Twista. (AP Photo/Jim Cooper)
Twista. (AP Photo/Jim Cooper)Vis mer

Vekas Vers:

Mannen bak Guinness-rekorden i rapping

– Men det betyr ikkje ein ting, om det ikkje har swing.

Lenge før eg hadde høyrt ein einaste låt av han, las eg om denne rapparen i Guinness Book of World Records ein gong tidleg på nittitalet. Han hadde prestert å rappe 598 stavingar på 55 sekund, og var dermed verdas raskaste rappar. Han kalte seg Tung Twista. Eg hugsar at eg tenkte at dette kunne umogleg vere ein særleg ekte rappar. Han kunne i alle fall ikkje vere bra.

Eg voks opp i ein jazzheim, og hadde lært at det ikkje handlar om å kunne flest notar, eller spele fortast mogleg, men om å spele dei rette tonane, og legge dei på dei rette plassane. Ikkje at det eigentleg finst rette tonar og plassar, heller, for det finst ingen fasit; det handlar om feeling, og kjensler. Flinkisar var det lite av i far si platesamling. Denne lærdomen tok eg med meg vidare då eg oppdaga min eigen musikk: hip-hop og heavy metal. Eg fnyste veloppdragent av meir-er-meir-guruen Yngwie Malmsteen. Ikkje mykje ekte kjensler der i garden, nei.

Me har vore inne på det i denne spalta før. Rapp er ei svært bunden form for dikting. Me har denne 4/4-takta, og me har som regel éi verselinje per takt. Men innanfor desse rammene kan mykje skje, og rytmane kan vere forskjellige, ha synkopar, og ikkje minst ulike tempo.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I det meste anna populærmusikk vert melodi, tekst og komp til i ei form for vekselverkande prosess. I rapp er det oftast litt annleis: Ein rappar får (eller tar) eit beat, og må knekke koden. Om det lukkast rapparen å levere (svært) bra flow og tekst, så resultatet vert ein god låt, seier ein gjerne at han eller ho «drap beatet». Biletet i denne klisjéen er (kanskje passande nok) overdramatisk, men det er noko sant i det. I byrjinga er berre beatet, og det er beatet som legg rammene – med akkordar, rytme og tempo – for korleis rapparens flow kan verte. Rapparen må overvinne utfordringane som beatet leverer. Han eller ho må ta kontroll, og temme rytmen.

I hip-hoppens barndom var tempoet i musikken relativt høgt, då ein rappa mykje over disco- og funklåtar, gjerne i 110-120 bpm. Men snart vart sjangeren meir variert i uttrykket, og sidan har tempoet lege på 80-110 bpm. Tempoet på beatet har derimot lite å seie for talet på stavingar i tekstane. Kvar verselinje/takt har typisk om lag 10-15 stavingar. Er tempoet høgt, vert stavingane kanskje litt færre, men hovudsakleg berre levert raskare. Unntaket har vore når rapparar ville lage noko ekstra raskt. Då har ein gjerne tatt eit beat med høg bpm, og prøvt å proppe inn endå fleire stavingar. Til dømes på den unge Tung Twista sitt debutalbum, «Runnin’ off at da mouth» frå 1992. Sjølv om låten «Mista Tung Twista» går i heile 110 bpm, klarer han ved hjelp av nøye konstruering av rytmikken i linjene, til dømes med hyppig bruk av triolar, å få talet på stavingar opp på 25 i enkelte linjer, men snittet ligg likevel på rundt 18 (i fyrste verset).

Lista over raske rapparar frå denne perioden er lang, lista over tidlause klassiske låtar i denne stilen er kortare. Mange tok munnane sine litt for fulle, diksjonen vart dårleg, og det er ofte vanskeleg å forstå kva dei seier – og ikkje minst kva poenget er. Kvar vart musikken av? Mange ord, mykje informasjon, men kva betyr det? Som Ella og Duke sa, «it don’t mean a thing if it ain’t got that swing».

Etter debutplata, endra Tung Twista namn til berre Twista, og i 1997 kom album nummer tre, det som framleis er hans store meisterverk, «Adrenaline rush». Twista hadde no oppdaga trikset (som også andre oppdaga på denne tida) med å skru tempoet på beatet langt ned. For å seie det enkelt: beatet går i 70, og Twista rappar i 140, altså dobbeltempo-rapp.

Med seige, luftige beats (plata har eit par låtar heilt nede i 60 bpm) opnar det seg ei heilt ny verd av moglegheiter for ein rask og musikalsk rappar. Fordi linjene er så lange, er plassane å legge dei rette tonane og rima mange fleire. Denne fridomen utnyttar han maksimalt, og gjer både det melodiske flowet og rimekunsten svært dynamisk, og på denne måten leikar han heile tida med lyttarens forventningar om kva som skal skje. Han skrur tempoet opp og ned, endrar flowet, og rimar hyppig, men der han vil.

Ein av dei sterkaste låtane på plata, «Emotions» opnar med eit vers på berre 12 takter, men kvar takt har i snitt over 25 stavingar. Vår vanlege tekstboks vert for liten, så lat oss kike på teksten her. Eg vil på det varmaste anbefale å spele låten, så du både kan høyre og sjå kor elegant dette er gjort.

Well, a motherfucker could never control me, only squeeze me and hold me, that's what the ho came up and told me / Now is she bold, G? But in my mouth is where the gold be cause I be pimpin her like Goldie / Gotta get paid in this age, my fingers ain't made just to be choppin up confetti with, if it's already thick you / better study, nigga, if you ain't with it you can get it cause I ain't even on that petty shit / So who the fuck do I competi with? The rhythm I kick is like a rhythmly-wicked-arith-a-metic / Pick em up quick and then give em the dick, thinkin I'm innocent, they up in the mall shoppin for me, pickin a fit / I got them heffer's nose red, and when we get in the bed, I be leavin em with rose legs / Stuffin that made em wanna pose dead, but you already got em until you get up in them hoes head / I don't mean to sound bogus or nothin, but it's the bomb when I be havin them cuties thinkin I'm in love with em, when I'm rubbin em / Be gettin pub with em, in a club with em, smokin dub with em, huggin em, freakin in the tub with em / After gettin paid from her she ain't trippin cause she know she got what she paid for / She honor my name, I gotta tame, here it go, now we speakin with the game on ways to make mo'

Me kan trygt seie at Twista har kontroll, og temmer beatet. Med den leikande rytmiske tilnærminga, er det nesten som om han dreg beatet med seg rundt i ringen, ertande og overlegent. Han får det til å høyrest lett ut, så ein vert ikkje sliten av høyre på, sjølv om informasjonsmengda er enorm. Av og til er meir meir, i alle fall om me strekk ut tida. Twista er rask som Malmsteen, men med ein lyrisk og dynamisk musikalitet som Miles.

«Emotions» handlar om korleis Twista leikar med kvinner sine kjensler, og som på resten av plata, er han flink til å halde seg til emnet. I motsetnad til dei fleste teknisk overlegne rapparar, held han metapraten om skills på eit passeleg lavt nivå. Og når han skeiar ut, er det tøft og med meining, som i dette verset når han innrømmer at det i stor grad er eit matematisk arbeid å få desse orda til å gå opp: «So who the fuck do I competi with? The rhythm I kick is like a rhythmly-wicked-arith-a-metic».

Og på refrenget: «Let me play with your emotions, ho / To the rhythm of a hi-hat».

Leik, kjensler, rytme; ei grei oppsummering, det. Som Ella og Duke seier vidare: «It makes no difference if it's sweet or hot / Give that rhythm everything you've got».