TUNGT SYMBOL: Kulturminister Thorhild Widvey overtok statsrådposten iført et kors «like stort som Madonnas». Utsagnskraften i den slags symboler skal man ta på alvor, skriver Andreas Hompland. Her er hun fotografert med Knut Olav Åmås, statssekretær i Kulturdepartementet. 
Foto: Jon Eeg / NTB scanpix.
TUNGT SYMBOL: Kulturminister Thorhild Widvey overtok statsrådposten iført et kors «like stort som Madonnas». Utsagnskraften i den slags symboler skal man ta på alvor, skriver Andreas Hompland. Her er hun fotografert med Knut Olav Åmås, statssekretær i Kulturdepartementet. Foto: Jon Eeg / NTB scanpix.Vis mer

Med ljugekors på ryggen

Symbol er sterke saker som må tas på alvor. Derfor er det ikkje truverdig når det kristne korset blir snakka ned og gjort til pynt og smykke.

Meninger

SØNDAGSKOMMENTAREN: Det er jo søtt at Siv Kristin Sællmann i Sørlandsrevyen fekk eit lite kors som julegåve av ektemannen. At ho ber det som eit smykke, endrar jo ikkje på at det er eit religiøst symbol. Særlig når ho etter eige utsagn også ber det fordi det samsvarer med hennar kristne livssyn, som ho gjerne vil visa fram.

Siv Kristin Sællmanns kors har tent ein eld. Mange fryktar at deira tru skal tas ifrå dei. Det har vore like heftig som då ein skule i Drammen ville forby nissen i julefeiringa. Då rann det over av klager over snikislamisering og utrydding av kristen og humanistisk arv og tradisjon. Til det viste seg at det var foreldre frå ei streng kristen menighet som protesterte mot dette heidenske innslaget i markeringa av Jesu fødsel og omskjering.

Thorhild Widvey blir den siste norske kyrkjestatsråden. Frå årsskiftet skal ho bestyra både den lett forkledde statskyrkja, andre trus- og livssynssamfunn, medier, idrett, tipping, lotto, frivillighet og ymist anna under merkelappen «kulturminister». Men ho passa på å presentera seg med eit kors som var like stort som Madonnas, ikkje jomfru Marias, men smykket til det utagerande moteikonet Louise Veronica Ciccone.

Sjøl om Den norske kyrkja mistar sitt eige departement, til protest frå det statskyrkjelige Senterpartiet, er regjeringa folkekyrkjetyngre enn på uminnelige tider. Med Arbeiderpartiet eller Kristelig Folkeparti i posisjon, har det alltid vore ei lita handfull utanfor: Meir eller mindre organiserte fritenkarar frå DNA og frikyrkjelige frå KrF. Nå er det bare samferdselsminister Solvik-Olsen. Han er til gjengjeld antakelig den mest kristne av dei alle og held seg saman med kona til Filadelfia. Men der kan han ikkje bli fullverdig medlem, for då må han gjendøypast, og det vil han ikkje, for han meiner det må vera nok å vera døypt ein gong som barn. Så han er ein slags privatpraktiserande pinsevenn med abonnement på Korsets Seier.

Få religiøse symbol er så sterke og eintydige som det kristne korset. Det samlar til og med kristne retningar som har drept kvarandre i religionskrigar gjennom hundreåra, som ikkje kan halda gudsteneste saman, og som ikkje kan møtast til felles nattverd og eta Frelsarens lekam og blod som brød og vin.

Korset er meir enn to pinnar i kross. Det er den symbolske materialiseringa av grunntanken i kristen tru, Den Lille Bibelen, Johannes 3,16: «For så høgt elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men han evig liv». Du høyrer det i alle kristne begravelsar, og den engelske varianten dukkar ofte opp som John 3:16 på handskrivne plakatar på tribunen under idrettsstemne og andre arrangement der mye folk er samla og TV-kamera går.

Men Faderen ga ikkje bort sonen bare som ein lærar som skulle vandra rundt på jorda i tre år, vera menneskefiskar og vegvisar og spreia den glade bodskapen. Han måtte døy som sonoffer for at andre skal kunna bli frelste. Vegen til evig liv for alle som trur, går gjennom den eines pinefulle offerdød på koret. Det er ei grotesk fortelling, men sjølve kjernen i kristendommen.

Symbol er særiøse saker. Ein skal ta deira utsagnskraft på alvor. Derfor er det direkte komisk og lite truverdig når dei som elles er mest sterkt-truande snakkar ned Kristi og Kristins kors. At det bare er eit tradisjonelt accessoir som ikkje seier noe anna enn at det vil vera til pynt. At det bare er 14 millimeter og «et såpass diskret smykke», som biskop Riksaasen Dahl formulerte det. Det er som å høyra nyvakte muslimske jenter bruka den liberale argumentasjonen om at hijab og endå meir dekkande tekstilar bare er tøystykke, og at alle må få velja fritt kordan dei vil kle seg.

Espen Ottesen, sambandittanes talsmann, er ein dyktig sleiping med stor skaparkraft. Han argumenterer for korset på den fordekte måten med størrelse, pynt og tradisjon, og han spør retorisk om Sællmann er blitt meir nøytral, nå som ho etter pålegg frå sjefen har tatt sitt kors og lagt det vekk. På den andre sida trur han ikkje at det bør vera same rett for andre religiøse symbol som muslimske og jødiske hodeplagg.

For øvrig har eg ikkje møtt eller høyrt om muslimar eller jødar som er mot kristen symbolbruk. Tvert imot, men dei meiner rimeligvis at det då må vera same rett for deira religiøse symbol.

Kirkerådet, øvste organ for den tidligare norske statskyrkja, meiner det same som Ottesen. Dersom det er konflikt mellom prinsippet om lik behandling av trus- og livssynssamfunn og historiske forhold, så skal kulturell arv og tradisjon vera trumf. I vårt lands offentlighet er majoritetskyrkjas historiske primat fronta sterkast av biskop Atle Sommerfeldt i Borg og den privatpraktiserande 13. biskopen, diktaren Edvard Hoem. Ein skulle ikkje tru det om dei karane der, men mye tyder på at dei ikkje forstår at dei manglar minoritetskompetanse.

Dei klagar også over den vanhellige alliansen mellom frikyrkjelige, jødar, grekarar, muslimar og human-etikarar. Den som nå kan finna saman att i kamp mot K-en som KrF fekk inn hos dei blåblå, som ein snikevangeliserande og hegemonisk stoppeklokkeprosent i RLE, det felles skulefaget for religion, livssyn og etikk.

Stålsett-utvalet, der eg hadde gleda av å vera med, brukte mye tid på symbolske hodeplagg, og fleirtalet gjekk inn for at det skal vera fritt fram overalt i arbeidslivet. Eg hamna i eit lite mindretal saman med Valgerd Svarstad Haugland og Venstres programmatiske stjerneskot Guri Melby. Vi meinte at dette stiller seg annleis i «valgte yrkesroller med myndighet til å utøve legitim fysisk makt og domsmakt på vegne av samfunnet. Da signaliserer uniformen og dommerkappen at en opptrer på grunnlag av gjeldende lov og rett og er nøytral i forhold til særinteresser og gruppespesifikke verdier». Derfor rådde vi til at det ikkje der blir åpna for religiøse hodeplagg eller andre livssynstilknytta eller politiske symbol.

Det er forskjell på person, identitet og rolle. Argumentet om at det må overlatast til den enkelte å tolka kva som ligg i symbol dei utstyrer seg med, er jo i motstrid til symbolets vesen. Dersom ein artefakt er meint å uttrykka ein privat preferanse, er det ikkje eit symbol, men eit personlig signal som krev forklaring. Eit symbol er bare meiningsfullt berekraftig når det signaliserer noe det er brei semje om kva betyr.

Forslaget om å tilpassa religiøse hodeplagg og andre symbolske uttrykk for livssyn i domstolar og politiet, blei straks skote ned politisk. Det er jo for så vidt påfallande at NRK og TV2 frivillig løftar seg opp mellom dei nøytrale statsmaktene når dei presenterer nyheter. Dei om det, og det er diskutabelt om dei høyrer til der, men eg trur det er eit fornuftig standpunkt. Det er forskjell på Dialektriket, Migrapolis, Sportsrevyen og Dagsrevyen. Og radio er noe anna enn fjernsyn.

Om Siv Kristin Sællmann skulle setta standard for religiøs symbolbruk i offentlige rom som har vore prega av livssynsnøytralitet, er det utenkelig at det bare kan gjelda kors og andre kristne symbol. I eit mangfoldig samfunn med åpenhet og respekt for individuell tru og ulike livssyn, må det vera like rett for Loke og Tor, Kristus, Allah og alle andre gudar enn mine. Då kan dei korsopphengde som kjempar for Siv Kristins religionsfrihet, i neste runde får nyhetsanker i Sørlandsrevyen med hijab, kippa, turban og humanetiske figurar. Og det var vel ikkje det dei hadde tenkt seg, når dei får tenkt seg om.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook