Medisin mot flyviruset

SAS: Svært mange yrkesgrupper i Noreg har i dei siste åra opplevd omorganiseringar dei ikkje har sett pris på. I følgje maktutgreiinga har mellom andre store arbeidstakargrupper innanfor velferdsstaten i praksis fått valet mellom anten å la pasientar og klientar lide under effektivitetsjaget, eller så må dei sjølve bere ressursunderskotet ved å strekkje seg lenger enn kva helsa deira har godt av. I ein slik situasjon stiller likevel tusenvis av arbeidstakarar opp for pasientar og yter ein ekstrainnsats trass i at arrogante leiarar ofte ikkje tar dei med på avgjerdene: Fordi norske arbeidstakarar har høg arbeidsetikk. Men for nokre sterke, høgtløna grupper er det annleis. På same vis som sjukehuslegane gjorde tidlegare, utnytta flygeleiarane si maktstilling. No har altså flyviruset spreidd seg til flygarane i SAS. Samfunnssamarbeidet føreset at vi stiller opp for kvarandre i staden for å utnytte samarbeidet omsynslaust til eigen vinning. Når nokon gir blaffen, vert vi som jamne borgarar i første omgang stilt sjakkmatt. Kan vi ikkje gjere noko?

SVARET FRÅ høgresida er auka konkurranse. Eit anna mottrekk vi som samfunnsborgarar har, kan vere på ein meir direkte måte å stille samfunnssamarbeidets sabotørar - som ikkje berre lammar samfunnsfunksjonar, men som også undergrev sjukelønsordninga - til ansvar. Til det trengst tabloidpressa. Er det ikkje på tide med nokre heimebesøk frå kritiske journalistar med mandat frå eit utmatta folk? Bør det ikkje vurderast å trykkje om ikkje bilete, så i alle fall namna på dei som stadig vert ramma av flyviruset? Om vi visste kven dei var, kunne jo naboar og kollegaer hjelpe dei med tenester for å få dei tidlegare på fote igjen. Ingen SAS-flygarar var villige til å stille i NRKs Standpunkt nyleg. For det er mykje lettare å opptre skammeleg om ein slepp å stå til ansvar for handlingane sine. Gi skamma eit andlet.