Med vennlig helsing

Hemningsløs korrespondanse som påkaller både humring og gapskratt.

Under psevdonymet Wiggo Meyer har to fantasifulle og skriveføre menn sendt brev med underlige og hemningslause forslag og forespørslar til firmaer, etatar og kjendisar. Og dei har fått svar. Korrespondansen er til å humra av, og av og til til å gapskratta av. Særlig breva frå Meyer, Oslo 3.

Som når han skriv til Odd Roger Enoksen og inviterter ham til lunsj på Bristol («Jeg spanderer selvfølgelig») 22. april klokka 12.30, mens fru Meyer er der til sitt faste treff med venninner. Då vil ho bli imponert og forstå at Meyer ikkje er dum og manglar sosial samvittighet. Enoksen svarer at han dessverre skal til Bergen og halda foredrag akkurat då. Men han har merka seg Meyers kreative evner og foreslår at han melder seg inn i Oslo Senterparti.

Eg forstår Enoksen og dei andre svararane. Hypotese ein er at brevskrivaren er ei tru-skuldig og ærlig sjel med litt underlige idear, som ein ikkje bør fornærma. Hypotese to er at brevskrivaren er ein tulling som kanskje er ute for å lura d1øeg, og som du derfor må behandla varsamt og ikkje må sleppa innpå deg.

I begge tilfella er den beste måten å takla korrespondansen på å vera høflig og svara formelt og korrekt utan å gi seg inn i krangel. Eller senda brevet over til rette vedkomande etter fullmakt. Då gir dei fleste tullingar opp, men av og til er det jo ein som tar den høflige lillefingeren og grip fatt i heile handa. Då kan du ha det gåande. Det er ei erfaring som vi journalistar delar med ordentlige menneske.

Av ein eller annan grunn er brevboka utstyrt med eit forbrev av Thomas Giertsen. Det er kort. Med vennlig helsing:

Andreas Hompland