Mye vil ha mer?: Sett på spissen har me utvikla ein aversjon mot Downs. Me er motivert til å få det vekk. Jo meir me sorterer no, jo meir sortering vil komma. Tematikken vil fotfylgja oss som ein skugge, skuggen kan som du veit vera framfor deg, skriver kronikkforfatteren. Foto: Shutterstock / NTB scanpix
Mye vil ha mer?: Sett på spissen har me utvikla ein aversjon mot Downs. Me er motivert til å få det vekk. Jo meir me sorterer no, jo meir sortering vil komma. Tematikken vil fotfylgja oss som ein skugge, skuggen kan som du veit vera framfor deg, skriver kronikkforfatteren. Foto: Shutterstock / NTB scanpixVis mer

Debatt: Sorteringssamfunnet

Me er ikkje meir framskredne enn dei som la ungen ut i skogen for å dø

Når politikar fattar vedtak som betrar metoden for påvising av genetisk avvik, er responsen typisk at dette fører oss eit skritt nærare sorteringssamfunnet. Hallo! Verda vil bedras. 

Meninger
INNLEGGSFORFATTER: Lilly Vinje, kommer fra Vestlandet. Foto: Privat
INNLEGGSFORFATTER: Lilly Vinje, kommer fra Vestlandet. Foto: Privat Vis mer

Helse- og omsorgsministeren godkjente nyleg blodprøven NIPT (Non Invasive Prenatal Test) som skal redusere behov for morkake- og fostervatnsprøve for gravide i risikosonen for å få ungar med genetisk mutasjon, til dømes Downs, og dermed risikoen for spontanabort som prøvane medfører.

Poenget var verken meir eller mindre sortering, eller? Pressemeldinga sa at dei som får påvist DNA-avvik på fosteret bør likevel ta dei to andre prøvane, så risikoen blir ikkje mindre for dei. Reddast den som reddast kan?

Sortering pågår, men folk vil ikkje sjå i augo denne sida av seg. Har det ei usynleg årsak, er det genene sjølv som ber oss sortera? Livmora sorterer, kromosomfeil fører ofte til spontanabort, ifølgje «Incidence and spectrum of chromosome abnormalities in spontaneous abortions: New insights from a 12-year study». På seg sjølv kjenner ein andre.

Tarmen er som ein hjerne, så kvifor ikkje livmora. Sortering er overleving. Me kan vel overleva utan å hjelpa til? Men kan me la vera? Det er menneskeleg å gjera feil.

Dei som levde i gamledagar ville vel ha kalla dagens praksis særs human, men me er ikkje meir framskredne enn dei som la ungen ut i skogen for å dø, utan tilgang på test eller abort, berre metoden er annleis. Bidrar teknologien til «ute av syne, ute av sinn»-mentalitet, kvitvasking av samvitet?

Dette er ikkje for eller imot vilja seleksjon, eg berre føler på eit hykleri når menneska sorterer, men later som dei ikkje vil det, alt mens dei tar i bruk det nyaste nye for å spora det unormale. Same vitskap som skulle redda liv blir den som fjernar potensielt liv, ja eg antar tanken var å ikkje redda kun det som ville få eit perfekt liv.

Faktum er vel at ingen er gode nok, me er kun eit steg på vegen mot noko anna, så adapt or die. Me kan ikkje vikla oss ut av evolusjonen, men du kan jo benekta den. Når menneska leikar Gud får den som ikkje får vera med på leiken smaka steiken. Ein pregnant augneblink var når det politikarar tilrettela for å fjerna, personifiserte seg framfor statsministeren: «Marte Wexelsen Goksøyr, som har Downs syndrom, [...] stoppet Jens Stoltenberg og spurte om ikke Stoltenberg åpner for et sorteringssamfunn, når han mener gravide bør få ultralyd i 12. uke».

Opptrinnet var godt hjulpe av KrF. Hadde forresten fleire hatt kvaler med bioteknologi om dei ikkje hadde følt seg som ein KrF'ar?

Tydeleg ubekvemt for politikaren som ikkje kunne dra barmhjertigheitskortet, men korleis må det ikkje vera å leva i eit samfunn der folk flest har det ok med at foster som har din sjukdom – «sjukdom» – lukes vekk. For øvrig vil eg påstå det prinsipielt sett er uviktig kor tidleg ultralyd og liknande finn stad.

Viss det ikkje spelar noko rolle korleis ungen blir, vil ein ikkje oppsøkja diagnostikk, og ein dokter sa til meg ho meinte avgjersla om abort er tatt allereie før undersøkjinga.

Uansett metode, veke, ord, poenget er å erkjenna at me sorterer, i dag. For at me skal slutta med det? Når samfunnet av rein vilje har mogleggjort sortering, kan det iallfall ikkje gi dei som nyttar seg av det dårleg samvit. Sortering er for så vidt like mykje vald som etikk, å empatisk kvitta oss med dei som vil få lav livskvalitet uansett, men alt er jo relativt. Me har ei historie av vald og ei framtid av vald.

Det er uråd å slå fast kor mykje bevisstheit speler inn, men det er moglegens litt høna og egget i forhold til evolusjon. Overstyrer me naturen? Viss ikkje genene tilseier sortering, må det vel vera moralen. Det gjenstår liksom ingenting anna, det måtte jo vera umoralen det då.

Men kanskje finst eit tredje alternativ – læring. Den utforskande biologen Markus Lindholm har skrive om biologisk konstruktivisme og kulturen i evolusjonen i «Evolusjonnaturens kulturhistorie». Det går ut på at menneska tilrettelegg omgivnaden så den passer behovet vårt betre, ikkje berre at me tilpassar oss. Samfunnsdanning er ikkje kun genetisk, me bidrar aktivt til evolusjon.

Denne nisjekonstruksjonen er ein slags kunstig seleksjon, det vil sei påverka av læring (som rett nok kan vera genetisk disponert). «Den er motivert, forutseende og pro-aktiv, og har, som så mange læringsbaserte elementer, sin rot i fremtiden». Læring determinerer – å ta skjebnen i eigne hender, å påverka seg sjølv.

Eg tar ikkje han til inntekt for noko, men sett på spissen har me utvikla ein aversjon mot Downs. Me er motivert til å få det vekk – cirka ni av ti foreldre avbryt svangerskapet viss fosteret har Downs ifølgje Folkehelseinstituttets «Nye tall om Downs syndrom i Norge».

Ville for øvrig abortraten vore komplett om menn gjekk gravide? Dette er ikkje for eller imot Downs, men jo meir me sorterer no, jo meir sortering vil komma, det (adaptivt beste) blir innlært og vedtatt. Tematikken vil fotfylgja oss som ein skugge, skuggen kan som du veit vera framfor deg.

På Høgres landsmøte er det spel for galleriet når Bent Høie ikkje vil bestemma seg no angåande eggdonasjon, og Erna Solberg seier: «Jeg vet ikke hva som er det riktige standpunktet i moderne tid». Hæ? Værer eg politisk korrektheit? Historia lærer oss at det ikkje automatisk er rett å gjera det som har blitt lov i samtida (jamfør til dømes steriliseringslova av 1934). Eg høyrte på nyhende Solberg hypotetisk/retorisk faktorerte inn sæddonasjon som ein tenkt kombinasjon.

Viss dei med makt vegrar å påverka skjebnen, skal tru om folk til slutt blir så opne at dei lar griser bli surrogatmødre? Kva skal mora då heite? Iallfall er surrogati etter mitt syn berre ein ny vri på det antikke synet på kvinna som ein behaldar i forhold til formeiring.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen! Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukas viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag.