Mecom og journalistikken

OPPKJØPET AV ORKLA MEDIA: Orklas lokalaviser må i tida som kjem tene meir pengar under Mecom enn dei gjorde under Orkla. Mediepolitikarane bør følgje nøye med på det som skjer og ha ein beredskap for å møte den venta utviklinga.

Oppkjøpet av Orkla Media er den største mediehandel som har skjedd i Norden. Mecom betalte ca. 7 milliardar kroner for Orkla Media. Det tilsvarer eit par års NRK-budsjett og ca. 20 år med pressestøtte. Avgjerda om framtida til det frie ordet i Noreg vart teken i lukka rom, berre opplyst av konsulentråd i 200 millionars klassen og med små informasjonsdrypp i form av lekkasjar i danske media.

ORKLA har vore i mediebransjen sidan 1983, og handelen skjer berre eitt år etter at Jan Lindh gav seg etter 20 år som direktør i Orkla Media. Lindh vart tilsett av og samarbeidde nært med Jens P. Heyerdahl. Då Lindh på oppdrag frå Heyerdahl kjøpte eit 30-tals borgarlege lokalaviser i Sør-Noreg representerte Orkla Media tryggleik, eit langsiktig perspektiv og industriell kompetanse. Orkla har i desse åra vore ei streng mor og oppdrege sine mange lokalavis-døtre til å bli flinke - først og fremst med pengar. Stundom har også mor fått skikk på døtrene sine så dei ikkje kom i ulukka. No ville ikkje mor lenger ha døtrene sine og sende dei i armane på ein britisk friar, rett nok med ei solid medgift inne i bildet. Kva vil friaren gjere med døtrene? Kva vil oppkjøpet ha å seie for norsk journalistikk?

Artikkelen fortsetter under annonsen

DAVID Montgomery har ein sjarmerande nord-irsk aksent, spelar piano og er gift med ei grevinne. Men mykje viktigare er det kva han har fortalt til sine långjevarar om kva planar og inntektspotensiale dei norske lokalavisene har. Han kan til dømes ha fortalt at Orkla Media har vorte bygd opp frå ingenting i 1983 til å bli det femte største medieselskap i Norden i dag. Selskapet er veldrive med sterk fokus på fellesfunksjonar, kostnadskutt og effektivisering. Men resultata ligg på under 10 prosent sjølv om nesten alle avisene er aleineaviser. I svært gode år har somme av avisene til Orkla kome opp i ca. 20 prosents marginar. I USA har ein døme på lokalaviser som har kome opp i 40 prosents marginar. Trass i at avisene i USA har gått tilbake i marknadsdelar heilt sidan 1945. Dette har vore muleg gjennom harde innsparingar og å drive billeg journalistikk av låg kvalitet. Det er altså muleg å tene gode pengar på monpolaviser, sjølv om opplaget går ned. Gjennom Montgomerys usentimentale briller er det lett å sjå at det er mykje å tene på å gjere norske aviser dårlegare. Ved å spare. Og dette har långjevarane nikka samtykkande til. Orklas lokalaviser må i tida som kjem tene meir pengar under Mecom enn dei gjorde under Orkla. Orkla hadde rett og slett ikkje selt avisene sine om prisen var lågare enn det Orkla sjølv rekna med å kunne tene på Orkla Media. Auka innteningskrav vil få innverknad på journalistikken på mange måtar. Alle som har arbeidd i små aviser veit at innsparingar sjeldan fører til meir ambisiøs journalistikk.

ORKLA MEDIA har alltid vore på kostnadsjakt og har gjort mykje for å drive effektiv. Mange funksjonar og arbeidsplassar har vorte flytta ut av dei lokale avisene og over i nasjonale sentralar der reportasjar og fellessider, data, og andre administrative funksjonar har vorte utført. Grafiske arbeidsplassar har heile tida vore utsett for innsparingar og nedskjeringar. Men det er vanskeleg å tru på at redaksjonelle arbeidsplassar vil bli freda for all framtid. Her kan avisene spare ved å bruke endå meir billeg stoff frå byrå. Dei kan erstatte gamle og høgtlønte journalistar med billege kanskje uorganiserte frilanserar eller med billeg eller gratis stoff frå organiserte og uorganiserte kjelder. Ambisiøse og usikre journalistiske prosjekt som undersøkande journalistikk kan også kuttast ned på. Spørsmålet blir kor langt ned i kvalitet avisene kan gå før publikum og annonsørar reagerer. Men har ein ingen konkurrentar å samanlikne med er det vanskeleg å reagere på andre måtar ennå seie opp avisa. Og journalistane har heller ikkje alternative bedrifter å søkje jobb i om dei skulle finne ut at dei vart innsparte eller ikkje orka meir.

NÅR DETTE blir kvardagen blir det naturlegvis endå vanskelegare å rekruttere redaktørar. I dag har så godt som alle avisredaktørar i dagsaviser redaksjonell bakgrunn. Men om den tradisjonelle redaktørrollen blir underminert og utarma gjennom endringar i innhaldet i arbeidet, endra kompetansekrav og forskyvingar i maktforholdet mellom eigar og redaktør så opnar det for ein heilt ny type av redaktørar: Siviløkonomane utan redaksjonelle skruplar. Redaktørplakaten dug ikkje som vern mot eigaren når redaktøren er ei kloning av eigaren.Men det finst to mediepolitiske virkemiddel som kan takast i bruk, nemleg momsfritaket og pressestøtta. Avisenes momsfritak kan ha ein verdi på fleire hundre millionar kroner og alle aviser nyt godt av det og dette er det største mediepolitiske riset bak speilet. Om ikkje avisene lenger fyller si samfunnsrolle kan ein spørje kvifor dei framleis skal nyte godt av momsfritaket?Ein svært liten del av pressestøtta går til Orkla Medias aviser, men einskilde små konkurrentar får pressestøtte. Det er naturlegvis hår i Orkla-suppa og Orkla har då også arbeidd for å fjerne pressestøtta. Alt i dag finst det ei ordning som gjev nystarta aviser etableringsstøtte. Ein kunne tenkje seg at denne ordninga vart utvida i lag med ei generell utviding av pressestøtta målt i kroner og at utvidinga også kunne omfatta nettaviser. På det viset kunne ein få til auka konkurranse i marknader der Orkla Media eller andre mediekonsern i dag har aleineaviser. Det er vanskelegare å gå ned i kvalitet om publikum har ein konkurrent som dei kan ty til.

PROBLEMET med slike ordningar er likevel at Mecom uansett må betale låna sine, og om den lokale konkurransen blir hardare og inntektene lågare så kan statlege tiltak forsterke spareprosessane som Mecom uansett må starte. Mediepolitikarane bør følgje nøye med på det som skjer og ha ein beredskap for å møte den venta utviklinga. Det er betre enn å kaste seg på panikkarta løysingar som å antyde lovendringar for å halde ut eigarar som ein ikkje likar. Dei komande åra kan bli meir spanande for norske media enn vi set pris på.