Månen som vart ord

Mange gode kortdikt, men nokre stinkar av zen.

BOK: Dei trelinjers dikta i denne samlinga fører automatisk tankane mot haikudikting, men dessverre står det også på innbretten at dei er prega av møtet med zenbuddhistisk tenking.

Her er mange dikt som meir er prega av at dei stinkar av zen, som ein seier, når dei på ein altfor analytisk måte prøver å nærma seg zen og visa dette fram.

Det vesentlege ved zen er ikkje tenking, men å sjå direkte inn i mysteriet det er å vera, ikkje som følgje av lesing, eller på grunnlag av Buddha sine ord, men gjennom eigen erfaring, ei erfaring som går utanom analytiske omgrep og assosiative litterære teknikkar. Ei erfaring som intuitivt fører til ei direkte og djuptgåande oppleving av tinga og det at dei finst til.

Eg skulle ønskja at ein bare skreiv kortdikt og ikkje måtte skyta seg inn under zenbuddhismen. Her er nemleg mange gode kortdikt, som kunne levd sitt norske liv utan problem. Men som zendikt vert mange av dei for analytiske, for metaforiske og abstrakte.

Som dette:

«Tungen dykker dypt

i språkbrønnens brakke vann

Gressduggen tier»

eller dette:

«Månen er borte

Stjernene gror lys i kald

forakt for tiden».

Andre er for kommenterande:

«Sneglen i gresset

Hun her. Hver har sine liv

Ingen forskjell der»

og

«Hun går i duggen,

barnet med havgapøyne

Slik eies verden».

I begge dei to siste dikta her kjem tredjelinja inn med ei forklaring om kva poeten ville ha sagt. Det er etter mi varsame forståing lite i tråd med zendiktinga å forklara seg på den måten.

«Sakte

vert våren full

av måneskin og plommer»

skriv Basho. Men, sidan eg ikkje har noko greie på zen, la meg heller gå over til eit par dikt som er gledeleg gode uansett.

«Sug fra sprukken is

og hennes gule sykkel

lent mot en våt mur »

Eit fint dikt, sjølv om det ville tent på å ha «sprikkende is» for å fanga augeblinken betre. Men les følgjande flotte dikt og leit vidare sjølv:

«Stemmer fra havet:

fire skjell i en bøtte

med saltvann og tang»