BLÅBLÅ RETORIKK: : Frp`s finanspolitiske talsmann Gjermund Hagesæter feirer skattefrihetsdagen foran Stortinget. 

Foto: Steinar Buholm/Dagbladet.
BLÅBLÅ RETORIKK: : Frp`s finanspolitiske talsmann Gjermund Hagesæter feirer skattefrihetsdagen foran Stortinget. Foto: Steinar Buholm/Dagbladet.Vis mer

Matteus slår til igjen

Fremskrittspartiet kvoterer inn sin eigen mann.

Kommentar

DENNE VEKA har Segway-regjeringa drive tautrekking med dei små tullepartia om det den klimakjeftande Trine Skei Grande kallar «utkast» til statsbudsjett. Sjøl om ånden fra Nydalen har krope inn att i flaska, er dei dømde til å bli samde. Men dei kan ikkje trøysta seg med Jan P. Syses klassikar, for når dei heng saman, blir dei også hengt kvar for seg på meingsmålingane. Mens Thorhild Widvey står i den kulturelle gapestokken.

DEN SJARMERANDE sure Siv Jensen ser det som eit fremskritt å ta frå dei fattige og gje til dei rike, mens Venstre heller vil ta frå milliardærane og gje til millionærane. Det ville letta livet for skilsmissefolk flest i Ullevål Hageby som må ha 9,2 millionar i omkampen for tilværelsen. Mens formuande pensjonistar med nedbetalte hus i mellomklassen, som får 2-3000 i vekstfremmande skattelette, kjem til å stå i kø for å investera i nye arbeidsplassar. LOL.

KRISTELIG FOLKEPARTI som er eit parti av, for og med truande, har fått sin K i religionsfaget som avlat frå Torbjørn Røe Isaksen. Men dei fekk også eit gudsord med på handelen: «For den som har, han skal få, og det i overflod. Men den som ikkje har, skal missa jamvel det vesle han har». (Matt, 25, 29). Begrepet Matteuseffekten, som blei smidd av sosiologen Robert K. Merton, er frå liknelsen om talentane, som ikkje handlar om evner og klokskap, men mynteininga talent.

Artikkelen fortsetter under annonsen

SKREDDAR- og vevarøkonomane i Finansdepartementet tvilar på resonnementet om vekstfremmande skattelette. Men dei er overstyrt av Siv Jensen som har bytta ut «deeply shocked» med «vi vet jo at». Erna Solberg har gått over frå å lova nye idéer og bedre løsninger til å «mene» og halda seg med «allment vedtatte økonomiske sannheter». Mens Fremskrittspartiets sjefsforhandlar Gjermund Hagesæter «tror» og «føler» om statsbudsjettet. Slik er blåblå retorikk før eit lenge varsla nederlag.

OFFISEREN og investoren Hagesæter, som også er bedriftsøkonom med kveldskurs, er ein artig finanspolitikar. Då det blei rulla opp hemmelige og ulovlige bankkonti i Liechtenstein, hadde han denne kommentaren: «Hvis vi ikke hadde hatt skatteparadiser og lavskatteland, hadde vi hatt et langt høyere skattenivå.»

VESTLENDINGEN Hagesæter har for øvrig søkt retrettstilling som fylkesmann i Oppland, eit fylke han ikkje kjenner. Han konkurrerer med m.a. Christl Kvam (Akademikerne og NHO) frå Gjøvik, forsvarssjef h.v. Harald Sunde frå Ringsaker og dei to innfødde og tidligare stortingsmennene Torstein Rudihagen og Aksel Hagen. For fylkesmenn er det eit underliggande balansesystem etter kjønn, partistørrelse og mellom politiske og upolitiske. Så det blir nok Hagesæter, ikkje fordi har er spesielt kompetent eller kvalifisert, men fordi han blir kvotert inn. Det er Fremskrittspartiets tur til å sikra bein til sine eigne.