SPRÅDIREKTØR: Åse Wetås. Foto: Språkrådet
SPRÅDIREKTØR: Åse Wetås. Foto: SpråkrådetVis mer

Debatt: Teksting på tv

Mangelfullt svar om tekstekvaliteten i NRK

NRK svarar ikkje på korleis ein dårlegare modell skal gje like god tv-teksting.

Meninger

Dagbladet og Jon Rognlien er 6. september med rette urolege for kvaliteten på tv-tekstinga i NRK i framtida. Utgangspunktet er at kanalen har varsla at dei ønskjer å seie opp avtalane med ein del av tekstarane sine og i staden få tenesta levert gjennom eit byrå. Dessverre svarar ikkje NRK på hovudpoenga til Dagbladet i tilsvaret 9. september. Korleis allmennkringkastaren har tenkt å sikre den språklege kvaliteten på tekstane framover, er det difor framleis ingen som veit.

NRK har lenge vore eit lyspunkt i tekstebransjen. Mens mykje, for ikkje å seie det meste, av teksting både på tv og på andre plattformer i dag er prega av halvautomatisk maskinomsetjing og hastverksarbeid, har NRK levert solid og gjennomarbeidd handverk. Den viktigaste grunnen til det er enkel: Allmennkringkastaren har brukt meir pengar på tekstinga enn andre.

Når så eit byrå kjem inn og skal ha ein del av kaka, seier erfaringa at kvaliteten på tekstane jamt over går ned. Språkrådet skulle ønskje NRK kunne imøtegå den problemstillinga. I staden løftar direktør i mediedivisjonen, Øyvind Lund, fram at direkte- og nyheitstekstarane får fast jobb.

Det er ei mager trøyst når mykje av den aller viktigaste tekstinga, t.d. retta mot born og unge, skjer utanfor nyheitssendingane.

NRK ønskjer no i praksis å gå over til den modellen som kommersielle aktørar brukar, og som jamt over gjev dårlegare språkleg kvalitet.

Språkrådet håpar NRK kan svare på korleis dei vil hindre at det også skjer med dei.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook