FYRTÅRN: Faten Mahdi Al-Hussain vil leva under ein riktig islamsk stat. Foto: Jacques Hvistendahl
FYRTÅRN: Faten Mahdi Al-Hussain vil leva under ein riktig islamsk stat. Foto: Jacques HvistendahlVis mer

Manifeste markeringar

Den hybride Støre med spørsmål som skal gjøre en forskjell.

Kommentar

DENNE VEKA var det rose- og paraplytog mot Profetens Ummah og IS. Toppane i det politiske Norge stilte opp i forbrødring. Imamane siterte Koranens heilage ord. Demonstrasjonen samla nesten like mange muslimar som opptoga mot «Sataniske vers» og dei blasfemiske fornærmelsane mot profeten Muhammed (fvmh).

EIN TIDLIGARE lovande keeper på Skeids guttelag blei ikkje godkjent som dommar av Oslo fotballkrets. Til gjengjeld er Arslan Ubaydullah Maroof Hussain framført i frihet i tre kvarter på VGTV. Innslaget kan anbefalast som lærestykke. Mannen er rabiat, men ingen tulling. Han argumenterer logisk og samanhengande innanfor sitt forskrudde verdensbilde. Omtrent som å høyra ein bibeltru norsk-luthersk helvetespredikant på sitt mest brennande. Eller å ha opplevd ein performance med den marxist-leninistiske frelsesoffiseren og sjamanen Tron Øgrim (fvmh). Profetens Ummah og sofa-jihadistane har fått sin utopi virkeliggjort i kalifatet. Den feira appellanten Faten Mahdi Al-Hussain vil også leva under ein islamsk stat - ikkje denne islamske staten, men ein riktig islamsk stat. Norske m-l-arar og symparane deira fann sine totalitære og utopiske fyrtårn i proletariatets diktatur under Stalin, i Albania, Kampuchea og Maos Kina, som heller ikkje var noe teselskap.

PÅ NETTSTADEN Vinforum, der dei store vinsnobbane finn kvarandre, ber den manifeste Magnus Marsdal om råd om svalskap til oppbevaring av dei riktig fiine og slottstappa vinane. Slike skap er rådyre, men i motsetning til i ein traust kjellar, kan ein då ha vinen synlig for alle og klar til analyse, gjerne midt i stova. Eit must for raudvinsrevolusjonære i partiet Rødt, og noe heilt anna enn Frp-koden. Ettersom Marsdal denne veka feirar sin 40-årsdag litt forsinka, kan det vel også betraktast som eit tips til proletariatet om passande gave til ein kvalitetsutredar.

SOM FRANSKE presidentkandidatar flest har den hybride Jonas Gahr Støre skrive bok og kome biografane i forkjøpet. Han og medforfattaren, syndikalisten Jonas Bals, som også har vore på pilegrimsvandring til Arbeiderpartiet, er eit omreisande seminar med fleire spørsmål enn svar som kan gjera ein forskjell. Det var noe anna då Håkon Lie reiste Norge rundt og fortalte medlemmene kva dei skulle meina. Eller i Thorbjørn Jaglands tid med rådslag, ikkje for å få dialogiske råd, men for å gje råd om den rette partivegen.

Etter at SV blei temma, var Fremskrittspartiet aleine mot den heilage, allminnelige handlingsregelen. Nå er det bare dei ikkje-koopterte i Siv Jensens parti som held dogmatisk fast på truvedkjenninga. Alle andre har revidert den og sett grensa for å vera vantru og fråfallen ned frå fire til tre prosent. Det einaste konstante er forandringa.

STATSRÅD VILLVEY vil ikkje ha det sittande på seg at ho er utan kulturell ballast. Ho fortel til Arbeiderbladet (hv) at ho var med i Ten Sing-koret «Good News». Der var ho til og med solist i «Just a Closer Walk with Thee». Som ei Patsy Cline i samspel med Willie Nelson. Men i møte med filmfolket og moms-redaktørane vil Thorhild Widvey motbevisa at «I am weak, but thou art strong».

Lik Dagbladet Meninger på Facebook