Mange års røynsle med pil og boge

ETTER UTGIVINGA AV

«Brennbart» og debatten om boka kan vi slå fast at desse forskingsresultata blir ståande:

Riksmålsbevegelsen, ikkje målrørsla samarbeidde med Quislingstyret under krigen. Dei norske motkulturane, målrørsla medrekna, var i stor grad immune mot det nazistiske og fascistiske tankegodset.

Den motsette historia, slik den blir framstilt hos Hans Fredrik Dahl og Lars Roar Langslet, er så fagleg svak og ideologisert at den må kallast historieforfalsking.

Immuniteten til dei norske motkulturane er gammalt nytt. Med nyare presisingar og utdjuping gjeld slutningane i standardverket «Who Were the Fascists?» frå 1980 den dag i dag. Sjølv har eg berre referert frå dette verket. Kunnskapen om Riksmålsforbundets samarbeid med NS-styret for å ta hemn over demokratiet, er derimot mine eigne funn.

I DEBATTEN HAR

ingen trekt desse hovudkonklusjonane i tvil. Langslet har sjølv vedgått at han har gitt ei heilt feilaktig framstilling av Riksmålsforbundets historie under krigen, og samstundes bagatellisert dette som «slurv». Slurv er ordet viss ein forfattar for eksempel skriv hovdingdiktaren Knut Quisling i staden for diktarhovdingen Vidkun Hamsun. Langslets feil er av ein annan karakter.

Dei to grovaste påstandane hos Dahl var for det første at nynorsken kom dårleg ut av rettsoppgjeret etter andre verdskrigen. Den andre er slik: «Det fans målfolk som så det slik at Ivar Aasens verk ble videreført av ideologer som Alfred Rosenberg i Tyskland og Vidkun Quisling i Norge.»

Begge desse formuleringane har Dahl nå beklaga. Med god grunn. Han har ikkje lagt fram ei einaste rettsforhandling eller landssviksak som kunne svekka nynorsken. Det skremmande talet på målfolk som såg nazismen som ei vidareføring av Ivar Aasens verk, har brått krympa til «ett enkeltindivid». Verken den motkulturelle motstanden eller Riksmålsforbundets medløperi er nemnde hos Dahl.

Slik er status. Det får bli opp til Riksmålsforbundet og Aschehoug å ta stilling til kva dei vil gjera med restopplaga av sine uvederheftige historieverk.

FORSØKA PÅ

avsporing av debatten har vore mange og heilhjarta. Riksmålsforbundet har blitt dogmatiske postmodernistar, og hevdar av forståelege grunnar at historia ikkje finst. Med avisa si spesielle forhistorie er Aftenpostens redaksjonelle tagnad vel så interessant. Eit komisk høgdepunkt er professor Trond Berg Eriksens konspirasjonsteori, der publiseringa av «Brennbart» er sett i scene av Gyldendal for å fjerna fokus frå Alnæs-saka. Sjølv om dette nivået kan synast uoppnåeleg, har både Dagbladet og Aftenposten prøvd å nærma seg, med alvorstunge kronikkar mot den stadig meir omseggripande latterleggjeringa av Ullevål Haveby-dialekten. Sjølv om det ikkje blir lett, lovar eg Helene Uri og Per Egil Hegge å gjera alt som står i mi makt for å halda meg alvorleg. «Han holdt på å smile, men tok seg i det», som Louis Masterson så pregnant har formulert det.

Kritikaren Jon Langdal har tidlegare kalla Dahls metode for «brønnpissing», men lagt til at Dahl sjeldan pissar rett i brønnen. Strør han derimot rundt omkring, vil forureininga smått om senn siva inn.

Samstundes som ein unngår å vekkja historikarane som søv søtt ved kjeldene, kunne det vera fristande å tilføya.

I EIN KOMMENTAR

i Dagbladet den 28. november plaskar professor Dahl likevel uti så det blir ringar i vatnet. Her forlet han historiefaget, og stiller i staden den psykiatriske diagnosen «galskap» på vel ein halv million landsmenn, som dessutan er prega av eit hat dei i det lange løp ikkje er i stand til å kontrollera.

«Dahl-skolen» har vore eit begrep innanfor fascismeforskinga i alle fall sidan 1997. Under Dahls redaksjon la ei gruppe yngre historikarar tidlegare i år fram boka «Et rettferdig oppgjør?» om rettsoppgjeret i Norge etter 1945. Fleire av bidragsytrane har deltatt i debatten om «Brennbart». Ein skulle venta at vitskapsfolk ville bli glade og takksame over å få presentert ny kunnskap innan sitt forskingsfelt. I dette tilfellet kan ein knapt seia at gleda har vore udelt.

Kva tenker ein ung historikarar på når gamle sanningar blir avslørte, og ny kunnskap lagd fram? På seg sjølv!

I «Brennbart» står det på side 95: «Lars-Erik Vaale var forfattar av Dommen til døden. Dødsstraffen i Norge 1945-50. I forordet takkar den unge historikaren Vaale demonstrativt sin prosjektledar Dahl for «dyktig faglig bistand og intellektuell inspirasjon»». Det er alt, meir står ikkje om Lars-Erik Vaale. Er han forarga over at målrørsla urettvisst har blitt knytt til nasjonalsosialismen? At riksmålsbevegelsens tilknyting til Quisling-styret har blitt underslått? At det framleis blir aksjonert for å brenna nynorske lærebøker? Slett ikkje. Oppøsinga handlar at det står på trykk at dei som har samarbeidd med Hans Fredrik Dahl, har samarbeidd med Hans Fredrik Dahl.

I dette perspektivet er navlebeskuing ein vidsynt aktivitet.

Medan Dahl har dyrka kollektiv diagnostikk, tar hans unge kollega Nikolai Brandal utgangspunkt i djupideologiske nær thatcher-opplevingar av einskildindividet, mot trugsmål frå «klassen», «folket» og «nasjonen». Derifrå følger han Dahl over i rolla som psykiatrisk sakkyndig. Brandal går visitt i avisa Klassekampens spalter medan han stiller tunge diagnosar på sine paranoide meiningsmotstandarar. Og sanneleg følger ikkje Lars-Erik Vaale med frå dialog til diagnose, i ein inngåande anamnese i Dagbladet den 7. desember. Han har til og med funne ei heilt ny liding, som ikkje berre heiter «konspiranoia», men som også er «virulent». Det er guten sin, som har komme til skjellsord og alder!

DAHLS PROBLEMSTILLING

i De store ideologienes tid var spørsmålet om kvifor målrørsla kom svekka ut av krigen og rettsoppgjeret. Ut frå dei nye opplysningane om språktilhøva under krigen, blir spørsmålet som i staden melder seg: Korleis kunne det ha seg at den deskrediterte riksmålsrørsla blei styrka i etterkrigstida? Som Asbjørn Aarnes har peika på, var 38-rettskrivinga og Kohts «sprogplanleggingsidé» del av den nasjonale motstandskampen under krigen. Medan riksmålsaktivismen førte vidare Quisling-styrets kamp mot «det kohtske knot».

Forklaringane på dette paradokset er fleire. Her er tre mulige:

Riksmålspressa med Aftenposten i spissen styrka seg under okkupasjonen. Det gjorde det enklare å dyssa ned, og feia under teppet Riksmålsforbundets samarbeid med NS-styret. Dessutan overtok Arnulf Øverland som formann i Riksmålsforbundet. Og den gamle radikalaren Øverland leverte full pakke i takt med skiftet i dei ideologiske konjunkturane: Atomvåpen mot Sovjetsamveldet, krig mot moderne former i kunsten, og kamp mot samnorsk og folkemål.

Norsk språkstrid har vore ein fredeleg diskurs. I motsetning til språkstrid nesten alle andre stader har den norske ikkje ført til fysiske overgrep. Målrørsla har arbeidd innanfor demokratiske former. Det same har ikkje alltid prega motparten. Det er utenkeleg at nynorskelevar skulle brenna riksmålsordlister. Eit forfengeleg håp kan vera at utgivinga av «Brennbart» også gjer det motsette umulig. Og at nynorskbrukarar får same vern som alle andre mot «Ærekrenkelser rettet mot nedarvede sosiokulturelle karakteristika».

ETTER ALT DETTE

blir det malapropos å hevda at det berre var i gamle dagar at språk og språkbruk var omstridde saker, slik John Olav Egeland gjer i sin årvisse klage over venstresedenes forfall i Dagbladet den 5. desember.

Gi det var så vel. Det er det ikkje. Men hvis John Olav Egeland og hans mektige redaktørkollegar kunne sørga for at begge formene for skriftleg norsk fekk sin rettkomne plass i riksavisene, ville dei gi eit betydeleg bidrag til at det kunne bli det.