Maradonna - fotballens Akilles

Diego Maradona er eit dophovud som kjempar for livet sitt. «Guds hand» beskyttar ikkje fotballguden no lenger. Det får han til å likne på den antikke verdas største helt.

Det er lite heltemodig over den argentinske fotballspilleren Diego Maradona i dag: kokainmisbruk, overvekt og dårleg hjarte. Sjølv har eg aldri vore stor fan av han. Eg har, som alle andre, anerkjent Maradona som ein av tidenes største fotballspelarar, men det har alltid vore noko med han som har gjort at eg ikkje har hatt sympati med han. Etter at eg las Homers epos «Iliaden», skifta eg syn.

FOTBALL-VM 1986: Maradona fører Argentina til verdsmeistertittel. Han scora fem mål i turneringa, men verdien hans for laget er ikkje kalkulerbar. Maradona er fotballens Akilles. Han er allment akseptert som verdas beste spelar. Som med Akilles er namnet og ryktet hans nok til å få motstandarane til å skjelve. Det første VM han spelte i, var i 1982. Men han var for ung og uerfaren. Hans styrke blei hans veikskap. Motstandarane frykta han så mykje at dei brukte alle skitne triks for å stoppe han. Maradona let vreiden ta overhand etter å ha bli sparka ned i heile kampen mot Brasil. Han stempla ein motspelar og blei utvist, slik Akilles sin vreide plasserer han på sidelinja. Argentina tapar og gjer ei dårleg turnering utan Maradona.

MEN MARADONA VINN over vreiden, slik Akilles overvinner vreiden mot Agamemnon. Laget hans blir uovervinneleg. Det blir sagt at fotball er eit lagspel, og at alle spelarane er like viktige. Det er sant, men ikkje i dette tilfellet. Utan Maradona hadde aldri Argentina vunne VM i 1986. Maradona blei nasjonalhelt, men ikkje alle hugsar han som ein helt - i moderne forståing av ordet. Ein helt skal ikkje jukse, slik Maradona brukte handa for å score mot England i kvartfinalen. Då han sa at det var «Guds hand» som slo ballen i mål, vakte det stor harme i fotballverda. Han har blant mange fotballinteresserte aldri blitt tilgjeven for det, sjølv om han i same kamp gjorde tidenes mål. Det er kanskje også dumdristig å stille følgjande spørsmål i vårt politisk korrekte samfunn: var verkeleg Maradona ein juksemakar fordi han brukte handa? Han brukte også handa i VM 1990 for å hindre at Russland scora.

I ANTIKKEN hadde ingen reagert på at Maradona fekk gudehjelp til å vinne. I «Iliaden» hjelper Pallas Athene Odyssevs i kappløp mot Aias. Ho får Aias til å snuble med andletet ned i oksemøkk som ligg på bakken. Athene hjelper Odyssevs i alle situasjonar; ho er hans dopingmiddel. Ingen finn dette moralsk forkasteleg. Dei største krigarane får hjelp av gudane, f.eks. ved at gudane stoppar ei pil som er i ferd med å treffe dei. Akilles hadde ikkje vore den største krigaren hadde han ikkje hatt ei gudinne til mor, og Zevs sin gunst. Eg stiller igjen spørsmålet: er det uærleg og uetisk av Maradona å unnskylde målet med at det var «Guds hand»? Akilles seier etter at han har bestemt seg for å bli med igjen i krigen, at han skal gje alt: «Dog, hva jeg makter med hånd eller fot og med hele min styrke.» Som Akilles vil Maradona ofre alt og nytte alle midlar, bokstaveleg tala både «hånd eller fot og med hele min styrke», for at laget skal vinne. Maradona er etter antikken sine ideal absolutt ein ekte helt. Maradona si tyding for laga han spelte for kan ikkje overdrivast. Pelé blei kåra til århundrets fotballspelar. Få vil nekte på at han fortener det, men Maradona var viktigare for sine lag enn Pelé var for sine. I VM 1962 blei Pelé skada i innleiinga, men Brasil putta inn reserven Amarildo, og vann VM utan Pelé.

SOM AKILLES møter Maradona ein Hektor, som er frå Tyskland og heiter Lothar Matthäus. Også Matthäus vann seg eit stort ry som fotballspelar i ung alder. I VM-finalen 1986 møtest dei til duell. Matthäus mannsmarkerer Maradona, som blir delvis nøytralisert, men nærveret av han er nok til at Brown og Valdano fører laget i leiinga. Tyskarane gjer ei heltemodig opphenting, men når Matthäus er utsliten, slepp Maradona fri og sender ein målgjevande pasning til Burruchaga. Men Hektor kjem tilbake. Slik Zevs let si støtte veksle i trojanarkrigen, er det no Hektor som får nyte godt av gudehjelp. I VM-finalen 1990 møtest dei igjen. Det var lenge usikkert om Maradona blei klar til turneringa. Men han er der, og ryet er framleis så stort at han blir sparka ned ved kvart høve. Akilles er halvskada og ikkje i form. Men han er der, og fører laget til finalen igjen. Etter å ha vist veikskapsteikn blir han ikkje tatt like alvorleg lenger. Veikskapen blir no hans styrke. Mot Brasil får han ingenting til; dei trur han er ufarleg og gjev han større og større spelerom, heilt til han får spelt Caniggia fri, som scorar. Det same skjer i semifinalen mot Italia. Nok ein gong får Maradona til berre eit par magiske ting i løpet av kampen, men det er nok til at Caniggia scorar og sikrar straffekonkurranse, som dei vinn. Argentina blir det dårlegaste laget nokon sinne som har nådd VM-finalen.

DET ER KLART for ny duell mellom Hektor og Akilles, og no vinn Hektor. Rollene er snudd om frå forrige VM. Men sjølv om Matthäus triumferer over Maradona i 1990, veit alle at Matthäus aldri vil bli hugsa som ein like stor spelar som Maradona, slik Hektor i korte periodar nyt godt av gudane sin velvilje, men aldri blir så stor som Akilles. Det store minnet frå ein tam kamp: Matthäus trøystar ein gråtande Maradona før han sjølv skal hente pokalen. Også i semifinalen mot England tok Matthäus seg tid til å trøyste motstandarane før han jubla over sitt eige lags siger. Slikt gjer ein ekte helt også i «Iliaden»: han syner respekt for fiendane sine, noko vi kan lære av i dag. Homer skildrar fienden Hektor med like stor respekt som dei akaiiske heltane. I dag er våre fiendar berre fiendar, det vil seie demonar, monster, dyr, Saddam, Satan, Slobodan... Nietzsche sa at ein skal velje seg store og mektige fiendar. Då blir heideren mykje større enn om vi vinn over nokon som er underlegne. Hos Homer kan fiendar vere vener. Nokon skiftar rustning midt i krigen som uttrykk for venskap! Eit minne etter dette ser vi i dag når spelarane skiftar drakt med ein motspelar, men no skjer draktbytet etter kampen.

ETTER VM 1990 opplever Maradona nye nedturar. Han blir tatt for doping, bruker narkotika, har mislukka comeback på fotballbana, blir arrestert for å skyte på journalistar. Mot alle odds greier han å kome tilbake til VM i 1994. Rykta seier at Akilles er tilbake for fullt, og det stemmer. Argentina vinn sine to første kampar; Maradona scorar og legg opp til mål. Argentina imponerer mest av alle. Men snart fell dødsloddet for Akilles: gudane vender seg frå han. Spådomen som Akilles har fått av mora, gudinna Tetis, slår til. Ho fortel han at han må velje mellom å kjempe vidare i krigen og døy med stor heider, eller å reise heim og leve lenge, men utan heider. Akilles veljer å kjempe for sitt ry. Kanskje er det same dilemma Maradona stod overfor? Han ville ikkje bli hugsa som han som tapte, og var viljug til å risikere alt for å vinne tittelen tilbake? Maradona veljer, som Akilles, å kjempe for sitt ry heller enn å leve eit langt og trygt liv utan heider. Trass i at han kan bli tatt for doping, veljer han å spele. Rett nok med tragisk resultat, for Maradona blir avslørt og utestengt. Argentina taper dei neste kampane og er ute av VM. Akilles-syndromet slår til igjen: hans uovervinnelege styrke blir lagets tragiske veikskap. Men han gav alt for laget sitt: «Dog, hva jeg makter med hånd eller fot og med hele min styrke.»

DIEGO MARADONA: Sternespelaren som var utstyrt med Guds hand liknar på Akilles, den greske helten som fekk hjelp frå gudene.