KOMMENTARER

Med sine eigne ord

Statsråd Widvey styrka sitt lågkulturelle image då ho flørta med Jens Pikenes.

IMAGEBYGGING:  Statråd Thorhild Widvey då ho flørta med Jens Pikenes. Foto: Håvard Lunøe-Nielsen
IMAGEBYGGING: Statråd Thorhild Widvey då ho flørta med Jens Pikenes. Foto: Håvard Lunøe-Nielsen Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Interne kommentarer: Dette er en kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribentens holdning.
Publisert
Sist oppdatert

DENNE VEKA har rikspolitikarane kvilt ut etter Arendalsuka. Unntaket er sjølsagt som alltid Fremskrittspartiets autoriserte libero og privatpraktiserande utvisningsminister, Per Sandberg. Han talar der både biljardkulene og gjeddene i sivet teier. «Ingen sak er for liten og ingen er for stor,» og ingen er for stor," seier TV3-kokken til Aftenposten.

Kommunetoppane i KS har overtatt den nationale scene. Lærarane, som skal læra skulebarna av med å mobba, kallar dei ekle kryp, makkar, dustar, quislingar og lobotomerte kjøtthuer. KS-leiaren Gunn Marit Helgesen står som ein stiv stake i stormen. Ho lar seg ikkje snakka til rette av bysbarnet og partifellen frå Porsgrunn, jyplingen Torbjørn Røe Isaksen. At the end of the day veit ho at når ho kjem heim til ektemannen Tor Kåsa, tidligare forhandlingsleiar i KS, blir ho nok møtt med hans legendariske replikk frå eit forhandlingsmøte med sjukepleiarane: «Du er så søt når du er sint».

ARENDALSUKA, der den snakkande politiske klassen møtes til meir eller mindre edruelig sommarstemne, framviste landets tettaste forekomst av Tesla. Ein anonym medarbeidar på Marienlyst, dei er faktisk det av og til det når det passar seg slik, vil ha det til at kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen hadde eit ufråvikelig krav til NRKs dekning: At regiavdelinga måtte sørga for å ha med ei ekstra kabel slik at K-sjefen kunne parkera ved sida av opptaksbussen og få lada opp Teslaen sin. Alle skal med.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer