REGLER OM ARVERETT: Reglane om arverett for sambuarar var ei nydanning då dei kom i 2008, og var grundig vurdert, skriver Sveinung Rotevatn. Foto: Terje Pedersen / NTB Scanpix
REGLER OM ARVERETT: Reglane om arverett for sambuarar var ei nydanning då dei kom i 2008, og var grundig vurdert, skriver Sveinung Rotevatn. Foto: Terje Pedersen / NTB ScanpixVis mer

Arvelov:

Mange dilemma i arveretten for sambuarar

For mange sambuarpar vil reglane som gjeld for ektefellar, passe godt, men det er også mange par slike reglar ikkje vil passe for.

Meninger

Oppslaget i Dagbladet 31. juni om forslaget til ei ny arvelov gir ein lite opplysande omtale av arverettane for sambuarar og kan ikkje stå uimotsagt. Utvalsleiar Torstein Frantzens kronikk gir også grunn til kommentarar.

Dagbladet skal ha ros for søkjelyset på arvereglane. At sambuarar blir oppfordra til å tenkje gjennom slike spørsmål, er positivt. Dessverre gir ikkje oppslaget eit godt grunnlag for sambuarar til å vurdere rettsstillinga si. Til det er oppslaget for unyansert og mangelfullt. Ikkje minst er det påfallande at retten til å sitje i uskifta bu ikkje er omtalt. Desse reglane er vel så viktige som retten til arv.

Når det gjeld Frantzens kronikk, vil eg påpeke at reglane om arverett for sambuarar ikkje blei førebudde på 50- og 60-talet. Dei blei vedtekne i 2008. Det veit Frantzen godt, og det er vanskeleg å forstå kvifor han då gjer eit poeng av at det er lenge sida 50- og 60-talet. Omfanget av og haldningane til sambuarskap har ikkje endra seg nemneverdig sidan 2008.

Det er mange dilemma i arveretten. Uansett korleis ein utformar reglane vil det vere eksempel på at det ville gi eit rimelegare resultat om dei hadde gått ut på noko anna. For mange sambuarpar vil reglane som gjeld for ektefellar, passe godt, men det er også mange par slike reglar ikkje vil passe for. Spørsmålet blir då kva for sambuarpar som skal ha byrda med å opprette testament.

Bør det vere dei som ønskjer den same reguleringa som for ektefellar sjølv om dei har valt å ikkje gifte seg, eller dei som ikkje er gift nett fordi dei ikkje ønskjer slik regulering? Og der arvelataren har barn frå eit tidlegare forhold (som vel er langt vanlegare enn at den nærmaste slektningen er ein fetter, jf. eksempelet i kronikken), er det opplagt at det gjennomgåande er sambuaren, og ikkje barna, ein fyrst og fremst bør ta omsyn til?

I høyringa var det ingen som generelt støtta ei arverettsleg likestilling mellom ektefellar og sambuarar. Tvert imot var det omfattande skepsis til forslaget. Reglane om arverett for sambuarar var ei nydanning då dei kom i 2008, og var grundig vurdert. Reglar som har så mykje å seie for folk flest, bør vere stabile. Å snu testasjonsbyrda etter (i arverettsleg samanheng) få år, har mange ulemper. Ein bør ikkje endre slike reglar om ein ikkje er overtydd om at andre reglar vil gi ei klart betre løysing. Høyringa gir inga støtte til at det er tilfellet her.