Gode moglegheiter: Øystre Slidre Senterparti vil slå eit slag for dei gode moglegheitene ein har i distrikta, skriv Marit Knutsdatter Strand. Foto: Daniel Sannum Lauten / Dagbladet
Gode moglegheiter: Øystre Slidre Senterparti vil slå eit slag for dei gode moglegheitene ein har i distrikta, skriv Marit Knutsdatter Strand. Foto: Daniel Sannum Lauten / DagbladetVis mer

Me som bur her veit best korleis me skjøttar våre ressursar

At det bur folk i alle landets krikar og krokar gjer det mogleg å utnytte landet sine naturressursar til verdiskaping.

Meninger

Politikarar sentralt ynskjer å tekne eit nytt kommunekart i vårt langstrakte land. Dessverre gløymer dei at det er folket og ressursane som skal stå i fokus, ikkje korttenkt inntening på kutt i administrasjon og billegare drift av kommunane.

Noreg er eit variert land der folk bur både høgt og lågt, og det er eit land som er rikt på naturressursar. Det at det bur folk i alle landets krikar og krokar gjer det mogleg å utnytte landet sine naturressursar til verdiskaping. Øystre Slidre Senterparti vil slå eit slag for dei gode moglegheitene ein har i distrikta.

I Øystre Slidre er det me som bur her som veit best korleis me skjøttar våre ressursar. Me ynskjer å kunne utnytte desse endå betre til fordel for dei innbyggjarane som bur her, framfor at ein sentralisert administrasjon i ein storkommune skal skjøtte desse slik det tener borgarar langt utanfor lokalsamfunnet. Med stor lokal kunnskap har me i fleire generasjonar utvikla og foredla naturressursane våre. Slik vil me halde fram med å gjere det.

I vårt distrikt har me blant anna store areal, matproduksjon, energi, råstoff og ei utmark egna for rekreasjon, turisme og beitenæring. Alt dette har lenge vore, og er framleis, viktige ressursar for innbyggjarane. Desse verdiane vil ikkje flytte seg meir sentralt, uansett kvar eit kommunesenter ligg. Og desse verdiane er ikkje like tilgjengelege eller attraktive dersom det ikkje er eit levande lokalsamfunn som tek vare på dei.

Øystre Slidre Senterparti ser verdiane i å utvikle distrikta framfor sentralisering. Me ser potensialet i utkantane, og at dei kan utviklast betre enn i dag. Det klarar me berre dersom det bur folk der, og det meiner me dagens kommunegrense legg godt til rette for. Noreg er eit langstrakt og variert land der folk bur høgt som lågt. La dei få halde fram med det!

Lik Dagbladet Meninger på Facebook