In this July 29, 2009  file photo Cupcake Cafe's cupcakes are seen in New York. The Cupcake Cafe's cupcakes are known for exquisitely beautiful butter cream frosting, designed to resemble flowers. (AP Photo/Yanina Manolova,File)
In this July 29, 2009 file photo Cupcake Cafe's cupcakes are seen in New York. The Cupcake Cafe's cupcakes are known for exquisitely beautiful butter cream frosting, designed to resemble flowers. (AP Photo/Yanina Manolova,File)Vis mer

Mammablogg og makt

Unyansert internettlukke er nok med på å skape ulukke. Her burde fleire av oss gå i oss sjølv.

Bloggdebatten har rast dei siste vekene, og mange mammabloggarar har vist til at dei skapar glede på internett. Det har dei nok rett i. Samtidig bør det vere på tide å innsjå at mammablogginga også har andre konsekvensar.

Bloggarar påverkar lesarane sine. Det kan ikkje vere opp til lesaren åleine å vurdere kva delar av historia på bloggen som er truverdig. Dersom ein hektisk kvardag med full jobb, baking, bleieskift og køyring på fotballtrening blir presentert som problemfri på ein blogg, er det ikkje usannsynleg at lesarane kan tru at det er sånn det skal vere. Det styrkar forventninga til kvinner om å lukkast på stadig fleire område.

Fleire mammabloggarar har vist til at lesarane burde kunne skjønne at idyllen berre er ei side av historia. Så enkelt er det ikkje. Reklamebransjen er eit godt eksempel på at idylliske framstillingar av eit produkt får folk til å kjøpe meir av det produktet. På same måte vil mammabloggarar kunne påverka andre mødrer til å ville leve som dei. Det er eit ansvar mammabloggarar burde tenkje på. Og det kunne vere ein god grunn til også å skrive litt om utfordringar ved småbarnslivet, som til dømes Mammadamen gjer på ein fin måte.

Dersom ein tar eit steg attende frå mammabloggane, ser ein at dette også er eit generelt problem på internett. Mange av oss legg ut dei fine feriebileta på Facebook, mens dei mislukka blir liggjande på kameraet. Dersom internett blir ein stad der me berre deler det positive i liva våre, vil me skape uoppnåelege forventingar til kvarandre. På den måten kan delar av kritikken mot mammablogging også fremjast mot andre former for blogging og deling av informasjon på andre sosiale media.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Unyansert internettlukke er nok med på å skape ulukke. Her burde fleire av oss gå i oss sjølv.

Mammablogging fortener likevel ein eigen debatt. For denne trenden har to særeigne tendensar som er urovekkjande for likestillinga.

Følg oss på Twitter

For det fyrste er det stort sett kvinner som bloggar om familieliv. Difor er det bra med mannlege tilskot til fellesbloggverda, som viser at barn er eit felles ansvar. Dersom målet er at mor skal dele meir av ansvaret for heimearbeidet med far, er det problematisk om familielivet på nett stort sett blir fortalt frå mamma si side. Då verkar heimeansvar som ei kvinnegreie.

For det andre gir bloggane status til tradisjonelle kvinneaktivitetar som tar mykje tid, som til dømes å lage syltety med sjølvplukka ber eller å berre bruke heimebaka brød. Når andre kvinner opplever dette som reelle forventningar for å vere vellukka, gir det stress og press. Eg fryktar at dette presset kan få kvinner til å trappe ned på jobb, fordi alle forventningane er uoppnåelege å kombinere. For samfunnet vil det bety færre kvinner med samfunnsmakt, og mindre likestilling i praksis.

Konklusjonen bør ikkje vere at mammabloggarar bør slutte med hobbyen sin. Derimot bør dei sjå at dei påverkar lesarane sine og leggje inn litt ekstra omtanke. Tenk på gleda og gjenkjenninga ein kan skape dersom ein innimellom fortel om då kakeglasuren ikkje blei så vellukka.