desse tre granskingane, ville eg seie at vi hadde med eit sivilisert samfunn å gjere.

Det er her kommisjonen har svikta. Og det er difor dei i dag står med Arve Solstads armar rundt seg. Dei har i hovudsak interessert seg for forholdet mellom førstestanden og andrestanden, der dei vil ha størst mogeleg fridom, og minst mogeleg reguleringar. Det er synspunkt eg deler, slik at det skal vere sagt. Men tredjestanden, og tredjestandens rettar og vern er nesten borte i innstillinga. Det er dette Sandnes og Helgheim har grynta om i Dagsavisen.

Ytringsfridomen byggjer på sanningsprinsippet, demokratiprinsippet og autonomiprinsippet, skriv dei, og det er vel og bra. «Det myndige menneske» er det vi skal fram til. Av dette vesenet «kreves en viss kompetanse for å kunne fungere som autonomt individ i det åpne samfunn. Denne kompetansen oppnår det enkelte mennesket gjennom å møte andre, høre deres argumenter og prøve deres alternative perspektiver». Av dette blir det skapt «en refleksiv identitet», eit kjernepunkt for det moderne «myndige mennesket».

Det er slike menneske kommisjonen har hatt i tanken under arbeidet, The Happy Few, ville nok ein engelskmann ha sagt. Vi kjenner tankane att. Dette er Georg Brandes, den liberale utopi. Det var ein utopi som dei store politiske rørslene gjekk utanom då dei kom. Tredjestanden vende ryggen til Brandes.

Når ein les den prinsipielle delen av innstillinga, også språket, ser ein at det er andrestanden som har skrive ei innstilling for andrestanden. Når ein har sett på samansetninga av kommisjonen, er det råd å forstå kvifor det måtte gå slik. Kommisjonen er «meget allsidig sammensatt», skriv Arve Solstad, mellom alle dei andre blomane. Det er ein svært overraskande konklusjon. Kommisjonen er samansett av ein haug med professorar, pressefolk på høgt nivå, advokatar og andre frå andrestanden. Dei som bur på våre kantar har stort sett adresse 02, 03 og Bærum. Det er andrestanden som har utgreidd sine eigne arbeidsvilkår (som også er mine, og eg deler synspunkta). Ei meir snever samansetjing enn den vi har fått, kan eg vanskeleg tenkje meg. Ein detalj, om ein no aksepterer at andrestanden åleine skal utføre det samfunnsoppdraget denne utgreiinga er: På ulik vis kjenner eg til dei aller fleste i kommisjonen, og dei er bra folk. Men eg kan ikkje sjå at ein einaste ein av dei har vore gjennom ein skikkeleg mediestorm, og kjent den vanmakta og rettsløysa ein då opplever. Var no dét nødvendig? Det fins folk i andrestanden som har opplevd dette, og som kunne ha gjeve kommisjonen ei innsikt han tydelegvis har mangla. Ein av dei er tidlegare redaktør i Bergens Tidende. Han har skrive bok om opplevinga.

Dette forklarer også at kommisjonen er så vaklevoren når det gjeld Kjuus-dommen. Kjuus hadde berre sagt noko dumt, seier formannen i Journalistlaget. Det kan sjå ut til at både kommisjonen og NJ-formannen saknar røynsle til å fatte overgrepet Kjuus gjorde.

Denne andrestandsforankringa, med trygt feste i eit kulturelt maktapparat, må også vere grunnen til at det er så lite å finne i innstillinga som har relevans til ferske saker, som det overgrepet den såkalla luksusprostituerte vart utsett for ved Dagbladets førsteside for snart fem år sidan, det overgrepet Orderud-familien blir utsett for kvar dag, seinast hos Thomas Giertsen, det ufattelege overgrepet barneporno er. Lista kunne gjerast lengre.

Etter mi vurdering har kommisjonen gjort den feilen at dei har utgreidd det mediemessige forholdet mellom førstestanden og andrestanden, der dei har kome fram til konklusjonar eg i hovudsak deler. Så har dei i hovudsak overført dette til forholdet mellom makta, media og tredjestanden. Det er nokså sløvt gjort, innsiktslaust og fantasilaust også.

Honoraret er massiv jubel frå andrestanden, sjampanje i dei store og lyse salane, til og med på Eidsvold. Og omfamning frå Arve Solstad. Tredjestanden er taus, som vanleg, om vi ser bort frå eit par grynt frå vakne talsmenn.

Og her blir Arve Solstads uvanleg grove utskjelling av politikarane interessant. Vårt representative demokrati byggjer på at vi vel oss talsmenn. Nokre av desse talsmennene (eller -kvinnene) er også valde av dei som ikkje er så taleføre, som ikkje er blitt kommisjonens «myndige menneske». Nokre av dei representerer altså tredjestanden, og skal ta vare på deira interesser, nokre av dei veit kor hjelpelaus ein kan vere når media dundrar laus.

Dei veit at ikkje alle har ordet i si makt. Professorane veit det også, dei klagar støtt, det går til og med tilbake med språkevna, seier dei til avisene. Og dei har med studentane, framtidas elite, å gjere. Forleggjarane veit det, og redaktørane veit det. Dei veit også at det kan vere smått med hjelparar og talsmenn når det røyner på. Advokatar er dyre, og bratholmane er få i den medieleia der våre kommersielle sjørøvarskuter herjar.

Nokon må tale for dei veike. Det må vere staten og lovgjevaren. Kommisjonen veit dette, og skriv det også, på side 64. Men når det skal konkretiserast, blir det tynt og lite å styre etter.

Difor har nok Arve Solstad rett i den uroa han har, og som utløyser alle skjellsorda. Politikarane kjem til å gripe inn. Vernet for dei veike må styrkjast. Rettsløysa må tøymast. Det burde kommisjonen ha gjort meir av sjølv.

Når dei forsømde seg her, må dei finne seg i å få blomar og ros frå Arve Solstad.