INTEGRERINGSMINISTER: Sylvi Listhaug med barnevogn under Fremskrittspartiet sitt landsmøte på Gardermoen i mai.
Foto: Audun Braastad / NTB scanpix
INTEGRERINGSMINISTER: Sylvi Listhaug med barnevogn under Fremskrittspartiet sitt landsmøte på Gardermoen i mai. Foto: Audun Braastad / NTB scanpixVis mer

Framtida:

Med barn som rekvisitt

Så lenge eit fleirtal i Stortinget ikkje vil stenge grensene for innvandrarar, forventar vi at integreringsministeren bruker krefter på langsiktige strategiar for auka integrering i staden for å krisemaksimere.

Meninger

Spaltist

Jarl Wåge

er tidligere lærer ved Norsk Toppidrettsgymnas, skribent og forfatter. Han vant forteller-konkurransen «Storyslam» på Rockefeller i Oslo i november 2016.

Siste publiserte innlegg

Fleire av mine meiningsmotstandarar i innvandringsspørsmål på Twitter har oppfordra meg til å lese ein tekst som stod på trykk i Finansavisen, og no også på ABC Nyheter. Han hadde visst alle svara. Og dei ville ha meg til å analysere teksten. Men «ikkje på min vanlege, nedrige måte».

I ingressen til teksten, som blikkfang, oppfordrar Sylvi Listhaug Jonas Gahr Støre til å flytte til Holmlia så han kan bu i det mange meiner er det nærmaste ein kan komme svenske tilstandar her til lands. Etter å ha lese teksten fleire gonger, er hovudinntrykket eg sit att med, nedrig eller ei, at dette er spekulativt. Artikkelintervjupropagandateksten (ein med alt) er laga med eitt mål for auget. Å skremme. Ved å teikne eit bilde av eit Noreg på veg rett utfor stupet. Kommunikasjonsrådgjevarministeren har tatt i bruk alle knepa i boka for å få fram bodskapen. Det gjer sjølvsagt alle politkarar, men denne gongen tar Listhaug det eit steg lenger enn nokon eg har opplevd tidlegare.

Ho bruker rett og slett den vesle babyen sin, Steffen, som politisk rekvisitt. Vi har sett henne tidlegare med kors kring halsen. Denne gongen er ho avbilda haldande den nye verdsborgaren sin tett inntil seg slik gode mødrer gjer. Det er ungane våre som er drivkrafta, kan ho fortelje. På grunn av dei kjempar ho denne moralske kampen sånn at Noreg i 2050, «når Steffen er 33» er eit trygt samfunn der «våre verdier er i varetatt>».

Artikkelen fortsetter under annonsen

Knapt 17 prosent av Noregs innbyggjarar er innvandrarar. I følgje Statistisk Sentralbyrå 884 000. Av desse er 150 000 barn av innvandrarar. Andre generasjon, altså. Vidare fortel SSB at ikkje-vestlege innvandrarar utgjer 9.6%, medan resten er av vestleg avstamming.

Eg er ingen statistikar og har difor lett for å ramle av lasset når andre gjev seg statistikken i vald. Men eg forstår av Listhaug at vi er på veg mot katastrofe om ryggeslause politikarar (Den verste er visst Audun Lysbakken) får bestemme innvandringspolitikken. I eit-verste-fall-scenario konkluderer teksten med at i 2070, når Steffen er 53 år (mi utrekning), vil etniske nordmenn vere i mindretal. Ein eksplosjon, altså, frå 9.6% ikkje-vestlege, som vi har i dag, til over 50% i 2070. Som dei seier i teksten: «Det vil være mange voksne pensjonister og unge muslimer her i landet.» Nok til å skremme vatnet av nokon kvar.

Listhaug har heilt rett i at innvandring kostar enorme summar. I fylgje SSB er 67,2% av etniske nordmenn i arbeid. Blant innvandrarar er talet 60,3%. Faktisk mindre skilnad enn ein ofte kan få inntrykk av i media. Likevel bekymringsfullt fordi ledigheita er høg i enkelte grupper innvandrarar. Blant anna er eit stort fleirtal av somaliske kvinner ikkje i lønna arbeid. Dei kan fort ende opp som passive trygdemottakarar heile livet. Det er ikkje bærekraftig i lengda om vi skal klare å oppretthalde norsk velferd på det nivået vi har i dag. Held det fram, vil vi måtte stramme inn på andre område..

Sjølvsagt er det òg heilt rett at vi ikkje kan ta imot ubegrensa med flyktningar. Mange av dei som er på veg til Europa i dag, er ikkje reelle flyktningar. Mange er unge menn som ser etter betre liv og mogelegheiter på andre sida av havet. Difor må vi, som Listhaug og eit stort fleirtal på Stortinget hevdar, ha ein streng politikk for å sikre at dei som slepp gjennom nålauget, er folk med reell trong til vern.

Til trass for dette kallar eg altså teksten i Finansavisen spekulativ. Listhaug har ein agenda. Dette er valkamp. Ho, som alle andre politikarar, vil oppnå størst muleg oppslutnad kring eigen politikk. Frp veit at deira sikraste kort for å skaffe veljarar, er å rope ulv, ulv når det gjeld innvandring. Og kva er meir effektivt enn å kreere eit scenario der innvandrarar, spesielt unge muslimar, er i ferd med å ta over landet. Om ikkje i dag, så i alle fall når barna og barnebarna våre er vaksne. Dette er Listhaug betre på enn dei aller fleste.

Sjølv om det er partipolitikaren Listhaug som snakkar her, kjem verken ho eller vi utanom at ho også er innvandrings- og integreringsminister. Det er ikkje ei rolle ho kan hoppe ut av når det passar henne. Ho er ein minister som berre ser problem med feltet ho har fått ansvaret for. Ho malar med brei pensel eit usedvanleg mørkt bilde av vårt kjære fedreland. Den einaste konkrete løysinga ho foreslår, er å stenge grensene. Kvar er vyene? Kvar er den målretta, langsiktige satsinga på auka integrering? Kvar er planane om å få fleire ut av trygdefella og i arbeid? Kvar er viljen til å sjå grenselause mogelegheiter, menneskelege ressursar og ikkje berre utgiftspostar?

Å, ja, då, eg veit; eg har herved kvalifisert meg til nye karakteristikkar. Det får stå sin prøve, for denne «nedrige naivisten» har ei utfordring til Listhaug: Kanskje det er ho, som integreringsminister, som burde flytte til Holmlia og komme tett på og lære sine nye landskvinner og -menn å kjenne?

Og enda ein ting. Kanskje er det ikkje innvandring som er det største trugsmålet mot barna og barnebarna våre? Kanskje er de dei menneskeskapte klimaendringane vi bør bekymre oss mest for?