ILLUSTRASJON: Liten MDG mot makta?  Fra "Futen" av Øystein Runde
ILLUSTRASJON: Liten MDG mot makta? Fra "Futen" av Øystein RundeVis mer

MDG og oljeeventyret

Det mest brukte argumentet mot Miljøpartiet De Grønne er at dei vil stoppe norsk oljeutvinning. Eit halvt blikk på excel-arket til AS Norge gir svaret "det går ikkje". Du kan sjølvsagt stoppe tankerekka di der, om du vil.

Meninger

 Det mest brukte argumentet mot Miljøpartiet De Grønne er at dei vil stoppe norsk oljeutvinning. Eit halvt blikk på excel-arket til AS Norge gir svaret "det går ikkje".

Ikkje minst fordi vi, ved å la norsk olje ligge, kjem til å skape ei auke i prisen på energi internasjonalt, og dermed gjere det meir lønnsomt å selge kolkraft for dei landa som selger kol. (Dette har eg frå Jon Hustad, så om det er feil så veit du kven du skal skulde på, men sidan det er eit legitimt argument mot MDG, og eg straks har tenkt å ignorere det, skal det få stå.)

For MDG kjem ikkje til å få makt til å stoppe norsk oljeutvinning. Hadde det vore så vel. Eventyret om eit Noreg som klarer seg utan olje er eit eventyr foreløpig. Men vi treng nokon som fortel det. MDG er eit vippeparti. Dei har ei einaste sak, hyler høgt om den, og tvinger dei andre partia til å seie «nei, vi HAR ei klimaløysing, og vår er mykje meir realistisk og gjennomførbar enn MDG si, sjå her, vi gjennomfører!»

Med MDG som fiende, er det kun gjennomføring som er godt nok. MDG er kongen på haugen når det gjeld drøye løfte. Dei andre partia kan ikkje love meir. Så må dei kompensere ved å levere.