Medisinske utopiar

«Spørsmålet om det befrukta egget sin status fører til uløselege dilemma.»

Dagbladet har satt søkelyset på stamceller. Oppgitte forskarar og fortvilte pasientar kritiserer regjeringa sitt forslag om ikkje å tillata forsking på stamceller fra befrukta egg. Eit menneske med ansikt og fullt navn blir satt opp mot «noen celler i en reagensskål».

Spørsmålet om det befrukta egget sin status fører til uløselege dilemma. Medisinske perspektiv peiker i to motsatte retningar. I reproduksjonsmedisinen er det berre ein celleklump, mens i genetikken har det heile den genetiske koden som vil utgjøra viktige betingelsar for det framtidige livsløpet. I den offentlege debatten er me tvinga til å velga, men manglar kriterier. Samtidig får me ei kjensle av at det medisinske perspektivet som sådant er for snevert. Det består av biologiske funksjonar, men manglar begrep om det menneskelege som ein særeigen dimensjon. Dette produserer argument som at mennesket må plasserast i same bås som dyr, enten fordi genomet nesten er likt grisens eller fordi fosteret liknar på kyllingar i eit tidleg utviklingsstadie. Derfor er me nødt til å overskrida medisinen for å erkjenna kva som står på spill.

Gir ein det befrukta egget fullt menneskeverd, blir både abort og kunstig befruktning umoglig. Alternativet er å seia at embryoets og fosterets verdi aukar langsomt utover i svangerskapet. Men når får det fullt menneskeverd? Før eller seinare treffer me på eit menneske som ikkje kan brukast som middel. Men svangerskapet består av ørsmå overgangar. Det er nesten ingenting som skiller fostre ved termin fra dei som er ei veke yngre. Slik kan ein fortsetta baklengs i fosterutviklinga. Befruktninga er det einaste store spranget som kan tilleggast avgjørande, etisk betydning. For mange har løsninga på dilemmaet vore å seia at det befrukta egget har krav på respekt, men ikkje total beskyttelse. Men problemet er om denne respekten kan fungera i praktisk politikk.

Medisinarar har alltid brukt dramatiske middel i den offentlege debatten. Dersom politiske prioriteringar har gått imot dei, har det blitt transformert til eit spørsmål om liv eller død. Tør politikarane ta ansvaret for at denne pasientgruppa ikkje får hardt tiltrengt behandling slik at dei må leva med umenneskelege lidelsar eller dø i køar? Medielogikken forsterkar virkninga. Mennesker som har det vondt, blir satt opp mot kalde og bereknande politikarar. Uansett innsprøyting av pengar vil spiralen aldri ta slutt. Medisinen finner stadig nye og dyre behandlingar mot sjukdommar folk tidlegare måtte finna seg i som skjebne.

I det siste har strategien fått ein ny dimensjon. Nå er det ikkje berre ferdige behandlingsmetodar som blir profilert, men moglige resultat av framtidig forsking. Men for å få den rette dramatiske virkninga, hoppar ein bukk over all usikkerheten som ligger imellom. Utopien blir innløst i dag: «den dagen svenskene redder Anderssons liv i Stockholm med stamcelleteknologien» (professor Sunde) og «den dagen resultatene av forskningen kommer» (Grünfeld). Ein kan spørra om kor den vitskapshistoriske refleksjonen har blitt av. Uventa problem som viser seg nesten uløselege dukkar ofte opp, og gjennombrota kan komma i overraskande retningar. Tunge satsingar har havna i grøfta, mens uforutsette behandlingar har kome i staden. Men gjennomslaget i offentligheten blir uendeleg mykje større om ein snakkar om realitetar i staden for vyer eller drømmar.

Dette blir problemet for det befrukta eggets «krav på respekt». Det blir ikkje satt opp mot ein håpefull, men risikabel seilas i ukjent farvatn. Konkurrenten blir derimot lidande mennesker i dag: «Er noen celler i en skål mer verdt enn mitt liv?» Godtar ein premissa, må svaret bli: sjølvsagt ikkje. Men premissa består i å oppløsa den historiske realitetssansen. På politisk nivå har dette blitt delegitimert gjennom den utopiske sosialismens fallitt. Men på det medisinske feltet er kortslutninga i høgaste grad gangbar. Resultatet er at «krav på respekt» blir eit ubrukeleg kriterium i praksis. For å gi det befrukta egget berre ein begrensa beskyttelse, må ein ty til det ytterliggåande standpunktet at det er eit fullverdig menneske. Dermed blir debatten polarisert, men ikkje særleg meiningsfull. Medisin blir ståande mot religion, i ein ironisk gjentakelse av eit århundregammalt plott.

Men andre konsekvensar kan vera vel så alvorlege. Kva skjer om løftene ikkje eller berre i begrensa grad lar seg oppfylla i framtida? Kva skal ein då seia til folk kor «en viktig del av min livskvalitet er å bevare håpet om at forskerne i løpet av min levetid løser Parkinson-gåten»? Til nå har bruk av stamceller fra befrukta egg berre begrensa resultat fra dyremodellar å visa til. Det er ikkje berre eitt, men mange gjennombrot som trengst. Meir generelt ventar me ennå på helsevirkninga av moderne bioteknologi, og veit verken korleis eller kor stor ho vil bli. Utan realisme kan ein auka lidelsane til folk som ikkje får nokon sjanse til å læra seg å leva med dei. Ein mogleg skuffelse kan ramma stamcelleforskinga som ein politisk bumerang.

Grünfeld ønsker å redusera den nye debatten til det gamle abortspørsmålet: «Høybråtens holdning er et hjelpeløst forsøk på å rehabilitere KrF tjue år etter at de tapte abortkampen.» Men forskjellane er store: i abortspørsmålet står kvinna sitt framtidige livsløp mot fosterets verdi. Nå er det det befrukta egget sin status som må vegast mot ei usikker forsking sitt behov for innsatsfaktorar. Dette er eit dilemma med heilt andre implikasjonar. Det er også feil at «den religiøse retorikken har vunnet fram i andre partier». Generelt er ein på leiting etter eit språk som kan fanga den nye bioteknologiske realiteten. Men i den grad det kan sporast referansar, kommer dei minst like mykje fra opplysningsfilosofien, som er religionens historiske motpart.

Mange ønsker å forska på stamceller fra befrukta egg for å auka den generelle kunnskapen som også kan komma til nytte om ein seinare skulle satsa på å bruka stamceller fra voksne i den moglige behandlinga. Men kva vil skje om stamceller fra befrukta egg viser seg å vera det mest lovande alternativet? Det ville vera naivt å tro at ein då ville avstå fra bruken. Skulle dette bli aktuelt for utbreidte sjukdommar, kan det føra til terapeutisk kloning (dersom dette lykkast) i stor skala dersom dette viser seg å vera einaste måten å unngå at kroppen støter fra seg dei nye cellene på. Masseproduksjon vil føra til trivialisering av kloning. Dette kan senka terskelen til å prøva seg på reproduktiv kloning, eller skaping av mennesker som er genetiske kopiar av eksisterande individ. Den amerikanske debatten har vist at det alt i dag finst forskingsmiljø som ønsker dette.

Ein kan spekulera på kor mange ubefrukta egg som vil gå med i ei storskalabehandling. Berre i USA kan det dreia seg om pasientgrupper som teller nokre millionar kor kvar enkelt vil trenga eit klona egg. I tillegg kommer alle egga som vil gå med for å lukkast med ei kloning. Dette blir svimlande tall som det vil vera heilt urealistisk å skaffa til vege, dersom ikkje heile den kvinnelege befolkninga skal inrullerast i samlebåndsproduksjon. Til samenlikning finst det ca. 30000 overskotsegg fra IVF-behandling i USA.

Talleksemplet er ein logisk bakside av enkelte av dei medisinske utopiane. Derfor har det like mykje eller lite for seg som disse. Men sjølv i mykje mindre skala, retta mot avgrensa pasientgrupper, vil behandling med klona egg føra til ei massiv instrumentalisering både av kvinnekroppen og det før-personlege menneskelivet. Den kulturelle virkninga vil vera umoglig å overskua.

Eit norsk forbod mot forsking på befrukta egg handlar ikkje om å «la andre gjøre det etisk skitne arbeidet». Derimot vil det vera eit politisk signal i ein internasjonal situasjon som står og vippar, og kor forsking på stamceller fra voksne er eit reelt alternativ. Norge kan påvirka lovgivinga i ei rekke andre land. I tillegg burde historia ha lært oss at det slett ikkje er så heroisk å få «skitne hender».