Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Mehrens triumf

Nærleik og mysterium i dikt etter dikt.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

BOK: I «Anrop fra en mørk stjerne» samlar Mehren alt det beste han står for som poet i eit mest heilt gjennomført løp av ei bok. Ei omfattande mengd gode dikt er ramma inn av ein slags science fiction-legende om sivilisasjonars vekst og fall, som opnar slik:

En natt drev en mørk stjerne forbi. Noen
sa det var søvnens skip. At det var den stjernen
drømmene kom fra. Ja, at alt dette var varslet
De satt ved åpen ild. De var redde, ildskjær
flakket over deres hender som skygger fra
en barndom de måtte bryte opp fra.

Og som sist i boka slutter slik:

En natt drev en mørk stjerne forbi. Noen
sa det var søvnens skip. At det var den stjernen
drømmene kom fra. Ja, at alt dette var varslet
De satt ved åpen ild. De var redde, ildskjær
flakket over deres hender som skygger fra
en barndom de måtte bryte opp fra.

Han imponerer og overveldar lesaren ved å krinse kring det viktige og vesentlege uansett kva tema han tek opp. Det er utruleg korleis han kan gripe til kva som helst, heiser og kyrkjer, sporvogner eller nøklar, ein vegg med sundrivne plakatar i byen, eit gammalt menneske på ein gamleheim, ein flyalarm og ein fossil, ein stein eller ein elg, og skildra dette og la det gå gjennom ei kunstnarleg transformering som syg opp iseg det uendelege perspektivet av æve og død, av liding og fryd og lar oss stå att med eit levande bilete, på eit merkeleg vis konsentrert og utvidande.

Mennesket som trenger inn
i soloppgangens under, for å berøre kildene med
oppstandelsens sommerfuglvinger for ennu en gang
få være nær sin egen fødsel i livets mysterium

SmåpirkEg må tenkje på nokre ord av Alf Larsen i «Nattetanker»: «\'som om\' hele jorden var et syn!» Gong på gong slår Mehren ut sine vifter av bilete eller borer seg inn i berget av myter til han finn det gyldige og gylne stoffet som poesi er laga av.

Eg skreiv kritisk om sider ved hans førre bok, og ein hang til å kommentera og forklara. Nå har han også dikt med metapoetiske perspektiv, men dei fleste står fram som ikoner, som skinande ferdige dikt som viser fram eit bilete av oss sjølv, der me er når me drøymer, når me tenkjer, når me kjenner ømhet og skrekk.

Litt pirk og nokre tekstar å setja fingeren på, er det nok. Men dei kjem i skuggen av heilskapens glød og er fort gjort å nemna: «Vår, at det er vår, er sant» er for slapp opning på eit dikt. Og ordet «annet» verker unødvendig i «Ethvert dikt er omgitt av / et annet større dikt». «Du bleke natt» blir som eit ekko av fyrtiotalismen og dikta «Stært» og «Sluppet ut» stikker seg ufordelaktig ut mot samanhengen dei står i. Av dei sju meditasjonane er det bare fem som løfter stoffet opp mot poesiens uttrykk, «Meditasjon over fysikk og poesi» og «Meditasjon over subjektet» vert ståande som essayistisk knekkprosa.

Sånn! Resten er vesentleg dikting om viktige ting.

FuglerOg me snakkar her om ei diktsamling på 150 sider, med sterke formuleringar som bare følgjer og følgjer etter kvarandre i ein straum av inderlege og lysande dikt. Også meditasjonane over kva som er verkeleg, over sjela og over historia er inntrengjande i si sirkling kring sitt tema og sin vilje til å ikkje seia det som ikkje kan seiast.

Og sjå kor vakkert han i slutten av diktet «De nordiske fuglene» skriv om eit så utterpa tema for dikting som fuglesong:

De synger og synger
som om vårnatten har
skåret hjertene deres
ut av dem og lagt igjen
en liten skarp krystall
til å glitre i, der inne
i det åpne levende såret

I denne boka finn me Mehren slik me kjenner han frå dei beste dikta langt attende, og dei store mektige dikta han har levert dei seinare åra, men her er òg den type dikt det har vakse fram glimt av i dei siste bøkene, ein nærare, personlegare kvardagspoet som med eit litt ironisk blikk på seg sjølv kan utlevere oss alle til oss sjølv.

For denne boka kan gjerne Mehren få alle prisar som helst, men han treng eigentelg ikkje nokon pris. For denne boka prisar livet og poesien på ein måte som er ei lykke for alle som får ho i hendene. Det er meir og større enn det meste.

Av og til blar jeg gjennom
LP-platene mine. De er så gamle
at alle og enhver kan høre
at jeg er fra et tidligere århundre.