HEISATUR: Seriøse, amerikanske politikarar og rådgjevarar sat, på same måte som foreldre som har latt tenåringen dra på ferie til party-øya Ibiza, med hjartet i halsen og laga skrekkscenario om alt som kunne gå galt, skriver spaltisten om Trumps tur til Europa. Foto: Pablo Martinez Monsivais / AP Photo / NTB Scanpix
HEISATUR: Seriøse, amerikanske politikarar og rådgjevarar sat, på same måte som foreldre som har latt tenåringen dra på ferie til party-øya Ibiza, med hjartet i halsen og laga skrekkscenario om alt som kunne gå galt, skriver spaltisten om Trumps tur til Europa. Foto: Pablo Martinez Monsivais / AP Photo / NTB ScanpixVis mer

Med Trump i tjukt og syltynt

Etter at kongen av vingling enda ein gong har skifta standpunkt, er det nesten så eg tykkjer synd på Trump-fansen.

Meninger

Donald Trump har vore på heisatur til Europa. Seriøse, amerikanske politikarar og rådgjevarar sat, på same måte som foreldre som har latt tenåringen dra på ferie til party-øya Ibiza, med hjartet i halsen og laga skrekkscenario om alt som kunne gå galt. Det går som regel bra med ungdomane, men Trump klarte å drite på alle drag det gjekk an å drite på.

Spaltist

Jarl Wåge

er debattant, skribent og tidligere vinner av forteller-konkurransen «Storyslam». Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

Fordelen med dei unge er at sjølv om dei går i baret (i baren), så modnast dei etter kvart og tek til vett. Det same kan ein ikkje håpe på når det gjeld Trump. Han framstår meir og meir som ein ureparerbar unge styrt av impulsar. Utan at det ser ut til å gjere så mykje.

For same kva han presterer av uforutsigbare, halsbrekkande påfunn, har han ein stor flokk med hyperlojale fylgjarar som i tjukt og syltynt tar bylgja, applauderer og jublar så det ljomar i ekkokammeret. Så kvifor endre noko når det kjennest ut som om han er på det vinnande laget?

Også i Noreg har Trump blodfans. Dess lenger ut på høgreflanken dei er politisk, dess meir aktar og elskar dei han. Han er den oransje stjerna som skin så sterkt at enkelte blir blenda og ikkje er i stand til å oppdage ein einaste feil eller mangel.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Carl I. Hagen har for lengst slått fast at han og Trump har mykje til felles. Frp-arane Christian Tybring-Gjedde og tidlegare justisminister Per-Willy Amundsen har foreslått han til Nobels fredspris. I sosiale media blir han stadig hylla som han som skal frelse verda.

På Europa-touren var fyrste stopp eit møte i NATO. Der starta han med å skjelle ut Tyskland som han meiner er fullstendig kontrollert av Russland. Mellom anna fordi dei to landa samarbeider om ei gassrørleidning. Og når Trump seier det er slik, ja, då må ingen prøve å overtyde tilhengjarane hans om noko anna. Seinare same dag, proklamerte han at han og Merkel er dei beste av vennar. Litt forvirrande, men Trump sa det, så då, så.

På NATO-møtet forlanga han pluseleg at alle medlemslanda skal doble innbetalinga til organisasjonen frå 2 til 4 prosent av forsvarsbudsjettet. Gjorde dei ikkje som han sa, kunne heile samarbeidet ryke. Slik skapte han eit inntrykk av at USA ikkje lenger er så opptekne av NATO. Og tilhengjarane tok bylgja.

Neste stopp var Storbritannia der han blei møtt av store demonstrasjonar. Den dagen han skulle møte statsminister Theresa May, blei det publisert eit karakterdrap av eit intervju med han i The Sun, der han mellom anna kritiserte henne for ikkje å ha høyrt på hans råd om Brexit. Samtidig som han idiotforklara May, geniforklara han Boris Johnson som nettopp hadde gått av som utanriksminister i protest mot May si Brexit-tilnærming. Og fansen? Ikkje eit kritisk ord.

Til og med møtet med dronning Elizabeth klarte han å surre til. Han kom for seint, helste ikkje som seg hør og bør, gjekk foran i staden for ved sida av henne. Når det blei kritisert, twitra trumpfansen om at radden (alle til venstre for Venstre) til og med blei sure for at dronninga blei fornærma.

Høgdepunktet på turen var møtet med Putin i Helsinki. I to timar sat dei tête à tête og løyste verdsproblem. På pressekonferansen etterpå presterte Trump, som nokre dagar før hevda at Tyskland var i lomma til Russland, å seie at han såg ingen grunn til at Russland skulle ha prøvd å påvirke amerikansk valkamp. Etter samtaler med Putin trudde han meir på sin russiske kollega enn FBI som etterforskar ei sannsynleg innblanding.

Det blei vel eit rabalder! Han kom ikkje heim til ovasjonar og ære slik han kanskje hadde forestilt seg. Demokratar og republikanarar var nesten unisone i si fordømming. Ei avis kalla han forrædar over heile forsida. Paul Ryan, speaker i Representantenes Hus og viktig støttespelar, gjekk ut og tok skarp avstand frå Trump og forsikra om at USA såg på NATO og ikkje Russland som sine nærmaste allierte.

Tjuefire timar etter Helsinki-stuntet var Trump på banen igjen. Presset blei så sterkt at han måtte prøve å avdramatisere bodskapen. No påstod han at han hadde snakka feil i Helsinki! I staden for «would» skulle han ha sagt «wouldn't», må vite. Eller var det omvendt? Det som eigentleg skulle ha kome ut av munnen hans, var dette: «Jeg ser ingen grunn til hvorfor det ikke skulle vere Russland.»

Ein twitrar hevda at Trump sine fylgjarar er som nyutklekka kyllingar som automatisk og blindt diltar etter den fyrste dei ser bevege seg i det dei kjem ut av egget. «Dun-nøsta» var straks på banen og forsvarte «O store leiar» då han hausta storm med orkan i kasta etter Putin-møtet. Ein meinte det bare var bra at dei to er vennar. Mange tydde til ein trumpsk «fake news» om nokon ymta frampå om at Russland var innblanda. Ein annan kalla Trump den ærlege og handlekraftige som vil skape fred i verda.

Etter at kongen av vingling enda ein gong har skifta standpunkt, er det nesten så eg tykkjer synd på Trump-fansen. Dei må bli fullstendig svimle av å prøve å få oversikt over kva presidenten til ei kvar tid står for.

No som dei endeleg hadde lært seg at dei skal heie på Russland og Putin, er det med eitt passé. Så kva skal dei seie no? At Trump snakka feil? Hæh? Ein gud kan ikkje snakke feil. Eller?

FORKLARTE SEG: President Donald Trump forklarer at han brukte feil ord under pressekonferansen i Helsinki med Russlands president Vladimir Putin. Video: CNN Vis mer Vis mer