Mattilsynet - ein offentleg vits?

Det handlar tilsynelatande om økonomi og symbolsaker, ikkje om dyrevelferd.

FORBUDTE LAM: Det er tidvis vanskeleg å ta seriøst eit Mattilsyn som rykker ut når kjendisveterinær Trude Mostue tek med seg to lam på fest, skriv artikkelforfatteren. Foto: Thomas Rasmus Skaug / Dagbladet
FORBUDTE LAM: Det er tidvis vanskeleg å ta seriøst eit Mattilsyn som rykker ut når kjendisveterinær Trude Mostue tek med seg to lam på fest, skriv artikkelforfatteren. Foto: Thomas Rasmus Skaug / Dagbladet Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

I sommar kjem hundrevis av kyllingar til å bli kvalt medan dei ventar på å bli lessa av norske slaktetransportar. Årsaka er at Mattilsynet har godkjent lastebilar utan skikkelege viftesystem for kyllingtransport i sommarvarmen. På same tid raser tilsynet mot Trude Mostue som tek med seg to lam på fest. Mattilsynet er i ferd med å bli ein offentleg vits.

Saken med hestehaldet på gardane Bueng og Ryeng i Troms viser oss at tilsynet opererer etter menneskelege preferansar, tilsynelatande tilfeldigheter og økonomi. Den viser oss også at norske politikarar gjer det same. Og det er ikkje den einaste saken. Eg forsvarer ikkje dette hestehaldet, men det er etterkvart underleg å følge med på Mattilsynets prioriteringar.

Det er tidvis vanskeleg å ta seriøst eit Mattilsyn som rykker ut når kjendisveterinær Trude Mostue tek med seg to lam på fest, men som let Nortura køyre kyllingtransportar der hundrevis av kyllingarfrys ihjel på veg til slakteriet utan å sette ned foten.

Det fortel oss mange historier. Eventuelt om eit samspel mellom industri og tilsyn som kanskje er for tett, og om eit tilsyn som kanskje er for feigt. Eventuelt om eit tilsyn som meiner det er greit med denne typen transport i Norge all den tid å rette dette opp, vil påføre Nortura store økonomiske kostnader. Altså handlar det tilsynelatande om økonomi og symbolsaker, ikkje om dyrevelferd. Saken med hesthaldet i Troms har nådd offentligheten, det har ikkje alle detaljane om Norturas kyllingtransportar. Det er lettare å slå ned på ein hesteeigar, enn på eit heilt landbrukssamvirke. Hestehaldet i Troms har havna i offentlighetens søkelys, men i dette søkelyset finn vi enno ikkje bilete av Norturas fastfrosne kyllingar.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer