Med ræva full av flows

Pip-pipaluk og hug hugge-hag. Vi spiser ketchtuhl og snustobak. Rap-rappe-hurh! Og rap-rappe-hey! This is a smash hit from all the way.

MALK DE KOIJN: Tue Track, Geolo G og Blæs Bukki. (Foto: Scanpix.)
MALK DE KOIJN: Tue Track, Geolo G og Blæs Bukki. (Foto: Scanpix.) Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

Det finst nok av eksempel på skandinaviske pop- og rock-artistar som har gjort det godt i nabolanda opp gjennom åra. Til dømes songarar som syng på sitt eige språk, men sel plater i heile Skandinavia. Men sjølv om hip-hop i dag er folkeleg og etandes for mange, og dei største artistane er store stjerner i heimlandet, kan dei tydelegvis ikkje krysse landegrensene. Blant norske hip-hopparar er det mange som høyrer på svenske rapparar, og danske L.O.C. har òg vore populær, men ingen av desse har fått eit breitt publikum. Det einaste unntaket eg kan kome på, er Timbuktu, som er stor både i Sverige og Noreg (i Danmark er han for spesielt interesserte).

Tillat meg å slå eit slag for dansk rap på norsk jord. Rap på morsmålet har ei mykje lenger historie i Danmark enn i Noreg. Den fyrste plata kom i 1988, og då eg flytta til Danmark i 1995 nådde eg akkurat starten på den andre gullalderen, om lag fem år før den fyrste gullalderen for norskspråkleg rap. Eg kunne ha skrive om dansk rap kvar gong i denne spalta og halde det gåande i eit år. Men om eg skal nøye meg med éi spalte, må det verte Malk de Koijn, verdas beste gruppe.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.