Uperfekt flinkis: Gift of Gab frå rapgruppa Blackalicious.
Uperfekt flinkis: Gift of Gab frå rapgruppa Blackalicious.Vis mer

Matemagiske talegåver

Det evige spørsmålet: Kva er viktigast, form eller innhald? Det er eit lett spørsmål som det er vanskeleg å svare klart og tydeleg på.

Det er sjeldan eg høyrer teksten fyrste gongen eg høyrer ein raplåt. Eg høyrer orda, og eg registrerer kanskje vagt kva teksten handlar om, men ikkje meir enn det. Dette kan verke lettare ironisk, for eg er sjølv tekstforfattar, og over middels interessert i gode tekstar. Men det er som regel ikkje før andre, tredje eller fjerde gongen eg høyrer ein låt at det begynner å gå opp for meg kva han handlar om. Det fyrste eg høyrer er flowet.

Ein rappars flow handlar om korleis han rappar: tempo, uttale, trykk, intonasjon, melodiøsitet; det er rappens lydlege form. Altså, alt anna enn teksten. Flowet er alle desse tinga som gjer at rap vert fattig på papir. Mange raptekstar ser direkte latterlege ut på trykk. Strengt tatt høyrer ikkje rap heime på papiret. Eller rettare sagt: Rap finst ikkje på papiret, rap finst berre som lyd. Det er lyden av språk, så det er lyd med meining. Men språket er berre ein del av lyden.

Det er klart at teksten må vere i orden viss ein song skal vere verd å høyre på i lengda. Når eg set på ein låt for andre eller tredje gong fordi eg likar flowet, må teksten òg byde på noko. Men likevel, denne enkle læresetninga viser kva som er viktigast: Du kan klare å redde ein halvdårleg tekst med eit verkeleg godt flow, men du kan aldri redde eit dårleg flow, ikkje eingong med tidenes beste tekst.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Om teksten ikkje duger som musikk, er teksten mislykka. Om du set innhaldet høgare enn forma, eller berre like høgt, så stikk og skriv noko prosa i staden, ei spalte i Dagbladet til dømes.

Såpass mykje viktigare er musikken, at eg høyrer på mange rapparar som uttrykker meiningar og haldninar som ligg langt frå mine eigne, nokre har til og med haldningar som byr meg sterkt i mot. Det opplagte eksemplet er sexistiske tekstar. Men det er heilt likegyldig om ein rappar har dei heilt rette haldningane (altså mine), viss han er ein lang gjesp å høyre på.
  
Er det så nøye kva som er viktigast, kan ikkje me berre få både gode flows og gode tekstar? Jau, for så vidt, men om ein er interessert i kvifor god musikk er god musikk, er det ei interessant problemstilling. Dessutan er det eit vakkert paradoks; at denne uttrykksforma, som i endå større grad enn andre musikkformer er ein einaste lang flaum av ord, eit stort bombardement av informasjon og språkleg erkjenning, også til sjuande og sist berre er musikk, altså lydar som rører oss.

Hos meg er denne kampen mellom tekst og flow i slekt med kampen mellom det tenkte og det følte, det konforme og det leikande — og grunnen til at eg synest at mange rapparar er for smarte til å lage god musikk. For det finst nok av veldig flinke, men også svært kjedelege rapparar. Personleg plasserer eg rapparar som Immortal Technique og Talib Kweli (dei siste femten åra) i denne båsen. Men dei luraste av dei smartaste skrur ned smartheita og finn eit passeleg leie. Dette er ein vanskeleg balansekunst, og ikkje overraskande kjem ein av dei beste balansekunstnarane frå den ofte meir melodiske og leikande vestkysten i USA: Gift of Gab er den vokale delen av Los Angeles-duoen Blackalicious.

Gift of Gab er ein av desse smartingane, og nokre av songane hans kan ligge på grensa til det for tenkte. Han er glad i gode idear og konsept, og dei filosofisk mest ambisiøse tekstane hans er ikkje hans beste. Men for Gift of Gab kjem dei litterære nikka og dei mange framandorda naturleg. Det er heilt sikkert slik han snakkar òg. Han brifar med flows, men han brifar ikkje (for mykje) med kunnskapane eller dei litterære referansane sine. Han rappar om livet, om rap, om språk og matematikk, han fortel historier, og han eksperimenterer med barnerim-liknande remser; typisk for Gift of Gab er låten «Alphabet aerobics», der han bokstavrimar seg gjennom heile alfabetet. (Sjekk Daniel «Harry Potter» Radcliffes coverversjon på The Tonight Show. Artig, om ikkje flowet er heilt stødig.) Han lagar god og morosam musikk — av ord, med mykje meining.

Men flowet kjem alltid fyrst; hos Gift of Gab er det flowet som skriv teksten. Og flowa hans er uteljelege, av og til i eit forrykande tempo, andre gongar søvndyssande roleg. Han er uføreseieleg, av og til kan han proppe litt for mange ord inn i ei linje, han tar sjansar — og gjer «feil». Slik vert lyden hans leikande og menneskeleg. Og det er slik han vert den han er: Ein uperfekt flinkis.

Gift of Gab betyr talegåver; kunsten er muntleg. Lydane har han nok notert på papir på førehand, men dei er berre ein del av stilen. Kanskje er det best å enkelt og greitt utvide definisjonen av flowet: tempo, uttale, trykk, intonasjon, melodiøsitet, tekst og meining. Innhaldet er altså ein ikkje uviktig del av forma.

Eller kanskje eg berre burde ha droppa heile denne spalta, og heller sitert den norske novellekunstnaren Kjell Askildsen. I boka «Et liv» av Alf van der Hagen, seier Askildsen: «Formen er alt! Formen er alt, men ikke nok.»

Høyr på Gift of Gab. Eg har laga ei speleliste som viser breidda i hans fantastiske flows. Om du får med deg tekstane, vil du kanskje synest at nokre av dei er nesten like pretensiøse som artistnamnet hans, men han held seg som regel akkurat innanfor. Flowet, derimot, er ikkje pretensiøst; det er musikalsk matematikk, og kan ikkje setjast på formel.