Mannen, hunden og døden

Bjørn Aamodts poetiske testamente handler om hunden Frodo. Men også mye mer.

SISTE FARVEL: Bjørn Amodt er en av de store poetene i sin generasjon. Før han døde for fire år siden, skrev han en bok som nå er ute.  Foto: LARS EIVIND BONES
SISTE FARVEL: Bjørn Amodt er en av de store poetene i sin generasjon. Før han døde for fire år siden, skrev han en bok som nå er ute. Foto: LARS EIVIND BONESVis mer

||| ANMELDELSE: Når poeten Bjørn Aamodt (1944-2006) tok for seg kjæledyret i denne diktsamlinga som vert publisert post mortem, går han inn i eit felt som kan fylle oss med motstridande kjensler.

Medan tusenvis av barn døyr av diaré kringom på kloden, får undulatar den beste medisinske behandling. Medan barn lever utan mat og klede, kjøper folk moteklede til hundane sine.

Om en hund
Bjørn Aamodt har i samlingar som «ABC», «Anchorage», «Atom» og «Arbeidsstykker og atten tauverk» vist mennesket sine evner til å bruka språket på ein subtil måte i eksakte og audmjuke dikt om menneskeleg arbeid. Noko han hadde tribuneplass til frå sin posisjon i førarhuset på ein løftekran.

Mannen, hunden og døden

Derifrå såg han og skildra korleis menneskenaturen omskapar dei hardaste materiale og handsamar enorme objekt med millimeterpresisjon. Når Henning Karlbom i sitt etterord skriv at Aamodt «sikkert kunne skrevet under på at hundens natur overgår den menneskelige» verkar det noko sentimentalt og urimeleg. Men det er vel tenkt som ei slags grunngjeving for å gje ut ei heil diktsamling som krinsar kring ein hund.

Eksperiment
Henning Karlbom skriv elles klargjerande om prosessen bak denne boka, både når det gjeld poeten sitt arbeid og Karlbom si ferdigstilling av manuset. Bokproduksjonen bryt med Aamodt sitt overordna formprinsipp, og det vert ikkje vakkert når tekstblokka er broten opp på ein tilsynelatande tilfeldig måte på ein del sider.

Aamodt har hatt klar tematikk og vist evne til å eksperimentere med form også i tidlegare bøker. I Avskjed går han ekstra langt ved å setja opp alle dikta i blokkar på sju linjer med rett høgremarg, heilt utan omsyn til kvar eit ord vert delt. Han gjennomfører heile boka med bare kommateikn, og han unngår å nytte skiljeteikn mellom kommaet og følgjande ord.

Energisk flyt
I tillegg til å vera ein tekst som får ei ekstra dirring av at ein i realiteten dødssjuk poet skriv om ein openbart dødssjuk hund, handlar teksten også om tekst; om kommateiknet, om skrivemåte og skrifta han nyttar og om den historiske skapinga av alfabetet sine bokstavar. Det er eit godt driv og ein energisk flyt over diktet, som gjer det leseleg trass den uvante skrivemåten.

Aamodt sitt insisterande fokus på konkrete sansingar i hans og hundens felles univers, løfter teksten. Saman med skildringar av kroppens celler, skriftas små delar, landskapet dei går i, hunden sine åtferdsmønster, vert dette til ein song av minner, ein song om sorg og kjærleik til kvardagen, mest heile tida på ein usentimental måte, men og med opning for å ta med nettopp det aspektet når det heile er over: «jeg elsker deg Frodo hvisker jeg i øret hans.»